Gå til innhold
Arkivverket

[#81242] Kvar og når døydde Niels Hagerup, sorenskrivar i Moss frå 1717, og kona Sophia?


Gjest Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

Gjest Erling O. Hagerup

I Moss bys historie, bd. 2 s. 65, er det opplyst at Niels Hagerup var sorenskrivar i Moss frå 1717 til 1738. Han var også auksjonsdirektør i Moss. Dei siste sikre opplysningane som eg har funne om han, er at han er nemnt i ekstraskatten 1762 (og 1765) i Moss. I 1765 var han ca 74 år og må ha døydd ikkje så mange åra seinare.Slik eg forstår det opplyste i Moss bys historie bd. 2 (opplyst ved namnet hans i personregisteret s. 416), døydde han i 1774. I kyrkjeboka for Moss og fleire andre prestegjeld i Østfold har eg ikkje makta å finne dødsfallet hans, og heller ikkje dødsfallet for hans kone nr. 2, Sophia Elisabeth Hübsch. Eg prøver difor med dette om det er nokon som kan hjelpe meg med desse opplysningane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Thorvaldsen

Sorenskriveren ble gravlagt i Moss 1-6-1773 og Sophia Elisabeth Hubsch (Holst) ble gravlagt i Moss 30-1-1788 (Moss min. 1-2)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Takk for god hjelp!Sophia Elisabeth (”Madme Hagerup Sorenskriver Enke”, fann eg no utan problem.[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7514&idx_id=7514&uid=ny&idx_side=-92>LenkeDerimot maktar eg enno ikkje å finne sorenskrivar Niels Hagerup. I ministerialboka nr. I 2 (1753-1779), s. 235, (dato 01.06.1773) finn eg: ”Sorenskriver Haderup”, men ikkje Hagerup. Eg har gått ut frå at dette var sorenskrivar Svend Christian Haderup (sorenskrivar i Moss 1762-1773). Er det noko eg har oversett her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Sophia Elisabeth døydde som enke i 1788. Ekstraskatten 1762 viser at Niels Hagerup levde då. Han må difor ha døydd i tida 1762-1788. Men eg kan ikkje finne gravferda innført i kyrkjeboka for Moss i dette tidsrom. Då er vel atternativa: (1) Presten har gløymt å føre inn gravferda. (2) Han døydde i eit anna prestegjeld enn Moss. - Eit tredje alternativ er kanskje at han dødde ved ei hending som ikkje medførte kyrkjeleg handling (gravferd)- t.d. at han kom vekk på sjøen?Eg finn heller ikkje skifte etter han eller Sophia Elisabeth.I Moss historie, Bd. 2, s. 416 (personregisteret) er Niels Hagerup ført opp med slik levealder: rundt 1700-1774. Eg undrar på kva som måtte vere kjelda for årstalet 1774.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.