Gå til innhold
Arkivverket

[#81282] Linus Nordvik (1898-1933) - eit problem i Halsa/Aure/Tustna på Nordmøre?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gravferdsregisteret til DIS-Noreg syner at:Linus NORDVIK 1898-1933ligg gravlagd på Gullstein kyrkjegard i Halsa sokn i Aure på Nordmøre.Skyldfolk omskriv han som busett i TUSTNA!Han var gift med Margit Johanna Johannessen, fødd på Nord Arnø i Gildeskål 28.2.1902. Dei fekk fem born i lag, og som enkje flytte Margit til Oslo der ho døydde 22.10.1967.Eg ser at førenamnet Linus er ein del nytta på Nordmøre, men eg er ikkje i stand til å identifisera Linus Nordvik, og det ser ut til å mangla skanna kyrkjebøker for Halsa/Tustna/Aure for 1920-åri då dei fleste av dei fem borni bør vera fødde...?Er det nokon med lokal kunnskap som kan bidra med fleire opplysningar om denne huslyden? Eg ønskjer å skaffa greie på:* Fullt namn til Linus Nordvik?* Dato og stad for fødsli hans (1898)?* Kven var foreldri hans?* Dato og stad for vigsli hans med Margit Johanna Johannessen?* Dato og stad for dødsfallet hans (1933)?* Yrket til Linus?* Den nøyaktige bustaden deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dåpen til Linus i 1897, sønn av ungkar og sjømann Nils Hansen fra Nordvik, Stangvik, og pige Lina Hovliksdatter fra Tustna - Møre og Romsdal fylke, Tustna i Halsa, Ministerialbok nr. 577A03 (1880-1898), Fødte og døpte 1897, side 98. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6396&idx_id=6396&uid=ny&idx_side=-100>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!Eg trur so sanneleg du har skote ''blink'' med den siste! Men finst han som konfirmant nokon stad? Eller gift?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Heisan, dei siste to innleggi kom, medan eg arbeidde med mitt! Dødsfallet til Nils og gravstaden hans burde vera prov gode nok for at dette er rett huslyd!Men kvar er kyrkjebøkene for 1900-talet?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Om Linus og familien står det ganske utfyllande i Roaldset, O. 1986. Tustna Bygdebok B II s. 250 - 251, samt om foreldra på side 396 - 397 i same boka.Familien budde på Åheim under garden Sandvik litt nord for Leira på Tustna (Sjå til dømes Gislink!). Linus miste livet under skogsarbeid i 1933 skriv Roaldset. Det var 5 born i familien, nemleg; a) Borgny Karin f. 1926, b) Nils Leonard f. 1928, c) Leif Magnar f. 1928, d) Annbjørg Margrethe f. 1930 og Lene f. 1933.I følgje Roaldset var far til Linus, Ola Botnegård frå Bjugn i Sør-Trøndelag. Linus var altså ein son som Lina Karoline Larsdotter Teigen under Indresæter på Tustna hadde før ho vart gift med Nils Hansson Nordvik f. 1870 i Stangvik. Lina var f. 14.07.1876 og var dotter til Lars Andersson Sæter f. 1825 i Meldal og kone Kornelie Hovliksdotter Todal frå Aure f. 1823.Linus hadde mange halvsysken og ein god del av etterslekta til desse hamna i Bærum og nokre i Kristiansand. Slekta vart uvanleg mykje spreidd også andre stadar kringom i landet.Kan jo tilføye at bygdeboka seier at Margit Johanne Johannesdotter var fosterdotter til Bertheus Benonisson Våg frå Gildeskål og Karen Hansdotter Hylla under Sandvik på Tustna. Det var dei som hadde Åheim før Linus og familien overtok.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Finn for eit spennande innlegg!Men eg er litt i stuss om korleis eg skal tolka dette? Er det so at den Linus som var fødd 12.5.1897 (sjå innlegg #4 over) som son av Lina HOVLIKSDOTTER, er den same som den Linus Nordvik som ifølgje gravstøtta var fødd i 1898 og som ifølgje siste innlegget ditt var son av Lina LARSDOTTER og Ole Botnegård frå Bjugn?Eg oppfattar det vidare slik at det var Margit Johanne som voks opp på Åheim under Nordvik der ho og Linus sidan budde, men kvar voks då Linus opp?Kva yrke hadde Linus Nordvik?Er det mogeleg å få greie på dato og stad for vigsli til Linus og Margit Johanne?Og kva med ein nøyaktog dato (og stad) for dødsfallet hans i 1933?Eg takkar igjen for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ja, ikkje så rart at du stussar på somt av dette, - det gjer eg og.Det må vera den same Linus og kvar Roaldset har fått tak i opplysninga om at Linus var son til Ola Botnegård veit eg ikkje. Eg vil heller ikkje stadfesta at opplysninga er rett. Det kan jo vera at dette er opplysningar som har kome fram seinare, men det veit eg som sagt ikkje noko om.Det står ingenting i bygdeboka om kva yrke Linus hadde. Men truleg deiv han med litt av kvart slik som dei fleste her som ikkje hadde eiga jord å driva. Sidan det står at han omkom under tømmerhogst så var vel det eit av yrka, men truleg dreiv han mest fiske slik som dei fleste andre her ved kysten.Linus vaks vel opp på Teigen under Indresæter inst i Solemsundet mellom Tustna og Stabblandet der foreldra budde. Korvidt Nils Hansson Nordvik var far eller stefar kan eg som sagt ikkje seia noko sikkert om, men mest truleg var han far slik det står i kyrkjeboka.Når det ikkje er skanna kyrkjebøker seinare enn omlag 1900 for dette området, så kan det koma av at dei ikkje er innleverte til arkivet endå. Men etterkomarar til Linus kan sikkert få svar om dei vender seg til prestekontoret i bygda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Marion Røen

Linus` dåp: Lenke Møre og Romsdal fylke, Tustna i Halsa, Ministerialbok nr. 577A03 (1880-1898), Fødte og døpte 1897, side 98. Da vokste han vel opp hos sine foreldre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Finn og Aud Marion for avklarande opplysningar!Då er det vel soknepresten som lyt bidra med dei manglande svari...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.