Gå til innhold
Arkivverket

[#80741] With - Width - Withe-slekta på Nordmøre


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I 1870 var det nokon som laga eit oversyn over opphavet til Sættemsætta på Nordmøre. Diverre er det berre initialane til vedkommande som er kjend. I 1936 fekk direktør, Odd O. Sættem denne historia trykt i 17 nummererte eksemplar og det er nr. 17 av desse eg har fått tilgang til.Framstillinga er vel ei blanding av 'fleip' eller fakta og må takast for det det er, ei historie som høgst truleg er bygd på slektstradisjonar i ætta, supplert med litt enkelt kjeldetilfang.Det som mest fenga interessa mi i framstillinga er ei teikning av våpenskjoldet til Width-ætta. Dette skal ha vore henta frå ei altertavle som Sebastian Width hadde gjeve til Stangvikkyrkja. Det skulle også ha vore eit portrett av Sebastian og kona på altertavla.Det eg da lurar på er om nokon har vore borti liknande motiv nytta på våpenskjold (skotsk?), eller om liknande våpen er ukjend i dag. Motivet på skjoldet er to kvite duer og ein bikube.

bilete10017.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan I. Borgos

Nils Bastiansen With kom til Vesterålen for å hjelpe si tante Margrethe With da mannen hennes, prosten Nils Brønlund, døde i 1722. Etter hvert begynte Nils With å kalle seg Nils Brønlund, blei jekteskipper, og er opphav til ei tallrik etterslekt i regionen. Men om dette våpenet er kjent stoff for dem, tviler jeg på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ja det stemmer at Nils Brøndlund Bastiansson With kom til tanta og onkelen i Hassel. Eg meiner elles å ha lese ein stad at Nils Bastianson kom til Vesterålen som liten og at han vart oppfostra hos onkelen og tanta.Ættegarden til Bastian Mikkelsson Sættem With var i ferd med å gå tapt for denne greina av With-ætta, og i 1712 kjøpte Nils Andersson Brøndlund garden attende og skjenka den som ei gåve til svigerforeldre, Bastian Mikkelsson Sættem og kone Beate Antoinette Irgens. Nils Bastiansson With var født i 1711, så kanskje det var ei slags form for 'menneskehandel' som gjekk føre seg den gongen?Denne Bastian Mikkelsson With på Sættem var elles soneson til den Sebastian (Georgsson) With som gav den tidlegare nemnde altertavla til Stangvikkyrkja. Denne første Sebastian var gift med Ingeborg Audunsdotter av Aspaætt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan I. Borgos

Det er godt mulig at Nils blei fostra opp på Hadsel prestegård etter at den eineste kjente sønnen til presteparet døde i 1710. Oppfostring kan forklare byttet av slektsnavn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.