Gå til innhold
Arkivverket

[#81307] Oppslag i Bergens Adressebok 1932/33, skipsførar Birger Larssen?


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg veit at det finnest mange årgangar av Bergens adressebok, men - ifølgje heimesida til Bergens offentige Bibliotek er fleire av desse ikkje til utlån. Men det er jo enkelte andre som også har nokre årgangar av denne, så difor håpar eg at nokon kan gjera eit oppslag i Bergens adressebok for 1932/33, og evt. også i 1936/37 for meg:I følgje Bergens Adressebok for 1924/25 bur skipsførar (sjøkaptein) Birger Larssen då i Professor Hansteensgt. 29 på Møhlenpris. Spørsmålet er om han framleis bur i Bergen i 1932/33 og i 1936/37, og i tilfelle ja - kvar i byen? Skipsførar Birger Larssen flytta etterkvart til Os (men når?), for Hagavik i Os var bustadadressa hans då han omkom i krigsforlis i juli 1940.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

I Norges skibsførere 1933-35, utgitt 1935 har Birger Larssen adr. Minde pr.Bergen. Født 7-8-1874 i Bodø. Til sjøs 1891 med sk.s. 'Adelphi' av Arendal. Styrm.eks.1896 i Bergen.Styrm. bl.a. med damperne 'Freia', 'Victoria' og 'C.Sundt'. Blev i 1903 fører av d. 'Botnia' (1600) av Bergen, tilh. William Hansen. Har senere ført damperne 'Victoria' (1300), 'Hekla' (1400), 'Skulda' (1700), 'Sekstant I' (4200), 'Sekstant II) (2400), 'Laila' (3050) og fører nu d. 'Gyda' (2400), samtl. tilh. s.n. reder. - Gift. 2 barn.Torpedert i Ishavet 1916. Fører av største skib og last som var ankommet til Albany N.Y. før 1928. Leverte senere den første last som lossedes i Albany nye havn i 1930. Som styrm. med d. 'Botnia' var med og representerte, efter sigende, det norske flagg for første gang på den øvre del av Nigerfloden (Vest-Afrika).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Mange takk til Carsten for fyldig og informativt innlegg. Så Birger Larssen hadde vore omtrent 'heile livet' på sjøen då han omkom i 1940 (tysk torpedering av 'D/S Gyda' som var på veg frå Glasgow, Skottland, UK; til Bathurst, New Brunswick, Canada med salt). Skipsførar Larssen vart altså torpedert i begge (!) verdenskrigane, men overlevde ikkje si andre og siste torpedering.Elles var det greit å få fastslått at Birger Larssen hadde flytta til 'Minde pr Bergen' i 1935, dvs. at han då budde omtrent på kommunegrensa mellom gamle Fana og Bergen by.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.