Gå til innhold
Arkivverket

[#81341] Herman Christian Andreasson Lind, presteson frå Hafslo, f 1775 -lærar i Danmark?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Herman Christian Andreasson Lind, fødd i København og døypt der 1.2.1775, var son av seinare sokneprest Andreas Alexanderson Lind til Hafslo (1733-1791) og kona Elisabeth Christine Hansdotter Schønsal (1735?-1819), vigde i Holmen sokn i København 27.4.1757 (der er ho kalla Else Christine!).Ei jente med namn Martha vart døypt i Hafslo 28.10.1791 av ugift mor Mari Ingebrigtsdotter Grov (1765-1798). Som barnefar vert oppgjeve ''Ole Iverson frå Hallingdal'', men Martha voks opp hjå besteforeldri sine i Hafslo og vert kalla Hermundsdotter både i 1801 og ved konfirmasjonen i 1807. På same tidi flytte ho med sokneprest Johan Henrik Andreasson Lind frå Jostedalen, ein annan son av gamlepresten i Hafslo, til Hjartdal i Telemark. Der gifte ho seg og budde på plassen Kåsastul til ho døydde i 1879.Ifølgje bygdeboki for Hjartdal vart det der sagt at Martha skulle vera dotter av ein prest, men det næraste me kjem ein prest i Hafslo er den unge prestesonen Herman Christian Lind! Dersom han var faren, kan det òg vera ei forklaring på at Johan Henrik Lind (farbroren) tok med seg jenta til Hjartdal då han vart sokneprest der!?Det gjekk elles ikkje so lang tid før nemnde Herman ''forsvann'' frå Hafslo, og han skal ifølgje Lampe ha vore lærar i Danmark!* Er det mogeleg å finna ut noko i det heile om lagnaden til denne Herman Christian Lind i Danmark?* Mor til Herman, Elisabeth (Else) Christine Hansdotter Schønsal, skal vera fødd i Danmark kring 1735. Er det mogeleg å finna ut noko om opphavet hennar i Danmark?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Litta Olsen

Er det mulig at bygdeboken refererer til sokneprest Johan Henrik Andreasson Lind i den tro at han var far henar ?Den omtalte Herman er jo bare 16 år ved hennes fødsel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Litta for kommentar!Eg veit det høyrest nærast ''utruleg'' at Herman på 16 kunne vera barnefar, og dette vil ein jo aldri kunna prova, men ein presteson kunne vel like gjerne verta ''forført'' som andre unge gutar..., ogso den gongen...Elles var det jo Johan Henrik Lind som vigde Martha i Hjartdal i 1815 og som døypte i alle fall eldste dotter hennar same året!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

I DDD fann eg denne i 1834: 1 post(er) opfylder søgekriterium Navn: Herman Christian Lind Køn: M Alder: 60 Civilstand: Enkemand Erhverv: Skolelærer og Kirkesanger Kilde: FT-1834 Amt: København Herred: Smørum Sogn: Smørum Stednavn: Smørum Ovre Matr.nr/adresse: Hovedskolen Husstands-/familienr: 38 Indtastningsnr: C6456 Løbenr.: 333Det ser ut som rett mann for meg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin for kjempeflott innlegg! Ingen tvil om at dette er rett mann! Men er det mogeleg å finna ut noko meir om huslyden hans?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Fann 4 born på Family Search.1. ABRAHAMINE CATHARINE CICILIE LIND, Christening: 07 FEB 1819 Smorum, Kobenhavn, DenmarkFar: H.C.Lind, Mor: Sara Danine Meyer2. ABRAHAM WILHELM LIND, Birth: 29 JUL 1822 Smorum, Kobenhavn, Denmark Far: H.C.Lind, Mor: Sara D.Meyer3. THEODORA REGINE LIND, Christening: 29 JUL 1824 Smorum, Kobenhavn, DenmarkFar: H.C.Lind, Mor: Sara D. Mejer4. BENEDICTA MARIE LIND, Christening: 13 AUG 1825 Smorum, Kobenhavn, Denmark Far: H.C.Lind, Mor: Sara Meyer

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann-Mary Engum

Abrahamine Cathrine Cecilie Lind giftet seg 1 des 1850 med IGNAZ FRANTZ BALD[url="http://www.familysearch.org/eng/search/IGI/individual_record.asp?recid=500227582405&lds=1&region=6&regionfriendly=Denmark&frompage=99>LenkeTheodora Regine Lind giftet seg 14 sept 1855 med NICOLAI EDINGER MADSEN LenkeAbraham Wilhelm Lind gift 7 sept 1848 med LAURA CHRISTIANE STORCHTER

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann-Mary Engum

Abraham Wilhelm Lind og LAURA CHRISTIANE STORCHTER fikk disse barna:KUN fra FS!Cecilie Georgine,1848: [url="http://www.familysearch.org/eng/search/igi/individual_record.asp?recid=100031229900&lds=1&region=6&regionfriendly=Denmark&juris1=&juris2=&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>Lenke Ida Olivia,1851: LenkeCecilie Caroline,1853: LenkeRegine Hermandine,1854: LenkeEmilie Marie,1856:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.