Gå til innhold
Arkivverket

[#83196] Kjende og ukjende Romsdalingar mest frå første halvdel av 1600-talet


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helge Bjerkevoll

Det står ikke noe om hvem som var prest i denne perioden. Arktander er nevnt som nr 6 og Holck som nr 7. En David Petræus er nevnt som kapellan 1600.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Svein Tore Dahl (2000) seier at Nils var prest i Veøy i tidsrommet 1580 til 1609. Dahl referer både til Tønder og Erlandsen kva gjeld dette. Dahl seier også at han er nemnd i lensrekneskapens sakefall som Hr. Nils i 1603. Her trur eg nok Erlandsen og Tønder er meir pålitelege enn Brovoll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Dahl har følgjande opplysningar om kapellan David Pedersson i Veøy; Han var ein bergenser som vart dimitert frå Bergen skule. Reiste til Trondheim i 1587 og vart kapellan i Stjørdal. Kom til Veøy i 1600. Vart sokneprest i Graven i Bergen. Døydde den 7. jaunuar 1642 ca 80 år gamal.Kan Graven vera Granvin eller er det eit prestegjeld som heiter Graven?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Gjerstad

Hei.Til (55)I følgje festskrift for Granvin kyrkje (1976) der mellom anna alle prestane oppramsa, og deriblandt er DAVID PETRÆUS (PEDERSEN) prest 1608 til 1642.Arne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Karin og Arne for den opplysninga!Eg er ute etter ein David som var far til Gjert Davidsson Mumme i Romsdal. Denne Gjert var sagbrukseigar i Romsdalen og truleg var mora av Mummeætta, medan faren var ein uidentifisert David. Det kan vera denne Granvin/Kinsarvikpresten om han fekk seg kone den tida han var kapellan i Romsdalen. Kjennes namnet på kona til David Pedersson?Gjert Davidsson Mumme vart gift med dotter til Åge Hansson Lyngvær og Synnøve Oudensdotter av Aspa og er gjennom sonen Hr. Gjert Gjertsson Mumme stamfar til mange nordmøringar, m.a. underskrivne. Kan nemna at den eine kona til Hr. Gjert i Hemne var Karen Knutsdotter Glad som også kom frå Vestlandet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Fredrik Buch

Hei Per (48), med litt hjelp fra Google fant jeg referansenJohn Robert Christianson,'On Tycho's Island: Tycho Brahe, Science, and Culture in the Sixteenth Century', Cambridge University Press, 2000, p251og her indikeres det at Niels Lauritsen Arctander (b1561, d1616) var først gift med Maria Stratmann (død før 1587), og deretter (g1587) med Karina Scavenius (d1615). Hun var datter av Professor Nicolaus Scavenius.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I ei presteliste frå 1619 referert i Personalhistorisk Tidsskrift B II s. 256 er David (Pedersson) kalla Hr. David Crispus Ulfvig (Ulvik). Er det nokon her som har vore borti dette slektsnamnet tidlegare? Prestesoga for Vestlandet (Lampe) seier ikkje noko om kone eller born til David.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.