Gå til innhold
Arkivverket

[#82691] Bydebøker 2010. Hva kan vi forvente av genealogiske opplysninger om husmenn?


Gjest Lars Ove Wangensteen
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Erik Aas

Det bør være et krav å ha med datoer i bygdebøker fra 2010, så lenge man ikke arver et tidligere opplegg som vanskeliggjør dette, som det nevnes i tidligere innlegg.Ellers synes jeg det er merkelige argumenter mot datoer. Hvis datoer krever så forholdsvis stor plass i ei bygdebok, så forteller det litt om bygdebokas omfang ellers.Selvfølgelig kan det forekomme feil med datoer, men det gjør det med alt som tas med i ei bygdebok. Feilfrie bygdebøker, med eller uten datoer, finnes ikke! Andre feil enn datoer bekymrer meg mer.En drøm, men som jeg har forståelse for ikke er med i bygdebøker, er å opppgi dåpsdato der fødselsdato ikke foreligger osv. Det er gjort i boka Bergmannsslekten Tax, der jeg har hatt god nytte av det når jeg leter i mer uoversikelige eldre kilder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Som gamal bygdebokforfattar og i seinare år rådgjevar og prosjektleiar for relativt mange slike prosjekt får eg vel flagge standpunkt eg òg.For det første: det har i alle fall sidan eg kom inn i slik arbeid (i 1981, med skrivemaskin) vore eit mantra blant seriøse bygdebokforfattarar at «alle skal med» (jfr tittelen på artikkelen av Johan frå 2001 i innlegg 18). Og viss ein skal gjere eit slikt arbeid seriøst, må ein i prinsippet følgje det som med eit fint namn blir kalla «familierekonstitusjonsmetoden» (etter det tilgrensande fagområdet historisk demografi). Men det er ikkje nok å rekonstruere alle familiane, ein må òg «rekonstruere» (identifisere) så langt muleg alle bustadene som har vore i undersøkingsområdet frå 1600-talet til i dag (viss det er sluttpunkt for verket) og så fordele familiane på desse, med tidsperiodar dei har budd der. Og for å spare plass, gjer dei fleste som Frode fortel m.a. i (38): samlar full informasjon om familien på ein av dei bustadene dei har budd på gjennom livssyklusen, medan ein på dei andre berre gir stikkord om familien og krysstilvising til kvar ein finn full informasjon.Innafor denne metoden skal den sosiale status bustadene hadde (eller har) sjølvsagt ikkje ha noko å seie. Mange bokverk fører i dag personinformasjonen fram mot trykketidspunktet, og da er den gamle plass- og gardsbrukbusetnaden mange stader i mindretal i høve moderne villa- og rekkehusbusetnad.Metoden krev – som mange har vore inne på - _tid_. Men kva som helst andre metodar vil gje dårlegare kvalitet på sluttresultatet. Dessverre er det nok framleis personar som tek på seg slike oppdrag etter andre og mindre veleigna metodar, med tilsvarande dårleg resultat. Eg har for mange år sidan påpeikt at vi i Noreg dessverre ikkje har noka utdanning i denne metoden, når ein ser bort frå dei få som har utført historisk-demografiske undersøkingar på hovudfags- eller mastegradsnivå under rettleiing av Sølvi Sogner, Ståle Dyrvik og nokre få andre. Med det omfanget skriving av slike bygdebøker har (det blir truleg bruk 30-40 mill. kr årleg på slikt her til lands) er dette bekymringsfullt, men slik er det berre. Eg vonar i alle fall at forfattarar med historie som fag innser at dei ikkje kjem unna å lære seg metoden(ane).Eg har elles m.a. laga forprosjekt for ein del slike bygdebokprosjekt, der eg har forsøkt å kalkulere dei totale prosjektkostnadene, sjå [url="http://tilsett.hivolda.no/ak/Om_busetnadssoge.htm>http://tilsett.hivolda.no/ak/Om_busetnadssoge.htmFelles for desse kalkylane er nok at dei stort sett har bomma, til dels ganske kraftig, på tidsforbruket. Men det er i alle fall gjort forsøk på å vurdere _alle_ arbeidsoperasjonane slike prosjekt fører med seg.Om retting av feil og evt. tilleggsopplysningar til eldre bøker: her har eg starta eit arbeid med den første eg skreiv, ved hjelp av lokalhistoriwiki.no:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Gløymde å ta med lenka til ei kort forklaring av metoden eg nemnde i andre avsnittet av (77): LenkeDer er det òg lenke vidare til omtale av sjølve fagområdet historisk demografi.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.