Gå til innhold
Arkivverket

[#82030] Elias Ingebrigtson Hjortdahl og Maren Jansdotter Rue i Førde - 1700-talet -oppl?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Landhandlar og gjestgjevar Hans Rue Eliasson Hjortdahl i Sjøhola, Skei ytre i Førde, var fødd i Førde kring 1776 som son av:Elias Ingebrigtson Hjortdahl og kona Maren Jansdotter Rue.Er det nokon med lokal kunnskap i Førde, eventuelt med tilgjenge til bygdebøkene derifrå, som kan fortelja meg:* Kva yrke hadde Elias Hjortdahl?* Kvar i Førde budde Elias Hjortdahl og Maren Rue?* Kvar hadde Elias Hjortdahl opphavet sitt ifrå?* Kvar hadde Maren Rue opphavet sitt ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Lars. Eg kan i alle fall ta med det som står i BB Førde. Vi finn familien under 'Førde ved Sjøen', som låg i Sjøahola, utan at eg i farten klarer å plassere den meir nøyaktig. Det skal visst nok være snakk om eit vertshus som blei dreve her. 'Sjøen' kan då referere til ein geografisk adskilt del av Sjøahola (nederst ved elva?), eller det kan være eit anna namn på Sjøahola. Eg kan sjå om eg finn nærmare ut om dette seinare.Frå BB Førde under 'Førde ved Sjøen''1740-1806: Mette Kristine Nagel, Nagels (bernt Dominicussen Nagel) eldste dotter, fekk løyve på handel og gjestgiveri i 1740. I 1745 overlet ho det til 'søstermanden' Jan/Johan Hansen Rue, Myklebust i Hyllestad, gift med Kristine Nagel. Deira dotter Maren, f.kr. 1744, død 1833, gift med Elias Hjortdal f. kr. 1745 d. 1797. Av borna deira veit vi om:Ingebrigt, til BergenHans Rue, neste brukarDominikus, bst BergenKristine, med namn Sørensen,n. som enkjei Bergen 18331806-1831: Hans Rue Hjortdal, f.kr. 1776, d. 1857 på Skei. Fekk gjestgjevarløyve i 1812, med atterhald om at han ikkje måtte drive kro for 'soknets bønder'. Frå 1813 landhandlarløyve. Gift med Synnøve, f.kr. 1762, d. 1857 på Skei. Born:Samuel, neste brukar (f.kr. 1809)Elisabet f. 1805Johan f. 1807'mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nyttig innlegg om denne huslyden!Kommentar og spørsmål om Johan nemnd på siste linje har eg lagt inn under tema #82031, men eg har eitt problem til her:* Står det ikkje i bygdeboki noko om OPPHAVET til Elias Ingebrigtson Hjortdahl? Einastre garden i Noreg med dette namnet ligg i Sykkylven på Sunnmøre! Kan Elias vera derifrå?Eg takkar igjen for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Lars. Når det gjeld Johan, så er eg like vis som deg. Han står oppført her i BB Førde, men eg har ikkje klart å finne noko meir om han. Det har vore feil i BB Førde tidlegare, spes. kring Skei og Sjøahola, kor det har vore mykje utskifte av folk.Når det gjeld Elias, så står det nok ikkje noko meir. Eg ser også at det er Hjortdal i Danmark. Kan det være ein tanke?Eg kan ta litt meir om Hans og 'hans hus'.Frå Kulturhistorisk vegvisar for Førde: 'I 1823 bygde hanselsmann Hans Rue Hjortdahl set eit hus i Sjøahola som då vart det største i Førde, større enn futegarden på Bruland. Denne gjestgjevarbygningen må ha vore eit staseleg hus. Sonen Samule Mandrup Hjordal dreiv gjestgjeveri og handel til 1839 då han pakta det vekk til handelsmann Krohn, som seinare kjøpte eigedomen på aukson'Litt om det same frå BB Førde: 'Sjøahola 1831-1874. Samuel Mandrup Hjortdal f. 1809, d. 1863 som handelsmann i Bergen. Gift med Julia Sophie J. Borch f. 1819 i Drammen. Dei dreiv gjestgiveri og handel. I 1839 pakta han handelen bort til Krohn. I 1843 vart handelen tvangsselt frå Samuel og kjøpt at av faren, Hans. Etter hans død kjøpte Krohn eigedomen på auksjon ....'Av barna til Samuel er det oppgitt: Cecilie Margrete f. 1843, Johan Kristoffer f. 1845 og Kristoffer Borch f. 1850.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Eg ser av tema 21821 at du har funne at den Samuel som BB Førde referer til i Bergen er feil. Då kan du berre stryke den opplysninga.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då har eg funne skifte etter Hans Rue Hjortdal og kona som er her namngitt som Synneve Hansdatter. Av skifte kjem det også fram at Synneve har vore gift før, og ho har barn frå dette ekteskapet, som også blir berørt av dette skiftet. Nokon Johan kan eg ikkje finne. Samson og Elisabeth Margrete står oppført.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Skifteutlodningsprotokoll D 1 , 1855-1861, oppb: Statsarkivet i Bergen.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24211/191>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24211/191Permanent bildelenke: LenkeOm du ikkje har det frå før, så er dette giftemålet mellom Hans og Synnøve på Hafslo 14. juni 1804 (nest nederst høgre side) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 2 (1755-1806), Kronologisk liste 1804, side 265-266. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer er då Synnøve i 1801 med sin første ektemann, Samuel Jensen Bugge, og i alle fall eit av barna: LenkeDet ser ut som om dei i alle fall får to barn: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

God kveld.Til innlegg (3)):Nei, Lars - det finst nok fleire Hjortdalar enn den eine på Sykkylven. Du finn nemleg både Hjortland under Mosdalen i Åkra sokn av Skånevik (i dag: Etne) i Sunnhordland; og du har 'Henanger med Hjortedal i Strandvik sokn av Fusa, altså i Midthordland.LenkeI Strandvik har ein elles gardane Hjartnes og Hjartåker. den gode Oluf Rygh meiner visst at desse namna ikkje kjem av hjarta, men av dyret hjort. Og i nabobygda i søraust, Hatlestrand (tilhøyrande Kvinnherad kommune) finn du òg gardane Hjortland og Hjortås. Så ein kan vel slå fast at hjorten har vore talrik i desse bygdene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Retting til innlegg (7):Hjortland under Mosdalen i Åkra er naturlegvis feil, det skal sjølvsagt vera _Hjortdal_ under Mosdalen osv.. Beklagar kortslutninga!Eg veit ikkje om det finst ein Ingebrigt på Hjortdal (under Henanger) i Strandvik, men førenamnet Ingebrigt var i alle høve nytta i denne bygda på 1700-talet. Eg vil her tilrå eit avklarande oppslag i bygdesoga for Fusa, Strandvik og Hålandsdalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Holck

Elias Ingebrigtsen Hiortdal er vel identisk med nr. 9 i denne søskenflokken, alle døpt i Vår frue kirke i Trondheim, og barn av Ingebrigt Hiortdal og hustru Ellen Henrichsdatter Tostrup:I. Friderich Ingebrigtsen Hiortdal, dåp 17 jun 1732, d. 9 sep 1739 II. Paul Christian Ingebrigtson Hiortdal, dåp 24 mar 1735 III. Carsten Ingebrigtsen Hiortdal, dåp 31 mar 1736 IV. Petter Ingebrigtsøn Hiortdal, dåp 18 mai 1737 V. Niels Tønder Ingebrigtsen Hiortdal, dåp 20 des 1738 VI. Christian Ingebrigtsøn Hiortdal, dåp 10 mar 1740 VII. Johannes Ingebrigtsøn Hiortdal, dåp 5 aug 1743 VIII. Karen Ingebrigtsdatter Hiortdal, dåp 18 sep 1741 IX. Elias Ingebrigtsøn Hiorttdal, dåp 26 sep 1744 X. Carsten Tostrup Ingebrigtsøn Hiortdal, dåp 21 okt 1747 XI. Rasmus Ingebrigtsøn Hiortdal, dåp 3 des 1753Elias sin mor Ellen Tostrup var datter av skomaker Henrich Svendsen Tostrup og en Karen. Henrich Tostrup fikk borgerskap som skomaker i Trondheim 11. desember 1703. Han kom til Trondheim fra området rundt Flensburg. Etter hvert slo også hans tre brødre (Jacob, Hans og Carsten) seg ned i Trondheim.Han betaler Ekstraskatt i 1711 i Vår Frues sogn (nr. 86) 'for sig sielf som bør Perûqe', for hans hustru, 3 svenner og 1 TienestePige. 'Hindrich Tostrup' er registrert som 'schomager'og borger av klasse 19 i Manntall over kongelige og sivile militære betjenter samt borgere oginnvånere i Trondhjem, ca 1714-1715. Jeg har ikke funnet ut når Henrich Tostrup døde, men hans kone Karen begraves i Vår Frues kirke 13.mars 1753.I Jørgen Glørsens Dødsfald i Norge 1763 – 1825, finnes bl.a.:- Elen Hjortdal, Enke , død Svorkmo hytteplass 24.4 1780. Jeg vil anta dette er Ellen Tostrup; kanskje hun har vært bosatt sammen med et av barna.- Christian Tonning Hiortdahl, sogneprest i Kjelvik i Finnmarken , død før 15/9 1780. Dette er vel trolig Elias sin bror Christian (søsken nr.VI). I kirkeboka står ikke navnet Tonning så vidt jeg kan se, men Ellen Tostrups søster, Dorothe Christina, var gift med Res. kap. i Brattvær, Smøla hr. Christian Tonning som døde i en ulykke i 1739. Christian er sikkert oppkalt etter sin nylig avdøde onkel.- PoulChristian, Skoleholder, død i Kristiansund 10/6 1796, gjenlevende hustru og flere barn i Bergen. Kanskje Elias sin bror (nr. II).Jeg kan dessverre ikke gi noen opplysninger mer om hvor Ingebrigt (Ingebrict) Hjortdal kommer fra.mvh Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil, Terje og særleg til Marianne for kjempeflotte innlegg! Du Marianne kom med svaret på spørsmålet om opphavet til Elias, og soleis er problemet løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.