Gå til innhold
Arkivverket

[#82050] Fanteguten eller Feleguten frå Tovdal


Gjest Arne T. Aabø
 Del

Recommended Posts

Gjest Arne T. Aabø

I Spelemannsbaldet nr 11/12 - 1958 hev Tallak Dale frå Tovdal eit stykke han kallar Fanteguten. Med få ord er soga slik: Olav Sevli i Nore i Numedal hadde ein bror som heitte Knut. Dotter av Knut, Jorånd, reiste med eit fantefylgje. Dei kom til garden Tveitli i Tovdal, og der fødde Jorånd eit barn. Fantefylgjet drog vidare, men det nyfødde barnet låg att på garden. Barnet vart oppfostra på garden Hestkleiv, grannegard til Tveitli, men vart korkje døypt eller konfirmert, iflg. Dale. Det synte seg at guten var eit musikalsk geni, og snart var han ein framifrå spelemann. Etter den tid vart han kalla Feleguten, ikkje lenger Fanteguten som tidlegare. Han døydde i 20 - 25 årsalderen og er rekna som opphavsmannen til det særmerkte Tovdalsspelet. Jorånd kom til Bykle i Setesdal, vart gift der og fekk fleire born. Olav Sevli var fødd i 1806, så dette er ikkje så veldig langt attende i tidi. Er det noko bygdebok for Nore som kan stadfeste nokre av opplysningane? Og kjenner nokon til henne i Bykle? Ja, kjenner nokon i det heilt noko til denne litt segnaktige soga? Eg hev aldri undersøkt tidlegare, men prøvar no i debattforum. Helsing Arne T. Aaabø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Eg trur ikkje det er Johanne Knudsdatter dette gjeld. Ho er frå Hitterdal, no skrive Heddal, ved Notodden. Jorånd var frå Nore i Numedal dersom slektskapen med Sevliane stemmer.I 1861 var truleg også 'vår' Jorånd etablert i Bykle, om artikkelen er rett. Derimot hev eg tru på at stykket av Olav Vassend i 'Jol i Åmli 1987' kan gjelde denne personen. Men eg hev ikkje sett dette jolebladet. Kanskje nokon av lesarane kjenner til det og koma koma med ei liti utgreiing? Helsing Arne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Har du kome til dalen her nå da Arne!Eg var innom biblioteket og lånte med bygdeboka som omhandlar Sevlegardane idag, men kunne i farten ikkje finne nokon syskin som heitte Olav/Ole og Knut der.Du skriv at Jorånd kom til Bykle og vart gift der. Har du funne giftemålet hennar, navn på mannen og om ho er å finne i 1865tell.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Eg hev ikkje undersøkt veldig mykje, men i 1865 hev eg ikkje funne nokon som passar. Eg hev heller ikkje sett giftarmålet korkje i kyrkjebøkene eller i den nye bygdesoga frå Bykle, men det hev kome ein del familiar til Bykle frå Numedal gjennom tidene. I det heile virkar soga noko segnaktig, og eg trur hendingi må liggje lenger attende i tidi enn det namni på Sevlegutane skulle tilseia. Olav er den kjende drapsmannen, f. i 1806 og avretta i 1834 etter å ha drepe ein kramkar. Slåtten Sevlien skal vera etter han; det heitest at han tulla denne rett før han gjekk til rettarstaden for å bli halshoggen. Broren Knut kan sjølvsagt vera mykje eldre, men likevel vil eg helst tru at Jorånd må vera fødd etter 1800. Eg finn ikkje aktuelle namn i folketeljing 1801 frå Rollag prestegjeld, som Nore då høyrde til. Eg hev også sett i folketeljing 1801 for Åmli og Valle ( Tovdal og Bykle), men finn ikkje noko aktuelt. Det hadde vore interessant å høyre kva Olav Vassend hev skrive i 'Jol i Åmli' i 1987, om han hev meir årstal for hendingi. Eg trur dette i beste fall er ei tidleg 1700- talssoge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Sandblost

Ved søk i gårdsmatrikkelen 1838 finner jeg at løpenr 212a Sæflid eies av Ole Sebjørnsens Enke. Det er kanhende sønnen deres som er eier av gården i 1865? [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=f60633&gardpostnr=233&sokefelt=skjul>LenkeOle kan være denne Lenke døpt i Nore 24. januar 1790, sønn av Sebiørn Olsen Sævlie EietDenne Ole hadde en bror Knud. I hvertfall hadde Sebiørn Olsen Sævlie Eiet sønnen Knud til dåpen 18. desember 1796

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Takk for svari, Gro Berit og Knut. Eg skal koma med litt fleire utfyllande opplysningar av det Tallak Dale skreiv i Spelemannsbladet i 1958. Jorånd Knutsdtr. Sevli skulle vera yngste dotter av Knut Sevli. Knut var bror av Olav Sevli som var fødd i 1806 og avretta for drapet på sølv- Tollef i 1834. Eg trur ikkje alt stemmer her. Kanskje må me lenger attende i Sevlislekti. Fanteguten vart fødd på Tveitli, ein gard i Tovdal som ligg i retning mot Setesdal. På denne tid budde fogden på Tveitli. Kan det stemme? I så fall må det vera langt attende i tidi. Guten vart korkje døypt eller konfirmert, men han var eit musikalsk geni, etter det Dale skriv. Han seier vidare at han vert rekna som stamfar for den eigenarta Tovdalsmusikken med blant raskt tempo og rytme. Truleg må nokon i folkemusikkmiljøet i Åmli/ Tovdal eller Aust- Agder elles ha kjennskap og kunnskap til denne spelemannen. Men eg trur kanskje at me må nokså tidleg på 1700- talet for å finne han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Benn Limann

“Soga om Fanteguten” av Olav Vassend. “Jol i Åmli”, 1987 . Et kort samendrag:Bonden på heigarden Tveitli i Tovdal kom en sommermorgen i 1750 ut på trappa og fant en klesbylt med et guttebarn. Gutten vokste opp på Tveitli. Soga forteller at det hadde reist et fantefølge forbi om natta, og at ei ungjente hadde født gutten og lagt han på trappa. Han ble en ordgjeten spillemann og komponerte hardingfelelåten “Tveitlien” og feleslåtten “Tjaranlien”. Som voksen slo han seg ned på nabogarden Hestkleiv i Tovdal. Det var mens Sven Olsen frå Åsral satt med garden frå 1711 til han døde i 1774.I artikkelen til Olav Vassend står det ingenting om tilknytning til Sevli i Numedal. Kan denne tilknytningen dokumenteres?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Benn Limann

Minesterialbok for Tovdal i Åmli, døde og begravede, 1767-1775 bekrefter at ovenfornevnte Svend Olsen Hestkleiv døde i 1774, 64 år gammel. (Nr.12) Som nr. 13 er nevnt en Hølje Olsøn Hegland. Kan noen hjelpe å tyde det som står foran og etter navnet hans.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Hei! Takk til Benn og Gunnar for viktig hjelp! No trur eg me er inne på det rette. 1750 høver godt med dei tankar eg hev gjort meg. Med all respekt for Tallak Dale, tykkjer eg stykket er litt for fantasifullt og segnaktig til at eg fester heilt lit til det. Eg råka Tallak ein einaste gong. Eg var på spelemannsstemne i Tovdal i 1966. Eg trur han var formann i Indre Agder spelemannslag den gongen. Eg helsa på han, og eg hugsar han spela så på Tveitlien utover kvelden og natti. Slåttetaki song i hugen min langt utover sumaren. Eg trur han døydde eit eller to år seinare. Eg skulle gjerne ha hatt ein kopi av stykket i Jol i Åmli. Kan nokon skaffe meg ein slik? Er det å oppfatte slik at Åsulv Olsøn Hegland er namnet på Feleguten eller er det husbonden på Hestkleiv? Og kva er Røre, elv eller vatn? Kven er Olav Vassend, og kor bur han?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Benn Limann

Gitt at Fantegutten var født omkring 1750. Da skulle han være å finne i kirkeboka over døde for Tovdal mellom 1765 og 1780. Men jeg kan ikke se at andre personer fra garden Hestkleiv står oppført mellom 1765 og 1774 enn Svend Olsen, som døde i 1774. Han var ifølge bygdeboka for Tovdal født i 1713 og eier av garden, som ligger i en liten sidedal til Tovdal. Jeg tar forbehold om at Fantegutten kan finnes mellom 1775 og 1780, men tviler sterkt. I utgangspunket er jeg skeptisk til denne historien. For meg kan det virke som at personopplysningen om Svenn Olsen Hestkleiv er den eneste som har noe med virkeligheten å gjøre. Soga er det som den utgir seg for å være, nemlig et sagn. Hølge Olsen Hegland tror jeg vi kan se bort fra.Likevel er det verdt å undersøke nærmere hvem som var far og onkel til den Sebiørn Olsen Sævlie Eiet (8) som Knut Sandblost nevner.Jeg sender deg gjerne kopi av artikkelen til Olav Vassend.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Ja, eg hallar også meir og meir til di oppfatning av at dette er ei segn som ikkje kan dokumenterast. Eg lyt likevel taka atterhald om at eg ikkje hev lese artikkelen til Olav Vassend. Men det er litt rart. Far av Tallak Dale var ein god spelemann, Sven S. Dale, f. 1862 og død 1949. Han var i si tid ein viktig berar av Tovdalstradisjonen, etter det eg hev skjøna. Det er då ikkje så langt attende til 1750, om det er rett, og det bør vel finnast eit namn på denne spelemannen, ikkje berre Fanteguten eller Feleguten. Eg er takksam om du vil sende meg kopi av Vassend sin artikkel, så skal eg sende deg kopi av Tallak Dale sin artikkel i Spelemannsbladet nr 11-12 i 1958. Det kan vera interessant å samanlikne. Helsing Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.