Gå til innhold
Arkivverket

[#82343] Spelemannen Hølje Åsland frå Seljord


Gjest Arne T. Aabø
 Del

Recommended Posts

Gjest Arne T. Aabø

I 1963 byrja eg på Notodden lærarskule. Eg spela hardingfele, og i åri frametter var eg ofte opp til Olav Husaas i Heddal. Han var felemakar og spelemann og opphaveleg frå Seljord. Han var fødd på plassen Husaas i Øverlandsgrendi og voks opp der. Mange av slåttane hadde han lært av ein Hølje Åsland som budde i grannelaget der. Det var gamle, enkle former av slåttar som Tinnemannen, Fanen på Bordstabelen, Jenta nedmed strondi, Guro Lomodden og Skinnarlanden med fleire. Han fortalde ymse om Hølje Åsland, bl.a. tur eg han var gift, men hadde ikkje born. No i det siste hev eg interessert meg meir for denne karen og tregar på at eg ikkje spurde meir ut om han. Eg hev leita i den nye Seljordsoga og 1900- folketeljingi, men kan ikkje finne nokon Hølje som høver. Han må ha vore fødd rundt 1850- 60 eller helst seinare. Kan nokon hjelpe meg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne K. Landholm

Her har du en kandidatKjeldeinformasjon: Telemark fylke, Seljord, Ministerialbok nr. I 13 (1866-1876), Fødde og døypte 1866, side 5-6. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5985&idx_id=5985&uid=ny&idx_side=-4>Lenke Permanent biletlenke: Lenke Dette kan være samme karen i 1865 tellinga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Nei diverre, det er nok ikkje den rette Hølje dette. Han budde på ein heilt annan kant av Seljord, og etter Seljordsoga døydde han i 1898. Eg hev sett endå ein gong på folketeljing 1900 og alle som heiter Hølje, men ingen synest å passe inn. Om tre veker fær me tilgang til folketeljing 1910. Det vert spanande å sjå om me finn han der. Men så dumt ikkje å spørje ut meir om denne karen, men når ein er ung, tenkjer ein ikkje slik, det var musikken ein var oppteken av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Eg er ikkje heilt sikker på dette, men eg trur at dette kan vera same person som blir kalla Hølje Skorta. Skorta var ei stoge som låg i nærheten av både Åsland og Husås. Eg trur det er han som er på omtala på Veslekos u.Brekke i Seljord IV og i ft.1900.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Hei, Aslak. Jammen trur eg du greidde dette også. Eg hev vore til Åsland og Husaas fleire gonger, sist no i sumar, men Skorta hev eg aldri høyrt om. Olav Husaas nemnde han alltid som Hølje Åsland. Og det var nok i perioden om lag 1900 til 1910 at Husaas lærde slåttar av han. Elles passar det godt at han var gift, men barnlaus. Det kan vel finnast eldre seljordingar som hugsar denne karen. Kan du forklare meir nøyaktig om kor Skorta ligg? Hev Harald Aakre registrert denne stoga? Det lyt bli ein tur dit til våren. Eller eg kan ringje til deg ein kveld. I alle fall mange takk for innlegget. Helsing Arne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Eg hev ikkje heftet til Harald Aakre tilgjengeleg akkurat no, skal sjekke seinare. Eg hev ikkje vore der, men trur Skorta ligg litt sud for Åsland og Dalenplassane. Hølje var nok den einaste som budde der og eg trur eg har høyrt at stoga brann. Blir gjerne med til våren. Skal høyre litt med folk eg treffer som kan vita noko.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Takk for innspeli, Gro Berit, Harald og Berit. Det er gildt at de fylgjer med. Høye Kvåle kjenner eg godt til. Han var ein god spelemann og rik tradisjonsberar. Hølje var nok meir ein vanleg bygdespelemann som ikkje var så mykje frampå anna som spelemann i dansestrok og liknande. Når Skorta ikkje er nemnt i bygdesoga, kjem nok det av at dei ikkje var innom dei kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon m.m. den tidi dei budde der. Men det finst sikkert folk som kan syne hustuftene der. Til Gro Berit: Eg rekna med at du fylgde med. Eg oppdaga det same som deg når det gjeld skyldskapen til Meås og hadde tenkt å sende ein e- post om det til deg. Eg hugsar ein sundag rundt 1965. Anna og Torvald var heim til oss. Eg kunne spela nokre slåttar då, og Torvald var veldig glad i felespel. Eg måtte spela springaren Guro Lomodden om att og om att for han. Det var gamal Seljordslått, veit du. Det gav sjølvtillit, eit av dei mange gode minni etter Torvald. Men eg nemnde visst ikkje på Hølje Åsland då. Han hadde truleg kjent til slektskapen. Eg er nokså sikker på at det er den rette Hølje me hev funne no, men skulle gjerne ha høyrt meir om han av eldre seljordingar. Han hadde så mykje slåttestev til slåttane, og desse hugsar eg framleis. Kanskje eg kjem att med noko om dei, om det er interesse for det. Helsing Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Hei! Ei tid sidan sist no. I mellomtidi hev eg havt kontakt med nokre personar i Seljord som er godt kjende i området der Hølje budde, og dei veit også ein heil del om han. Han døydde i 1943, og det er sikkert at me hev funne rette personen. Tusen takk til alle som hev hjelpt meg til å finne han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Så bra du fekk kontakt med nokon som kjende til han, håpar eg kan få veta litt meir om han seinare.Og desse slåttesteva hadde og vore moro og høyre litt meir om. Kanskje du sender ein mail ein gong det passar?helsing Gro Berit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.