Gå til innhold
Arkivverket

[#80681] Udøpte barn


Gjest Knut Sandblost
 Del

Recommended Posts

Gjest Geir Tverå

Jeg regner med at det er den teologiske problemstillingen du vil ha avklart. Du får se om du finner noe som besvarer spørsmålet ditt her: http://no.wikipedia.org/wiki/Dåp under avsnittet om bloddåp og lengselsdåp ('Når det gjelder barn som døde uten å ha blitt døpt, kan ikke Kirken gjøre annet enn å overgi dem til Guds miskunn...')

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Vi måtte nesten ha lovteksten for å svare på kva dei 'skulle'.... Praksisen kan vi delvis lese frå kyrkjebøkene.Det vi ser, både på 1700-talet og seinare, er at ein del dødfødde vert jordfesta. Men det må vere alt for få som er innførte i kyrkjebøkene (truleg 5-10% av fødde; i 1930 var det 2,6%). Det kan kome av at presten ikkje såg grunn til å føre dei inn. Dei skulle likevel ikkje konfirmerast, giftast osv. seinare.Fram til så seint som på 1970(80?)-talet var det vanleg å legge dødfødde anonymt i kista til ein tilfeldig avdød. Då vart dei jordfesta saman. I nokre tilfelle er det ført inn i kyrkjeboka.Geir (5) har fanga opp prinsippet i Kyrkja sin teologi for småbarn som døyr udøypte. Dersom du finn dei i gravferdslistene på same måte som andre, utan nokon særskild merknad, er dei nok jordfesta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Om det teologiske kunne det sikkert vere ulike meiningar, men dei som brukte Pontoppidans 'Sandhed til Gudfrygtighet' lærte i spm 663:Fordømmes de smaa Børn, som tilig bortdøe, og ey blive døpte? Ingenlunde, thi de foragte ey, men miste et Naade-Middel, som Gud vel har bundet os, men ikke sig selv til, da han ogsaa uden Daab kan gjøre salig. LenkePraksis viser at ein del udøypte barn er førte blant dei døde i kyrkjebøkene. Eg har ikkje sett at dei har vore førte blant dei dødfødde, noko som kunne ha vore eit alternativ. Men det finst kanskje ein instruks for kyrkjebokføring som kan klargjere dette?Når det gjeld arverett og liknande økonomiske forhold, kan eg ikkje forstå at dåp kan ha hatt betydning etter norsk lov.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(8) på akkurat dette punktet trur eg ikkje det er inhaldsmessige nyansar mellom Martin Luther, Pontoppidan og norske lutherske prestar i dag, sjølv om språket er annleis. Det kan einast vere i synet på rettleiing/tukt av dei voksne som forsømte å få barnet døypt.Frå 1877 vart retelverket teke inn fremst i kvar kyrkjebok, t.d. her : [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5293&idx_id=5293&uid=ny&idx_side=-4>Lenke (i eldre bøker fann eg ikkje reglane).Denne tråden frå Slektsforum kan vere eit apropos:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.