Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#81168] Kapt Birger Larssen, d. i krigsforlis 1940, b. Minde i Fana el Hagavik i Os?

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Styrmann, seinare skipsførar Birger Larssen, f. 07. august 1874 i Bodø, gifte seg den 27. juli 1897 i JK, Bergen; med Hanna Caroline Hansen. Birger Larssen var son av skipsførar Ludvig Larssen i Bodø og Hanna Hansen var dotter av skipsførar Hans Ananias Hansen i Bergen.I 1924 bur dei i Prof. Hansteensgt. 29 (Bergens adressebok). Kaptein Birger Larssen omkom den 18. juli 1940 i krigsforlis då ''D/S Gyda'' vert torpedert i rom sjø av ein tysk U-båt medan båten er på veg frå Glasgow, Skottland, UK; til Bathurst, New Brunswick, Canada. Han er omtalt i bokverket 'Våre Falne':[url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=vaarefalne3&sideid=113&storleik=>LenkeDer står det at skipsførar Larssen var b. i Fana, og då enkja hans d. i juli 1948 bur ho på Minde i Fana.LenkeMen så kjem det som forvirrar: I følgje databasen 'Døde i Os 1885 - 1973' var den same kaptein Larssen busett i Hagavik, Os, då han forliste.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Gangdal

Kaptein Birger Larsen busett i Hagavik 1940. Hanna Karoline Larsen busett på Minde i Fana 1948.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Takk for svaret.Opplysninga i ''Våre Falne'' om at Birger Larssen budde i Fana er altså _feil_, og kyrkjeboka for Os er rett. Medan Fana er korrekt etterkrigsadresse for enkja hans, Hanna Karoline.Nytt spsm.: Finnest det informasjon om _når_ kaptein Birger Larssen meldte flytting frå Bergen til Os, til dømes i ei kyrkjebok eller eit kommunalt register? Dersom Larssen og kona framleis budde i Professor Hansteensgate på Møhlenpris på 1930-talet, så tilhøyrde dei vel då Johanneskirkens sogn, eller tar eg feil?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til innlegg (3):Eg veit at det finnest mange årgangar av Bergens adressebok, men - ifølgje Bergens offentige Bibliotek er mange av desse ikkje til utlån. Difor, kanskje SAB kunne gjera oppslag i eksempelvis årgangane 1932/33, 1936/37 og 1939/40 og leita etter omtalte sjøkaptein Birger Larssen? For dersom han er med i adresseboka for 1933, men ikkje den for 1936 så veit eg sånn omtrent når han flytta ut av Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.