Gå til innhold
Arkivverket

[#82453] Johannes Iversen (1824-1912) - skomakar frå Sogndal til Stord - bygdebokoppslag?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har strevd ein del med å samle biografiske opplysningar om skomakar Johannes Iversen i Leirvik på Stord, barnefødd på Rutlin i Sogndal, og kona Ingeborg Pedersdotter frå Urnes i Hafslo, men no står eg fast for å komma vidare.Er det nokon som har lokal kunnskap eller eventuelt tilgjenge til ei lokal bygdebok som kan hjelpa meg lite vetta vidare?Her er kva eg veit (og kva eg manglar):~~~~~~~~~~Ingeborg Pedersdotter [urnæs], f. [i Hafslo] 20.11.1825, flytte i ung alder til Stord der ho 29.12.1852 gifte seg med Johannes Iverson frå Rutlin i Sogndal, på Stord kjend som Johannes Iversen, f. i Sogndal 21.3.1824. Johannes Iversen var skomakar, og han og Ingeborg busette seg i Leirvik på Stord der Ingeborg d. 4.4.1906. Johannes Iversen d. same staden 24.4.1912. Dei fekk åtte born i lag:a. Kristine Johannesdotter Iversen, f. på Stord 3.4.1853, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Ho gifte seg på Stord 30.12.1875 med Andreas Christenson frå Bortneim i Fjaler, kjend som Andreas Kristensen.¤¤¤¤¤ (eller Christensen?)f. i Fjaler 22.7.1848. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Andreas Kristensen var snikkarmeister, og han og Kristina busette seg i Bergen. Dei fekk fem born i lag.b. Peder Andreas Johannesson Iversen, f. på Stord 4.9.1854,¤¤¤¤¤ (levde 1865 – lagnaden hans?)c. Johanna Elisabeth, kjend som Elisabeth Johannesdotter Iversen, f. på Stord 18.1.1856, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900)Elisabeth gifte seg på Stord 16.5.1879 med Johannes Helgeson Lillebø frå Litlabø nedre på Stord, f. på Stord 6.6.1848. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1900!)Johannes og Elisabeth Lillebø var nokre år gardbrukarar på Hystad på Stord, men Johannes var elles styrmann til sjøs, medan Elisabeth som enkje livnærte seg med strikking. Dei budde i Leirvik på Stord og fekk sju born i lag.¤¤¤¤¤ (sjekka at barnetalet stemmer?)d. Iver Olai Johannesson Iversen, f. på Stord 9.11.1857, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1912!)Iver flytte i 1871 til Bergen, men gifte seg på Askøy 29.3.1887 med Axeliane Olsdotter Nielsen frå Alvøen, Askøy, f. på Askøy 28.1.1863. Ho d. i Bergen 31.10.1940. Iver var skomakarmeister, og han og Axeliane busette seg i Bergen. Dei fekk tre born i lag.e. Johannes Johannesson Iversen, f. på Stord 24.2.1859, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1927)Johannes gifte seg i Bergen 13.5.1891 med Bolette Georgine Hansdotter Johannessen frå Bergen, f. i Bergen 5.3.1869. Ho d. på Hystad på Stord 6.9.1927. Johannes var lensmann i Fitjar, og han og Bolette budde på Nygård på Fitjar, men flytte sidan til Hystad på Stord.¤¤¤¤¤ (sjekka bustader? – 1900: Nygaard, Fitjar – 1927: Hystad, Stord)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 n. son Trygve, f. Bergen 14.12.1899)f. Fridtjof Johannesson Iversen, f. på Stord 20.6.1861, d. på sjukehuset i Haugesund 3.11.1934. Fridtjof gifte seg i Skånevik 6.12.1900 med enkja Ragna Elise Christiansdotter f. Gulbrandsen, opphavleg frå Namsos og f. der 29.6.1856, men hadde før vore gift med ein Johannesen.¤¤¤¤¤ (oppl. om 1ste ekteskapet?)Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1934!)Fridtjof Iversen var blekkslagar, og han og Ragna busette seg i Leirvik på Stord.¤¤¤¤¤ (stemmer denne bustaden?)Dei fekk ei dotter i lag.¤¤¤¤¤ (han let etter seg ei dotter Clara Stenberg som 1934 budde i Moi – var ho deira dotter?)g. Bjørn Johannesson Iversen, f. på Stord 13.7.1866, d. som kontormann i Ålesund 27.1.1897.¤¤¤¤¤ (busett Ålesund – kontormann hjå futen! – opplysningar elles?)h. Anna Marie, kjend som Marie Johannesdotter Iversen, f. på Stord 4.9.1869, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1915)Marie gifte seg på Stord 5.2.1892 med Gjert Lasseson frå Lihaug i Gulen, kjend som Gjert Lihaug, f. i Gulen 28.9.1863. Gjert d. i Bergen 24.2.1915. Gjert Lihaug var ei tid brannkonstabel, men vart sidan formann ved vegstellet. Han og Marie budde i Bergen, men som enkje¤¤¤¤¤ (lagnad til Marie? – ikkje avlidi i Bergen! – eller gifte ho seg att? – dotter Borgny 1898)Dei fekk ei dotter i lag.~~~~~~~~~~Alle supplerande opplysningar som kan skaffast om denne huslyden, vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Hukkelberg

Det er gravlagt en Elisabeth Lillebø på Stord. Fødselsdato er 12.11.1856, død 10.10.1918. Gravlagt sammen med Ingeborg og Petra. Selv om f.dato ikke er rett, så ser jeg at de i hvertfall hadde en datter Petra

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjølrg for interessante og nyttige detaljar! Det er den rette Elisabeth du har funne, men det er ''bytt om'' på datoane (Lenke)!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

Fitjar bygdebok, band II, side 250, Skålevik:Kun sønnen Trygve f. 1889 er oppført. Johannes kjøpte bruk 3, Nygård, 1889, solgte 1904 og flyttet til Leirvik. Han var lensmann i Fitjar 1888 - 1903.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Agnar Fitjar

Stord bygdebok 3 s184-185. Johaannes Iversen var først kontorist hjå skrivaren på Stord, og so fullmektig hjå fylkesmanneb i Hordaland. Han var ein dugande og omtykt lensmann, og hadde eit sers godt lag til å skapa fred der det var ufred. Men so var han formann i forliksrådet i lang tid og. Han var m.a. med i styret for Stord Sparebank og Stord heradsstyre i mange år. Han hadde lett for å protokollera det som skulle førast i møteboka både rett og greitt.Johannes Iversen var og vaktmeister ved distriktsfengselet, og budde i hovudbygningen der. Etter at han slutta som lensmann, kjøpte han seg hus på Døso og budde der ei tid. 2 sønner: Trygve vart sorenskrivar og Otto som var forretningsmann- shipping. Han var ei tid i Italia, men var seinare mange år i Grekenland. Medan han var der, stod han for utdelinga av midlar frå Noreg til hjelp ved ein naturkatastrofe- jordskjelv- som landet vart ute for. Som ein kuriositet kan nemnast at då vart han so godt kjend med erkebiskop Makarios- den seinare presidenten på Kypros at han alltid fekk audiens hjå han når han bad om det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Grethe Flood

For ordens skyld, dødsfallet til Gjert [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=gr13011912dk&personpostnr=793&merk=793>LenkeKona Anna Marie Lihaug døde i Bergen i 1919 LenkeBergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 11 , 1918-1919, oppb: Statsarkivet i Bergen.Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27861/207Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Tilbake til Ragna Elise, kona til Fridjof Iversen. Her er første giftermålet hennes - nr. 5/1885 - Rogaland fylke, Skudeneshavn i Skudenes, Ministerialbok nr. A 5 (1882-1912), Ekteviede 1884-1885, side 143. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3653&idx_id=3653&uid=ny&idx_side=-116>Lenke Permanent bildelenke: LenkeMarie Kristiane, 1886 - Rogaland fylke, Skudeneshavn i Skudenes, Ministerialbok nr. A 5 (1882-1912), Fødte og døpte 1886-1887, side 16. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeNils Severin, 1888, døpt 1889 - Rogaland fylke, Skudeneshavn i Skudenes, Ministerialbok nr. A 5 (1882-1912), Fødte og døpte 1889, side 20. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeKlara Elisa - Rogaland fylke, Skudeneshavn i Skudenes, Ministerialbok nr. A 5 (1882-1912), Fødte og døpte 1891, side 26. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeKlara Elisa, død i 1897 - Lenke Her er dåpen til Clara, datteren til Fridjof og Ragna - Hordaland fylke, Stord i Stord, Ministerialbok nr. B 2 (1878-1913), Fødte og døpte 1901, side 68. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.