Gå til innhold
Arkivverket

[#80998] MR: løytnant Jakob Krei, skifte i 1678, Surnadal, Utistua, etterkomarar


Gjest Ann Helle
 Del

Recommended Posts

Hans Hyldbakk: Gards- og ættesoge for Surnadal Band III, s. 383, under garden Utistua.Sitat: ' I 1678 vart det halde skifte på Sjøflott etter ein løytnant Jakob Krei og kona hans Malena Jensdotter. Borna deira var Jens, Fredrik, Anna, Marie, Dorthe, Susanne og Karen. Desse folka må truleg ha vore i Utistua, for i buet er nemnt både krøter og gardsreidskapar, forutan mykje sølv og andre verdisaker. Namn som Marie og Karen går ellers att seinare på garden og.'Er eg så heldig at det er nokon som kjenner til kven desse borna vart gifte med og evnt. etterkomarar?Håpar på mange svar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk til Berit!Har sett det før at O. Ovenstad ikkje har fått med seg alle, han skriv litt om det i Innledninga til boka si. I tidlege tider var ikkje hæren så godt organisert, så det er sikkert ei forklaring på det.Her søkjer eg primære å finna etterkomarar, og det er nok ikkje så lett det heller. Slik eg tolkar Hyldbakk, så antydar han at døtrene Marie og Karen kan ha blitt gifte i område, slik at dei namna går att på garden, uten at han har funne bevis.Mitt håp av om det er andre som har funne noko, etter at Hyldbakk skreiv si bok.Eg håpar framleis. Mvh Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten,

Ann Helle!Innlegg 1: Her har Hyldbakk kome i skade for å skrive feil namn, det rette skal vera løytnant Jacob Hay eller Haj, som er nemnt på Sjøflot i 1674. Henrik Just Krej var busett på offisersgarden Øye, Utigard kring år 1700.Mvh. -endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten,

Innlegg 4 - noko meir om Haj.Løytnant Haj var offiser i kaptein Balles kompani. Han var gift med Malena Jensdotter Lang, og ved skiftet etter løytnanten 28. august 1677 arva dei etterlevande 440 Rdl. Olve Reiersen på Hamar trur Haj var f. ca. 1592 på Caithness i Skottland, og kom til Norge med Sinclair i 1612. Av borna hans kjenner ein til sonen oberstløytnant Alexander Haj som fall i eit slag ved Pressburg i Bratislava ca. 1682. Sonen Jacob Alexander var g.m. Anna Catharina Christensdotter og budde på Bergfall i Aure 1680. Begge døde samme dag i 1751 seier kyrkjeboka for Klæbu.Mvh. -endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten,

Innlegg 4 - noko meir om Haj.Løytnant Haj var offiser i kaptein Balles kompani. Han var gift med Malena Jensdotter Lang, og ved skiftet etter løytnanten 28. august 1677 arva dei etterlevande 440 Rdl. Olve Reiersen på Hamar trur Haj var f. ca. 1592 på Caithness i Skottland, og kom til Norge med Sinclair i 1612. Av borna hans kjenner ein til sonen oberstløytnant Alexander Haj som fall i eit slag ved Pressburg i Bratislava ca. 1682. Sonen Jacob Alexander var g.m. Anna Catharina Christensdotter og budde på Bergfall i Aure 1680. Begge døde samme dag i 1751 seier kyrkjeboka for Klæbu.Mvh. -endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk til deg Endre!Spanande med Jakob Hei, og Sinclar. Har slått opp i Leksikon, der står det om Georg Sinclar, at han fall ved Kringen 26. aug. 1612, så Jacob Hai var ikkje gamle karen då han kom til Romsdalen.Det var to grunnar for at eg starta denne debatten. Ein er at eg strevar med gotisk skrift i kyrkjebøker ol. Grunn to; i debatt 78011 Lenke Leitar eg etter anene til Josva Chritoffersen. Der har eg fått hjelp av Aud (43) og komen fram til Christopher Gammelgård og Anne Jakobsdtr.Jakob Hei har ei dotter som heiter Anna, om eg var heldig så kunne evt ho ha eit 'oldebarn' som heitte Anne Jakobsdtr. og som kunne passa inn blant mine aner. Har ikkje høyrd nokon historie om skotsk blod blant mine forfedrer, men kven veit?Kjenner du evt til om det er ein gard som heiter Gammelgård?Mvh Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.