Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#82212] Vigsel og Fødsler i Hafslo (Solvorn)

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Erikson Kinserdal og Ingeborg Ingebrigtsdotter Kinserdal skal vera vigde 21.6.1916 - rimelegvis i Urnes kyrkje i Solvorn sokn.* Kan vigselsstaden stadfestast?* Kva ættenamn er nytta ved vigsli?Ingeborg hadde ei dotter:- Olga, fødd Solvorn sokn, Hafslo 29.7.1912.* Kven er skriven som far hennar?So hadde Ole og Ingeborg desse borni, alle fødde i Solvorn sokn, Hafslo:- Berta Kirstine, fødd 4.6.1916- Inga, fødd 18.3.1918- Erik, fødd 7.5.1920- Ingebrigt, fødd 1.2.1923- Inga, fødd 22.5.1924- Leiv, fødd 27.2.1926* Har nokon av desse borni (utanom den første) meir enn eitt førenamn?* Stemmer elles skrivemåten av namni og fødselsdatoane?* Faren var husmann fram til 1943 - er han nokon gong oppgjeven med annan yrkestitel?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Gangdal

Ole Eriksen og Ingeborg Ingebrigtsdtr. vigde 21.1.1916 i Solvorn sokn.Olga Nilsdtr. Aasen f.29.7.1912, far hennar er gardsarbeidar Nils Tomassen Aasen og mor Ingeborg IngebrigtsdtrBerte Kristine f.4.6.1916. Har ikkje funne Inga f.18.3.1918 i kyrkjeboka.Frå 1916 til 1823 var Ole Erikson løsarbeidar/ arbeidar, frå 1924 var han husmannn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid for gode og utfyllande opplysningar om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.