Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#82485] Hustru Inger Leren på Tustna og Nils Nilsson Nordfjord 1618

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Jeg har ikke gått gjennom lensregneskapene for Nordmøre tidligere og har av den grunn aldri hørt om eller sett nevnt denne Hustru Ingrid Leren, eller Leira på Tustna. Ingrid er oppført med 2 sp. odelsgods i 1618 og det samme er faktisk Åge Lyngværs 'quinde' som vel må være Synnøve Audunsdotter av Aspaslekt. Ved siden av Inger står Nils Nilssønn Norfjord med 4 sp. odelsgods og en Michel Leren er også nevnt med odelsgods. Er det noen som har noen kunnskap om denne Hustru Ingrid på Leira og hvem hun eventuelt kunne ha vært gift med? Kan hun være nok en datter av Audun Torsteinsson, eller?Ellers viser disse listene at Ivar Audunsson av Aspaslekt og deler av familen ellers fremdeles holdt til på Veien (Veidholmen). I 1610 er Ivar omtalt som Iffuer Øudensson i Weiden, Høstrue Lisbeth och Erik Øudenssønn samme steds, - de to siste henholdsvis mor og bor til Ivar. I disse listene er det nevnt en Bjørn som oppsitter i Aspen (Aspa). Det siste avsnittet ligger litt utenfor temaet, men siden vi er inne på disse odelsskattemanntallene så tar jeg det likevel med her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Endre Holten

Finn!Nils Nilsson Nordfjord kan vera Nils Busch, fut i Nordfjord og gift med Adeleutz 'Sahl. Peder Kiempes' på Blakstad i Gjemnes. Nils døde ca. 1625.Mvh. -endre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Hei Endre!Nei, den nemnde futen heitte Nils Fredriksson Busch, ikkje Nils Nilsson (sjå m.a. debatten om kvinnenamnet Adelis).Derimot var det ein Nils Nilsson på Hafstad i Førde som var inngift i Aspa-ætta. Riktig nok var dette i Sunnfjord, men det kunne nok vera lett å gå litt feil i geografien for den som førte slike manntal av og til.Frå innlegg (51) i debatten om Adelis saksar eg; Artikkelen til Nedrebø & Stenseth viser at ei dotter til Jacob Småsvein og Synnøve Torsteinsdotter må ha vore gift med Nils Nilsson (ca 1560 - 1632) på Hafstad i Sunnfjord, - i odelsskattemanntalet for Nordmøre 1626 omtala som Nils Nilsson Sunnfjord. Ein dottermann til Nils og Synnøve, Peder Bertelsson Kolding står oppført som eigar av halvparten av Leira i 1647. Den andre halvparten skattar Steen Michelsson for. Den siste var altså gift med Maren Baltzarsdotter Karde som igjen truleg var dotter til Adelus Jacobsdotter (Holst?). Når eg skriv Holst her, så er det fordi eg meinar at Adelus må vera sonedotter til Jørgen Holst og Ingeborg Torsteinsdotter (Aspa).Og då vert spørsmålet; Er Hustru Inger Leren identisk med dotra til Nils Nilsson og kona til Peder Bertelsen Kolding? Ho kan vel neppe vera kona til Nils Nilsson på Hafstad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Har no funne fram artikkelen til Helge Stenseth og Yngve Nedrebø i NST, Hefte 1, s. 2 - 16 frå 1993 med tittel; 'Den gamle slekten på Hafstad i Førde'.Artikkelforfattarane meiner at denne Hafstad-ætta opphavleg stammar frå rådmann, Jens Hallandsfar og kone Eline Christierndotter, den siste av Aspaslekt. Desse to hadde m.a. sonen Nils Jensson (avliden før 1562). Sistnemnde hadde m.a. anna sonen Nils Nilsson (ca 1560 - ca 1632), visstnok brukar av Underli, Yttre Ålen og Hafstad i Førde, samt at han ser også ut til å ha vore eigar av ein part av Leira på Tustna og kanskje brukt denne parten også. Ein kjenner ikkje sikkert til kva kona til Nils Nilsson Hafstad heitte og kven ho var dotter til, men mykje peikar mot Jakob Småsvein og Synnøve Torsteinsdotter som foreldre til denne kona. Synnøve arva nemleg Leira saman med systra, Ingeborg ved skiftet etter foreldra i 1577. Ei tredje syster var Marit Torsteinsdotter som kan vera henne som vart gift med Peder Øysteinsson Bratt. Dessutan var det brørne Ivar og Audun, der den siste etter kvart vart eigar av det meste av det gamle Aspagodset som fall på ættlingane etter Synnøve Ivarsdotter.Som sagt så veit vi ikkje kva denne Jakobsdotra heiter, men i følgje artikkelen frå 1993, så hadde ho og Nils ein son og tre dotrer, nemleg; 1. Jacob Nilsson Underli (ca 1595 - ca. 1645), 2. N.N: Nilsdotter g.m. Peder Bertelsen Kolding, 3. (Eline?) Nilsdotter (ca 1600 - død etter 1641) og 4. Synnøve Nilsdotter (ca 1605 - 1680) g.m. Mads Hågensson.Om dei stipulerte fødselsåra til desse borna er rett, så kan ikkje den nemnde Hustru Inger Leren vera identisk med dotter til Nils som vart gift med Peder Kolding. Så ung ville ho knapt verta titulert som hustru.Kven var ho så denne Hustru Inger Leren; kona til Nils Nilsson Hafstad - eller kanskje svigerinna?Vi får tru at ei nøye gransking av lensrekneskapa med alle skattelistene der før eller sidan vil gje svaret.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I 1617 står det at Hustru Inger Lehrenn eig 4 sp. og Nils Nilsson Lehrenn 4 sp. LenkeEr litt usikker på korleis dette skal tolkast sett i samanheng med innførselen frå 1618 som eg har referert tidlegare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I jordeboka for Nordmøre 1619 er verken Hustru Inger eller Nils Nilsson Nordfjord (Sunnfjord) med, berre Mikkel er nemnd som brukar av dei som skatta for jordegods i 1618. Samen med han er nemnd Erik og Bersvend. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I 1620 er det berre ein Oluf Leren og ei enke som er nemnd på Leira, medan Nils Nilsson no er kalla N. N. Sunnfjord. LenkeVi ser at Hustru Lisbeth er komen til dotra på Åsskard og at ho står som eigar av 11 sp. jordegods, medan svigersonen Sebastian With må nøya seg med 2 sp. Ein kan lett tru at desse to spanna er kona si giftingsgåve då systra til Ingeborg With på Åskkard, Synnøve Lyngvær også er oppført med 2 sp. i ei av skattelistene.Denne Sebastian eller Bastian Withe på Åsskard er kanskje identisk med ein Sebastian Engelskmann som er nemnd mange gonger i tollrekneskapa for Nordmøre. Han er då omtala som handelsmann og han er nemnd i samband med at han betalar toll for trelasten som dei ymse skipa kjem til Nordmøre for å henta. Truleg opptrer han som ein slags meglar. Det er oftast skipparane sjølve som betalar for lasta som dei kjem hit med. Det dreier seg mest om ymse sortar korn, mjøl, erter, salt osv. Dei fleste skipa kjem frå Holland, men det er også nokre frå Engeland.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

En kommentar til (4):Her nevnes det at Peder Bertelsen Kolding (Kongel) er gift med en datterdatter av Synnøve Torsteinsd. Aspa, som dertil via en annen linje er tippoldebarn av Eline Kristensd. av Aspaslekt.Men det slutter ikke med det:Bertel Pedersen Kolding (Kongel), som jeg regner med er sønn av Peder Bertelsen, er gift med Clara Jacobsd. Buch av presteslekt fra Åfjord. Sistnevnte er i følge S.T. Dahls prestebok (s. 183) datter av Riborg Eriksd. Aspa (som er datter av Erik Audensen). Et par interessante ætlinger av disse er Edvard og Nina Grieg, som begge er tippoldebarn av Eiler Bertelsen Kongel (som for øvrig er gift med et barnebarn av prestedatteren Maren M. Aalborg fra Vang).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Odd og Trond for opplysningar om Kongel/Kolding, som eg er sterkt i tvil om eigentleg er same namnet. Det får så være, men Peder Bertelsson på Leira ser ut til seinare å ha vorte gift med ei dotter til Gunder Silneset i Eide, så reint teoretisk kan vel ev Bertel Pedersson vera ein son av henne også, men eg trur Jonny Lyngstad veit meir om dette enn eg.Elles ser eg av eit 'odelsskattemanntal' frå 1628 - 1629 at Nils Sunnfjord står oppført med 10 sp. jordegods. Når han har auka jordeeiga si såpass mykje frå oversikten frå ca 1618, så tyder det vel eigentleg på at han også har teke over godset etter Hustru Inger på Leira og at ho no er død og at Nils førebels har noko av godset i verge for borna sine som han hadde med Hustru Inger (Jakobsdotter Holst ?). http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/17221/7

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Ang. Kolding / Kongel:Navnenene kommer vel av to helt forskjellige byer: danske Kolding og svenske (opprinnelig norske) Kungälv (Konghelle), men i herværende tilfelle er de kanskje blitt forvekslet pga. at de ligner litt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det er jo ikkje så reint utan interesse å sjå, m.a. av artikkelen til til Stenseth og Nedrebø, at aspaættlingen Nils Nilsson Hafstad eigde jord på Bømlo, nemleg Ådnanes. [url="http://www.gislink.no/gislink/index.jsp?operation=config&mscid=1290297027812>LenkeHer kan eg minna om debatt nr. 76848 om Adalis. Sjå m.a. innlegg (23) i den debatten. Vi ser av denne debatten at andre aspaættlinger eig jord i Sveio tett ved Bømlo, samstundes som ein Torstein Olsson og kone eig fleire gardar på Bømlo, den eine temmeleleg nær Ådnanes. (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Vet ikke om jorden på Bømlo er arvegods fra gammelt av, men den i Sveio er i alle fall kjøpegods etter reformasjonen. Underlig nok er tre representanter i Bergen for selgeren navngitt, mens kjøperen dessverre er anonym. Det hadde vært svært så nyttig å få vite hvem det er, slik at evt. videre arvelinje kunne avklares.Fortsatt er jo opphavet til Auden Torsteinsens hustru Lisbet ukjent, så det kan tenkes at de to eiendommene i Sveio har noe med henne å gjøre. Ser aldri gårdene Eidsvåg og Ulveraker nevnt i jordegodsoversikter for Sunnhordland på den tid, så det tyder vel ikke på at de har tilhørt den mest kjente lavadelen der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Odd Roar.Hvilken kilde er det du sikter til i innlegg (14) og hvem er de tre representantene du nevner?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Det finnes i alle fall nevnt i en trykt kilde, siden jeg vet jeg har lest dette for noen år siden. Har det nok notert også, men mine papirbunker med slikt er for uoversiktlige til at jeg innen rimelig tid kan gjenfinne det. Som jeg har sagt før, er jeg ikke sikker på om det står i Sveioboka eller om opplysningen stammer fra en oversikt over eiendomsforhold i Hordaland på den tid. Er dessverre for langt unna et passende bibliotek til å se etter, men Sveioboka bør være første forsøk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Litt til:De tre 'selgerne' i Bergen er vel representanter for offentligheten, siden de to gårdene er tidligere kirkegods, som på den tid jo er overtatt av kongen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Svein som gjorde meg merksam på tråd nr. 11688. Den trur eg ikkje eg har lese tidlegare.Eg har sett på innførselen i tingboka og refererer litt av den i innlegg (9) i den nemnde debattråden LenkeDei tre personane inkl. biskop Geble har altå ingenting med salget ved midten av 1400-talet å gjera (Geble levde vel eit hundreår seinare). Som eg skriv i den andre debattråden så hadde dei berre kopiert nokre eldre, alt eksisterande skjøte- eller kjøpebrev og bevitna desse.Det betyr då at dette godset neppe nokon gong har høyrd kyrkja eller dei geistlege til, men vi veit framleis ikkje korleis Sjurssonane i Fosen har fått tak i desse arvepartane og kva for ei grein av forfedrane dei er komne frå. Når dei sel til morsystra, så tyder det på at det var den greina som sat med odelen og at det dermed enten var odel som tilhøyrde Hustru Lisbeth eller at det var Ouden Torsteinsson som hadde odelen. Gardane er likevel ikkje nemnd ved skiftet etter foreldra til Ouden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I 1614 står Hustru Inger Lerenn oppført med 4 sp. og 6 marklag. I det same manntalet står også Inger i Brattvær oppført, så denne Inger og Hustru Inger på Leira er neppe identiske personer.Men kven er denne Oluf Mogensen i Veien som eig heile 13 sp med jordegods, delvis på Nordmøre og delvis i Nordfjord?Dessutan er det ein Jon Søviken som står oppført med 12,5 spann jordegods. Kven kan det vera?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Takk til Finn for interessante innlegg (19) her og (9) i DA 11688.For øvrig er det litt merkelig at det skal være så fullstendig umulig å fastslå identiteten til hustru Lisbet på Veigen. Om ikke annet, så bør jo sannsynlig jordarv kunne indikere et eller annet. Kan hun kanskje komme fra et annet strøk enn nærmiljøet? Selv opphavet til Sjur Torkelsen er jo rimelig godt kjent, og da er det snodig at en helt møter veggen hva Lisbet angår, siden hun faktisk er gift i Aspaslekten. (Kfr. også hr. Mikkel Kristensen i Hemne -- hans opphav er like totalt mørklagt.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Arild Hansen

Kan det være en forbindelse til denne debatten, eller er det bare tilfeldig navnelikhet (Lisbet Oudensdatter)?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Trond (23)Nei, eg trur nok at dette er ein heilt tilfeldig namnelikskap.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.