Gå til innhold
Arkivverket

[#81091] Kåre Erdal, Barstadvika i Ørsta Sunnmøre


Gjest Gunnar Sødal
 Del

Recommended Posts

Gjest Gunnar Sødal

Eg er på leiting etter opphavet til Kåre Erdal f.3.10.1902 i Barstadvika i Ørsta kommune. Mora heitte Ellen Erdal og det er alt eg veit. Kan nokon hjelpe meg med far og eventuelle beste og oldeforeldreMvh Gunnar S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Elen si mor var, ifylgje Bygdebok for Ulstein og Hareid, Elisa Rasmusdotter Rise, f.01.05.1944 og død 26.11.1933. Ho var fødd på garden Nedre Rise i Hareid. Her er ein wiki-artikkel om den kjende tvillingbroren Rasofiel Rise. [url="http://nn.wikipedia.org/wiki/Rasofiel_Rise>http://nn.wikipedia.org/wiki/Rasofiel_Rise Ho vart døypt Kristianne Elisa. I folketeljinga i 1965 er ho berre kalla Lisa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Elen Andrea vart som tidlegare nemnt fødd 31. juli og døypt 5. oktober 1873. Far hennar var Elias Olson Erdal frå garden Erdalen på Vartdal i noverande Ørsta kommune (men dåverande Hareid sokn i Ulstein prestegjeld). Han vart fødd i 1843, gifta seg 25. oktober 1872 med førnemnde Elisa Rasmusdotter Rise, og drukna saman med to andre på heimreise frå Ålesund 3. september 1873 - altså medan dottera Elen Andrea berre var knapt fem veker gammal. Dei budde då på Gråtane på Hareid.Elias sine foreldre var Jakobine Eliasdotter f. Hareide (1820-1882) og Ole Andersson Erdal (1812-1852). Dei budde i Erdalen, hadde fire born, og Elias var nest eldst. Det høyrer kanskje med til soga at også Elias sin far, Ole A. Erdal, drukna: Han hadde vore nede i Barstadvika på eit møte 16. september 1852, og på heimvegen reid han over Erdalelva fordi regnflaum hadde øydelagt brua. Ole fall av hesten i mørkret og forsvann i elva.Mora Jakobine gifta seg opp att med Hans H. Årskog frå Årskog på Vartdal, og det var desse to som dreiv Erdalen ved den førnemnde folketeljinga i 1865.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

For å supplere litt til: Foreldra til Elisa Rasmusdotter Rise var Rasmus Rasmusson Rise (1809-1888) og Ragnhild Knutsdotter (1807-1858) frå Gjerde i Hareid.Foreldre til Jakobine Eliasdotter var Elias Knutson Rise (1796-1860) og Ingeborg Endresdotter (?-?). Elias var frå bruksnr 5 på Nedre Rise. Akkurat som Elisa Rasmusdotter. Dei var også i slekt med kvarandre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Far Fridtjof, jf. (2) og (3), må vere Fridtjof Olson Teigene, Hareid, som vi finn att i bygdeboka (Ulstein og Hareid) b.5 s. 253, f. 1875 -d.1915, g.1903 Oline Isaksd. Hareide. Foreldra hans på s. 451 (Teigane), Ole Johannesson Teigene og Ane Marie Fredriksd. Sørset frå Kvernes på Nordmøre. Ole sine foreldre på Teigane, far frå Kyrkjebø og mor frå Ryssevoll, Borgund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.