Gå til innhold
Arkivverket

[#81196] Maren Christine Jacobsdotter (reisande), f. Vik 1845 - Austevoll i 1865 -lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Mari Pedersdotter Solvorn av reisande frå Hafslo (fødd 1821) og omreisande vevskeibindar, seinare husmann Jacob Pederson (Liseth) på Hamni i Davik (1810-1880) fekk tre born i lag:* Petter Jacobson (1841-1922), strandsitjar Solvorn i Hafslo - stor etterslekt* Sarina ''Serene'' Jacobsdotter (1843-1927), vart gift med sjømann og lausarbeidar Trond Eriksen i Bergen 81838-1894) - stor etterslekt* Maren Christine Jacobsdotter, fødd i Vik i Sogn 28.10.1845, vart konfirmert i Hafslo i 1862 og var i 1865 ugift budeie hjå landhandlar Gerhard Meidell på Vestre Bagholmen i Austevoll (Sund) - KVA SO???Eg kan ikkje sjå at Maren gifte seg i Sund mellom 1865 og 1880, og heller ikkje fekk ho born der. Kvar kan ho ha vorti av?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg er heilt mållaus! Hjarteleg takk til Carsten for ei kjempemessig oppdaging! Eg forstår ikkje korleis du greidde denne, men det er jo heilt sikkert rett person!No spørst det om lagnaden til dette parfolket kan følgjast vidare...? Mannen Nils Andersson ser ut til å vera frå Fjell (Sotra?). Kan det vera denne Nils Andersson, fødd 1851: [url="http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1246&kenr=002&bnr=0060&lnr=00>LenkeFarsnamnet stemmer i alle fall:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nytt spennande innlegg!Det var nok han som døydde i Bergen i 1887. Dødsmeldingi syner at enkja heitte Christine, og han let etter seg ei umyndig dotter (Lenke).To døtrer er fødde i Bergen med foreldre Nils Andersen og Kristine Pedersen/Jakobsdotter:* Olga Serenne, fødd 10.4.1881* Elisabeth Marie, fødd 27.8.1883Eg finn at Elisabeth Andersen døydde i Bergen, men ikkje før 19.2.1892, so då mo ho vera den dotteri som levde i 1887, men noko dødsfall for Olga finn eg ikkje...Eg finn heller ikkje huslyden i Bergen 1885!Kvar vart det elles av Maren Christine, mon tru...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til namnebror Lars J. for flott oppklaring! Det er ikkje alltid so enkelt å halda tunga beint når me har å gjera med so mange med like namn...Då sit me att med eitt spørsmål her:* Kvar vart det av enkja Maren Christine ''Christine'' Andersen etter 1887?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

WOOPS!Eg har oppdaga at ''almisselem'' og enkje Kristine Andersen, fødd i Solvorn 28.10.1845, var busett i Granesmuget 2 i Bergen både i 1910 og i 1912. Fødestaden er jo feil, men det er heilt sikkert ho!Mori Anne Marie Johannessen, ''dyrlækjarenkje'' og almisselem, døydde same staden 2.3.1909!Kanskje fattigvesenet har fleire opplysningar om desse folki?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Etter at Yngve Nedrebø fann dødsmeldingi til Marie Christine Andersen som døydde i Bergen 10.9.1937, syner dette seg vera ''vår'' Christine (Kristine) og problemet er soleis løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.