Gå til innhold
Arkivverket

[#80797] Hermund Nilsson Kalhagen, fødd i Hafslo 1751 - hamna han i Øens sokn i Askvoll?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ein Nils Kalhagen, som eg førebels ikkje har identifisert, fekk to born i Hafslo, og so forsvinn han like brått som han var komen. Borni var:* Martha Nilsdotter, døypt i Hafslo 12.2.1747* Hermund Nilsson, døypt i Hafslo 29.9.1751Eg ser av FamilySearch at ein Hermund Nilsson gifte seg i Askvoll 3.7.1779 med ei Siri Sjursdotter, og i 1801 bur denne huslyden på Teige i Øens sokn, Askvoll (Hyllestad?):~~~~~~~~~~~~Herman Nielsen Huusbonde 45 B. i 1. ægt. B. og gaardbr. MSiri Siursd Hans kone 40 B. i 1. ægt. KNiels Hermandsen Deres børn 15 MHans Hermandsen Deres børn 7 MMagdelie Hermandsd Deres børn 18 KAnne Hermandsd Deres børn 14 KMari Hermandsd Deres børn 5 K~~~~~~~~~~~~Kan dette vera same Herman som han som var fødd i Hafslo?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Eg har ikkje så mykje å fare med på morgakvisten, men litt som kanskje kan hjelpe til i jakta vidare.Teige ligg heilt riktig no i Hyllestad.Her er giftemålet ført i kirkeboka (den første reg. i juli) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Kronologisk liste 1779, side 30-31. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8597&idx_id=8597&uid=ny&idx_side=-16>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei og god morgen Lars,Den yngste dottera til dette paret (Mari/Marie) g.m. Bendik Karlsson Risnes (Hyllestad) flytte (ein gong etter 1835) til Hersvik og derfor har eg allereie vore innom desse folka.Eg har registert Herman/Hermund (d. 28. Aug 1828 på Teige) som son av Nils Lassesson frå Asheim (Brekke) og kona Magdeli Klusdtr. frå Indre Takle (Brekke) som flytte til Storaker (Hyllestad), og eg ser at eg har Herman/Hermund som f. 7. Feb 1753.Eg meiner eg har sjekka dette opp mot både BB for Brekke og Hyllestad (eg har alle desse bøkene og kan evt. sjekke dette ein gong til i kveld).MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.