Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#81345] Sigurd Thorson og Martha Hermundsdotter på Kåsastul i Hjartdal - opphav og born?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sigurd Thorson Særsland (22) og Martha Hermundsdotter (23) gifte seg i Hjartdal 2.11.1815 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7959&idx_id=7959&uid=ny&idx_side=-129>Lenke).Martha var fødd i Hafslo i Sogn i 1791 og kom til bygdi med sokneprest Johan Henrik Lind i 1807.Sigurd var fødd på Særsland i Hjartdal og vart døypt der 26.6.1792 (Lenke). Der bur han med foreldri Thor Halvorson og Torbjør Sigurdsdotter i 1801 (Lenke).Vigsli til foreldri finn eg i Hjartdal 21.4.1783 (Lenke). Då heiter dei båe Kaasen!Spørsmål:* Kan einkvan med lokal kunnskap fortelja meg kva gard(ar) og eller plass(ar) Thor og Torbjørg hadde opphavi deirfa ifrå - d.v.s. kvar dei voks opp?Sigurd Thorson og Martha Hermundsdotter busette seg etter kvart som husmannsfolk på Kåsastul i Hjartdal.Spørsmål:* Under kva gard ligg plassen Kåsastukl? - Kan det vera under Bekhus?Sigurd og Martha fekk fire born, som eg har funne, alle fødde i Hjartdal:- Torbjør Sigurdsdotter, fødd 4.12.1815, døydde 15.5.1816- Torbjør Sigurdsdotter, fødd 4.1.1826- Thor Sigurdson, fødd 7.1.1833- Ragnhild Sigurdsdotter, fødd 23.3.1837Den første Torbjør gifte seg i Hjartdal 22.7.1851 (Lenke) med Harald Haraldson ''Hotvedt paa Hvaal'', fødd i Hjartdal 2.8.1824 (Lenke).Spørsmål:* Eg ser at Harald Haraldson var fødd utanfor ekteskap. Er det nokon som veit kvar han voks opp?Harald og Torbjørg utvandra til Amerika i 1875, men skal før den tid ha butt både på Kåsastul og på Hvål. I 1865 er Harald ''lodbruger'' på Hvål (Lenke).Spørsmål:* Kva er rimelig å skriva som yrke og bustad for Harald og Torbjørg FØR dei utvandra til Amerika?Thor Sigurdson gifte seg i Hjartdal 6.12.1860 (Lenke) med Ingrid Olsdotter som skal vera oppvaksi på Hovdegard i Hjartdal. Men eg ser ho er fødd på Riisvold som innerstbarn 30.11.1834 (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Tonby

Ragnild Sigurdsdt, mann og datter utvandrer til Amerika i 1865 nr 3, 4 og 5 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Jeg har sett litt på dåpen til noen av Sigurds søsken.Sønnen Halvor ble døpt 10.11.1783 – her er det ei Ingeborg Halvorsdatter Hovdejord blant fadderne - Telemark fylke, Hjartdal, Ministerialbok nr. I 5 (1776-1801), Fødte og døpte 1784, side 49-50. Permanent sidelenke:  [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7953&idx_id=7953&uid=ny&idx_side=-29>Lenke Permanent bildelenke: Lenke En ny Halvor ble døpt 30.12.1784 – med blant annet Ingeborg Hovdejord som fadder - Telemark fylke, Hjartdal, Ministerialbok nr. I 5 (1776-1801), Fødte og døpte 1785, side 55-56. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke Eldste datter i søskenflokken, Liv, ble døpt i Hjartal 4. juni 1786. Blant fadderne hennes er også Ingeborg Halvorsdatter Hovdejord. Her er dåpen:Telemark fylke, Hjartdal, Ministerialbok nr. I 5 (1776-1801), Fødte og døpte 1786, side 61-62. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke Selv Ingeborg er datter av en Halvor, behøver hun ikke å ha noe med Thor Halvorsen å gjøre, men nevner henne likevel.Her er hun i 1801, da var hun 74 år gammel og gift for 2. gang. På gården er det to tjenestefolk som heter hhv Jon Halvorsen og Bergit Halvorsdatte. På gården bor også Ledvor Larsen gift med ei Kirsti Halvorsdatter, 32 år gammel.LenkeIngeborg Halvorsdatter Aabøe ble gift 14.4.1773 med Jacob Johnsen Hovdejord - Telemark fylke, Hjartdal, Ministerialbok nr. I 4 (1727-1795), Ekteviede 1773, side 51. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: LenkeKirsti Halvorsdatter, gift med Ledvor, var datter av Halvor Gundersen og Helje Jonsdatter, og hadde ingen søsken som het Thor.Thor Halvorsen skal være født ca 1756 (45 år i 1801) og jeg finner en Thor Halvorsen døpt i Drangedal i 1756, sønn av Halvor Huuse - Telemark fylke, Drangedal, Ministerialbok nr. 1 (1697-1767), Fødte og døpte 1756, side 84-85. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Ser at Thor Halvorsen var soldat da han giftet seg i 1783 og den ene forloveren var Jacob Johnsen Hovdejord, mannen til Ingeborg Halvorsdatter.

bilete10156.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

I 1760 hadde Halvor Olsen Særsland og kona Liv Zachariasdatter ei datter Inger til dåpen i Hjartdal – FS/VRI:LenkeDåpen virket interessant, fordi Ingers far bodde på Særsland og moren hennes het Liv, det samme som eldste datter til Thor Halvorsen. Men i FS finner jeg ingen Thor som sønn av dette ekteparet :( Finner ei datter Ragnhild, døpt 1754, en datter Ingeborg, døpt 1752, en sønn Olaf, døpt 1758; Ingeri, døpt 1760; Johannes, døpt 1763, død 1764.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Mot slutten av året 1754 ser det ut som det ble døpt ei uekte jente i Sauland kirke i Hjartdal som ble kalt Torbiør. Faren ser ut til å være tambur Sigur Sigursen Øyen(?) og Søve Kittilsdatter Hytten – se høyre side, nest siste innførsel før 1755 - Telemark fylke, Hjartdal, Ministerialbok nr. I 3 (1727-1775), Fødte og døpte 1755, side 79. Permanent sidelenke:  [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7951&idx_id=7951&uid=ny&idx_side=-82>Lenke Permanent bildelenke: LenkeSigurd og Søve ble trolovet i Sauland prestegård 11. april 1755 og gift 2. juni 1755 - Telemark fylke, Hjartdal, Ministerialbok nr. I 4 (1727-1795), Ekteviede 1755, side 31. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke I 1757 hadde Sigurd Tambour sønnen Sigurd til dåpen - Telemark fylke, Hjartdal, Ministerialbok nr. I 3 (1727-1775), Fødte og døpte 1757, side 83. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Det er alt gjort mykje grundig arbeid for å svare på Øyane sine spørsmål. Likevel vil eg gjere merksam på Hjartdal har eit nokså nytt og særs fyldig bygdebokverk. Eg vil tru at bruk av dette kan lette framfinninga av informasjon monaleg.Det var eg som via epost til kulturkontoret i Luster tipsa Øyane om Marta frå Hafslo som kom til Hjartdal (sidan kontaktinformasjon til bygdebokskrivar Øyane ikkje var å finne under Luster kommunes nettsider). No er ikkje Hjartdal mitt primærområde, men sidan eg for tida les bygdebøkene (ja, les!) for Hjartdal dumpa eg tilfeldig over Marta frå Hafslo på Kåsastul. Eg tenkte da straks på Øyanes ambisiøse bygdebokarbeid i Luster som mange her på Digitalarkivet etterkvart har blitt kjent med.Eg kan gjerne gjere oppslag i bygdeboka for Hjartdal, men det kan ikkje bli før om nokre dagar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Jeg har også tenkt på det å slå opp i bygdebok for Hjartdal, men så er det moroa med å prøve å lete litt selv også og slå opp i bygdeboka og få bekreftelsen på om man er på rett spor eller fullstendig villspor...Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne, Grethe og ikkje minst til Anfinn som via Luster kommune tipsa meg om Martha Hermundsdotter! Nettopp slike ''fjerne'' flyttingar frå tidi før flyttelister vart vanlege i kyrkjebøkene kring 1820, er svært vanskelege å oppdaga utan at ein les gjennom bygdebøker frå andre bygder, so det er svært prisverdig av Anfinn å fortelja meg om dette!Når det gjeld spørsmåli kring opphavi til Thor Halvorson po Torbjørg Sigurdsdotter, so er det vanskeleg å verta heilt klok på dei. Det kan sjå ut som Grethe har funne rette huslydene, men fødsli til Thor manglar, og det går vel ikkje klart fram kvar gard(ar) Thor og Torbjør voks opp på...Derimot har Anne hjelp meg løysa siste spørsmålet kring Ragnhild Sigurdsdotter, og eg har funne ho avlidi i South Dakota i 1925!Jau, Anfinn, eg ville setja stor pris på om du kan gjera dei naudsynte bygdebokoppslagi i Hjatdal for å svara på dei attverande spørsmåli om denne huslyden. Det gjer ikkje noko om det tek nokre dagar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane - lars.e.oyane@sdsl.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Det har gått nokre dagar, og eg jobbar med saka. Det hender at det berre er å slå opp og så få fasiten, men slik er det ikkje her. Så eg må ha fleire dagar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Bygdeboka for Hjartdal er som nemnt tidlegare relativt ny (1987–2000). Ho inneheld store mengder informasjon om folk, eigedom, levekår og kulturhistorie. Men ho ber preg av å ha blitt til utan ein omfattande persondatabase. Krysstilvisingane er altfor ofte anten fråverande, misvisande eller mangelfulle. Same person førekjem derfor på ulike stader med ulike skrivemåtar av namn, ulike persondata og ulike koplingar.Derfor er det ikkje gjort i ein fei å slå opp for å sjekke opplysningar eller finne inngang til ny kunnskap. Følgjande framstilling er basert på opplysningane í bygdeboka og det som kjem fram i debattråden så langt. Eg har altså ikkje saumfare kyrkjeboka på noko vis. Skal ein til botn i materien er nok det naudsynt.Eg får starte med Sigurd Torsson som blei gift med Marte Hermundsdotter i Hjartdal i 1815. Dei fekk bruksrett for levetida på Kåsastul (plass u. Sud-Håtveit) i 1829. Sigurd. Torsson var fødd og oppvaksen på Øvre-Særsland i 1792. Foreldra hans, Tor Halvorsson og Torbjørg Sigurdsdotter, hadde livstidsfeste på Øvre-Særsland 1788–1832. Begge døydde i 1830.Opphavet til Tor Halvorsson er uvisst. Bygdeboka oppgjev både 1752 og 1756 som fødeår for han. Foreldreparet Halvor Olsson og Liv Sakariasdotter som mogelege kandidatar (Grethe Flood innlegg 5 og 6) er eit forsøk verdt, men fører ikkje til noko treff på oppslag i bygdeboka. Likevel, dei er nok der ein stad. Grethe Floods framlegg i innlegg 3 om ein Tor Halvorsson fødd i Drangedal ser eg som lite sannsynleg. Det finst nok av Tor-ar og ikkje minst Halvor-ar både i Hjartdal og meir nærliggjande bygder enn det den gongen ganske fjerne Drangedal.Hypotesen om at Ingebjørg Halvorsdotter Åbø Hovdejord er syster til Tor Halvorsson kan ha noko for seg. Ho er gjengangar som vitne ved dåp for fleire av borna til Tor Halvorsson og Torbjørg Sigurdsdotter. Hennar ektemann nummer to, Jakop Jonsson Hovdejord, er vitne ved vigsla Tor Halvorsson og Torbjørg Sigurdsdotter.. Elles kan livstidsfestet på Øvre-Særsland peike mot eit slektskap til eigarfoket på Øvre-Særsland (Tarjer Halvorsson Særsland Åbø. Den same Tarjer var vitne ved vigsla til Sigurd Torsson og Marte Hermundsdotter).Opphavet til Torbjørg Sigurdsdotter som dotter av Sigurd Sigurdsson Øyen og Søve Kjetilsdotter Hytta (innlegg 7 Grethe Flood) finn støtte i bygdeboka, sjølv om ekteskap med Tor Halvorsson ikkje er nemnt i oppføringa under Øyen i Sauland (plass u. Frøland, II s. 403–404).Bygdeboka gjev opp fire born til Sigurd Torsson og Marte Hermundsdotter, fødde i perioden 1815–37, dvs. ”berre” fire born på 22 år. Tanken har slått meg at det kan vera fleire. Dottera Torbjørg Sigurdsdotter f. 1826 gifte seg i 1851 med Harald Haraldsson Håtveit Gvåle f. 1824. Kyrkjebokinnførsla seier om ”Brudgommens Føde- og Opholdsted”; ”Hotvedt paa Hvaale”. Dette må tolkast som fødestad Håtveit og opphaldsstad Gvåle (og dessutan gardsnamna i moderne språkdrakt). Noko anna gjev ikkje meining. Håtveit og Gvåle ligg i same grenda, men er ulike matrikkelgardar.Harald Haraldsson er fødd utanfor ekteskap som son av Anne Sørensdotter Håtveit og Harald Ambrosson Lofthus. Anne gifte seg i 1829 med Torbjørn Ambrosson Lofthus, bror til Harald Ambrosson. Anne og Torbjørn fekk fleire born og busette seg på Sud-Gvåle. Der voks da også Harald Haraldsson opp. Så langt alt vel. Men det finst to brør Harald Ambrosson Lofthus, den eine fødd 1772 og den andre fødd 1780. Ja, iallfall i følgje bygdeboka. Kven som er den rette har ikkje eg undersøkt nærare.Tor Sigurdsson Kåsastul f. 1833 gifte seg i 1860 med Ingrid Olsdotter Risvoll (ho er kalla Hovdejord i bygdeboka, utan at oppslag under Hovdejord finn henne der). Ho skal vera fødd 1834, og under Sud-Risvoll i bygdeboka finn eg barneflokken til Ola Johannesson Risvoll og Anne Olsdotter Håtveit. Blant borna finst Ingrid Olsdotter f. 1833– død 1833 og Ingrid Olsdotter f. 1834–død ¼ år gamal. Truleg finst det enda ei Ingrid i kyrkjeboka, eller ei av dei to nemnde Ingrid-ane levde likevel opp.Eg har laga eit skisseoppsett for å visualisere koplingane mellom personar i det relativt store persongalleriet, vedlagt i dette og neste innlegg frå meg. Det mogelege opphavet til Harald Haraldsson f. 1824 måtte eg skilje ut på eit eige ark. I tillegg til koplingane mellom personar er det på dei to oppsetta notert nokre faktaopplysningar og dessutan tilvising til band (med romartal) og sidetal i bygdeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Og her kjem skisseoppsettet som gjeld det mogelege opphavet til Harald Haraldsson f. 1824

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Hmmm, berre synd at pdf-filer ikkje blir godteke som vedlegg. OK, da må eg prøve på nytt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Da får eg prøve å leggje ut skisseoppsettet som jpg-fil, og vonar da berre å dei begge kjem i opprett versjon.

bilete10240.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anfinn for mange spennande og interessante innlegg om denne huslyden. Eg har vore på reis og har trengt litt tid til å ''fordøya'' stoffet...Eg har i kveld oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden og vonar dette skal vera so nokolunde rett:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Martha Hermundsdotter, døypt i Hafslo 28.10.1791, voks opp hjå besteforeldri i Grov, men flytte i 1807 med sokneprest Johan Henrik Lind frå Jostedalen (opphavleg presteson frå Hafslo) til Hjartdal i Telemark der ho 2.11.1815 gifte seg med Sigurd Thorson frå Særsland øvre i Hjartdal. Han var son av gardbrukar Thor Halvorson på Særsland øvre, opphavleg visstnok frå Særsland, og kona Torbjør Sigurdsdotter frå Øyen under Frøland og vart døypt i Hjartdal 26.6.1792. Sigurd og Martha slo seg ned som husmannsfolk på plassen Kåsastul under Håtveit søndre i Hjartdal, og der vart dei buande levetidi ut. Sigurd d. som husmann på Kåsastul 21.3.1867, medan Martha d. som husmannsenkje same staden 15.11.1879. Dei fekk fire born i lag:a. Torbjør Sigurdsdotter, f. i Hjartdal 4.12.1815, d. i Hjartdal 15.5.1816.b. Torbjør Sigurdsdotter, f. i Hjartdal 4.1.1826, gifte seg i Hjartdal 22.7.1851 med Harald Haraldson frå Gvåle søndre i Hjartdal, f. i Hjartdal 2.8.1824. Harald og Torbjør budde fleire stader i Hjartdal, mellom anna som gardbrukarar på Gvåle, men utvandra til Amerika i 1875. Under namni Harald og Torbjor Haraldson finn me dei att som farmarar i Barnes township, Buena Vista Co., Ia. der Torbjor d. 13.8.1893. Harald Haraldson d. same staden 25.2.1902. Dei fekk åtte born i lag.c. Thor Sigurdson, f. i Hjartdal 7.1.1833, gifte seg i Hjartdal 6.12.1860 med Ingrid Olsdotter frå Hovdejord i Hjartdal, f. i Hjartdal 30.11.1834. Dei utvandra til Amerika i 1861 og¤¤¤¤¤ (budde 1862 i Jefferson Co., WI - sidan i Illinois)men flytte kring 1879 til ein farm i Barnes township, Buena Vista Co., Ia. der Thor d.¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans? - mellom 1900 og 1910!)Ingrid Sigurdson d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - etter 1910!)Dei fekk seksten born i lag.d. Ragnhild Sigurdsdotter, f. i Hjartdal 23.3.1837, gifte seg i Hjartdal 22.3.1863 med enkjemannen Ole Olson, opphavleg frå Berge i Hjartdal, f. i Hjartdal 9.1.1823. Ole og Ragnhild var ei tid gardbrukarar på Sopanstad i Hjartdal, men utvandra i 1865 til Amerika. Under namni Ole og Ragnhild Berge finn me dei att som¤¤¤¤¤ (budde først i Illinois og sidan i Iowa, truleg i Buena Vista Co., IA?)men slo seg kring 1877 ned som farmarar i Lone Rock township, Moody Co., S.D. Kring 1905 flytte dei som pensjonistar til Flandreau, Moody Co., S.D. der Ole d. 8.2.1908. Ragnhild Berge d. same staden 17.7.1925. Dei fekk sju born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg manglar framleis ein del detaljar om lagnadane til emigrantane i denne huslyden og tek imot alle tillegg med opne armar! Dette gjeld sjølvsagt òg eventuelle rettingar om dei som budde i Hjartdal, som til dømes:* Kvar voks Thor Halvorson (Særsland) opp (eller kvar budde Halvor Olson og kona Liv)?* Kvar voks Ingrid Olsdotter (Hovdejord) opp?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Eg har to kommentarar til manuskriptet ditt (innlegg 17):1. Eg kan ikkje sjå at du har grunnlag for å slå fast: '... Thor Halvorson på Særsland øvre, opphavleg visstnok frå Særsland, ...'. Det kan jo vera at du har funne noko i kjeldene som fortel om opphavet, men mi bygdebokgransking seier ikkje noko visst om dette. Inntil noko anna kan provast vil eg halde på formuleringa mi i innlegg 12: 'Opphavet til Tor Halvorsson er uvisst.'2. '... gifte seg i Hjartdal 6.12.1860 med Ingrid Olsdotter frå Hovdejord i Hjartdal, ...'. Ein kan ikkje konkludere med at Ingrid er frå Hovdejord, når me ikkje har meir kunnskap enn det som har kome fram i debatten så langt. Det er meir som tyder på at Ingrid har opphavet sitt på Risvoll, og eg vil gjenta om Ingrid frå innlegg 12: '... Ingrid Olsdotter Risvoll (ho er kalla Hovdejord i bygdeboka, utan at oppslag under Hovdejord finn henne der). Ho skal vera fødd 1834, og under Sud-Risvoll i bygdeboka finn eg barneflokken til Ola Johannesson Risvoll og Anne Olsdotter Håtveit. Blant borna finst Ingrid Olsdotter f. 1833–død 1833 og Ingrid Olsdotter f. 1834–død ¼ år gamal. Truleg finst det enda ei Ingrid i kyrkjeboka, eller ei av dei to nemnde Ingrid-ane levde likevel opp.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Er konfirmerte sjekka ang. Ingrid?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Det trengst fleire openberre oppslag i kjeldene her. Så Gro Berit tenkjer rett og Anne har vore handlekraftig. Eg har gjort bygdebokoppslaga, men har dessverre ikkje høve no til å dykke ned i primærkjeldene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anfinn, Gro Berit og Anne for nyttige innlegg om denne huslyden! Det er heilt rett, som Anfinn seier, originalkjelder lyt sjekkast, i alle fall om det er tvil om opplysningane som kjem fram, men diverre har heller ikkje eg alltid høve eller tid til å sjekka 100% av alle detaljar i ein tekst; difor er Digitalarkivet sitt Brukarforum ei fantastisk hjelp, som eg set umåte stor pris på!Eg har etter eg skreiv utkastet vore i kontakt med ein etterkomar etter ein bror av Ingrid Olsdotter FRÅ RISVOLL, som har rettleia meg på huslyden hennar, og eg har ogso retta teksten om opphavet til Thor Halvorson. Etter dette ser teksten min no slik ut:~~~~~~~~~~~~~~~~Martha Hermundsdotter, døypt i Hafslo 28.10.1791, voks opp hjå besteforeldri i Grov, men flytte i 1807 med sokneprest Johan Henrik Lind frå Jostedalen (opphavleg presteson frå Hafslo) til Hjartdal i Telemark der ho 2.11.1815 gifte seg med Sigurd Thorson frå Særsland øvre i Hjartdal. Han var son av gardbrukar Thor Halvorson på Særsland øvre, av usikkert opphav, og kona Torbjør Sigurdsdotter frå Øyen under Frøland og vart døypt i Hjartdal 26.6.1792. Sigurd og Martha slo seg ned som husmannsfolk på plassen Kåsastul under Håtveit søndre i Hjartdal, og der vart dei buande levetidi ut. Sigurd d. som husmann på Kåsastul 21.3.1867, medan Martha d. som husmannsenkje same staden 15.11.1879. Dei fekk fire born i lag:a. Torbjør Sigurdsdotter, f. i Hjartdal 4.12.1815, d. i Hjartdal 15.5.1816.b. Torbjør Sigurdsdotter, f. i Hjartdal 4.1.1826, gifte seg i Hjartdal 22.7.1851 med Harald Haraldson frå Gvåle søndre i Hjartdal, f. i Hjartdal 2.8.1824. Harald og Torbjør budde fleire stader i Hjartdal, mellom anna som gardbrukarar på Gvåle, men utvandra til Amerika i 1875. Under namni Harald og Torbjor Haraldson finn me dei att som farmarar i Barnes township, Buena Vista Co., Ia. der Torbjor d. 13.8.1893. Harald Haraldson d. same staden 25.2.1902. Dei fekk åtte born i lag.c. Thor Sigurdson, f. i Hjartdal 7.1.1833, gifte seg i Hjartdal 6.12.1860 med Ingrid Olsdotter frå Risvold i Hjartdal, f. i Hjartdal 30.11.1834. Dei utvandra til Amerika i 1861 og var ei tid farmarbeidarar, først i Stephenson Co., Ill. og sidan i Walworth Co., Wis. til dei i 1864 slo seg ned som farmarar i Rock Run township, Stephenson Co., Ill. I 1877 flytte dei so til ein farm i Barnes township, Buena Vista Co., Ia. der Thor d. 4.11.1905. Ingrid Sigurdson d. i Linn Grove, Ia. 8.11.1914. Dei fekk seks born i lag.d. Ragnhild Sigurdsdotter, f. i Hjartdal 23.3.1837, gifte seg i Hjartdal 22.3.1863 med enkjemannen Ole Olson, opphavleg frå Berge i Hjartdal, f. i Hjartdal 9.1.1823. Ole og Ragnhild var ei tid gardbrukarar på Sopanstad i Hjartdal, men utvandra i 1865 til Amerika. Under namni Ole og Ragnhild Berge finn me dei først att som farmarbeidarar (”farm laborers”) i Rock Run township, Stephenson Co., Ill. og frå kring 1869 i Pleasant township, Winneshiek Co., Ia. Ole og Ragnhild budde visstnok òg ei kort tid i Barnes township, Buena Vista Co., Ia., men slo seg kring 1877 ned som farmarar i Lone Rock township, Moody Co., S.D. Kring 1905 flytte dei som pensjonistar til Flandreau, Moody Co., S.D. der Ole d. 8.2.1908. Ragnhild Berge d. same staden 17.7.1925. Dei fekk sju born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~Då skulle dette kapitlet vera so nokolunde komplett. Det er sikkert mogeleg å drøfta ymse namneformer, men det er vanskeleg å gjera alle til lags når det gjeld språket...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×