Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#82109] Cornelius Bergh Bugge i Bergen (1865-1934) - borgarmeister! - kva yrke elles?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Cornelius Bergh Bugge, fødd i Bergen 27.5.1865, døydde i Bergen 23.12.1934. Dødsmeldingi hans seier han var tidlegare borgarmeister (Lenke).Eg har før fått opplyst at Cornelius ei tid var kjøpmann og at han sidan vart leiar for ein ullvarefabrikk. Dette med borgarmeister var nytt!Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om Cornelius Bugge - som til dømes:* Kva slag kjøpmann var han?* Kvar var han borgarmeister og i kva periode?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er litt info om CorneliusCornelius Bergh Bugge, født 1865, død 1934, født i Bergen, norsk forretningsmann og målmann. Formann i Vestmannalaget 1908–22. Gjennom selskapet Norskt Herbyrge var han fødselshjelper for og sentral investor i mange nynorsktiltak, slik som avisen Gula Tidend, den nynorskspråklige Landsbanken i Bergen 1914–23, og (med garanti) den nynorske utgaven av Bibelen i 1921. Høy risiko i mange av Bugges prosjekter resulterte i personlig konkurs. (Frå Store Norske Leksikon)Cornelius Berg Bugge, forretningsmann og eigedomsmagnat som satsa alt han tente på å utvikle nynorske forretningstiltak og dermed sikra grunnlaget for både aviser, hotell og teater, men sjølv gjekk han konkurs.Bugge var fødd i Bergen 27. mai 1865 og døydde same staden 24. desember 1934. Han dreiv kleshandel i Bergen og skipa i 1910 selskapet Norskt Herbyrge, der også Vestmannalaget, Hordalands ungdomslag og Vestlandske maallag hadde nokre aksjar.Gjennom dette selskapet var Bugge fødselshjelpar for og sentral investor i mange nynorsktiltak, ikkje minst fleire kaffistover og Hotell Hordaheimen. Viktig var også støtta til avisa Gula Tidend, den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen 1914­–23, tomtekjøp i 1916 til nybygg for Det Norske Teatret i Oslo (ferdig 1985), ein større aksjepost i avisa Sunnhordland i 1918, ny utgåve av Aasens Norsk Ordbog same året og garanti for Fyrebilsbibelen, den nynorske utgåva av Bibelen i 1921. Bugge var formann i Vestmannalaget 1908–22. (Allkunne.no)lite å finne om borgarmeisterrolla.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Hvem er hvem 1912:Cornelius Berg Bugge, disponent Bergen, handelsskolen Bergen 1881, kontorass. 1881, forr.mann Bergen siden 1891, disp. Stigen uldvarefabr. Mysen siden 1910, formann Vestmannalaget siden 1908, formann i Nemdi for norrønt samarbeid siden 1911. Gift 1895 med Anna Camilla Elisabeth Rasmussen, f.1866, datter av ex.jur. Rasmus Rasmussen, Kr.a.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Carsten for spennande innlegg!Nei, det står ikkje mykje om borgarmeisterrolla til Cornelius Bugge, men mest truleg var det vel i Bergen og berre i svært kort tid...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Moen

Ser ham ikke på listen over ordførere i Bergen Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Karin for nye innlegg!Eg spekulerer nok svært på dette med borgermeister. Kan det tenkjast at tittelen skriv seg frå tidi han var på Mysen som fabrikkleiar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Moen

Her er borgermesteren nevnt i teksten under 'notes' Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Karin for nye innlegg!Eg spekulerer nok svært på dette med borgermeister. Kan det tenkjast at tittelen skriv seg frå tidi han var på Mysen som fabrikkleiar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Lars (og andre), dersom ein les nøye gjennom Karin si lenkje til 'notes' i innlegg (8) over, så finn ein nøkkelen til løysinga:Der står det at Cornelius si stilling i adresseboka for 1900 er 'fuldmægtig, borg.' Dette er ei forkorting som syner til _adressa_ og ikkje til stillinga hans. For adressa hans var då 'Borgermester Platousgate 9'(!). I klartekst tyder det altså at Cornelius var fullmektig - ikkje borgarmeister - og at den dåverande bustadadressa hans inneheld ordet 'borgermester'.Av uante årsaker fekk Cornelius eit solid posthumt stillingsopprykk, jfr. lenka i innlegg (1). Men tittelen 'fhv. borgermester' vert sjølvsagt ikkje rettare av at det står svart på kvitt i kyrkjeboka. Eg overlet no til Lars å vurdera om dette var eit utslag av geistleg ønskjetenking eller berre vanleg slurv :-)) Vennleg helsing Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Peter Skarsjø i sine merknader:'Han var medlem av Bergen Kommunestyre 1920-1922, ble ved opprettelsen av 4. borgermesterstilling i 1922 utnevnt til dette embete, men sa opp sin stilling i april 1924 for å fristille Bergen Kommune under omorganiseringen av det kommunale embedsverk.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.