Gå til innhold
Arkivverket

[#83243] Maria Ranes, dotter av Beran og Randi, fødd i Noreg 1854 - utvandra MN kr. 1874?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frå Amerika vert etterlyst opphavet til to søsken:Maria Ranes, fødd i Noreg 29.6.1854 - dotter av ein Beran (Bjørn?) og Randi - gifte seg i Waseca Co., MN 28.10.1878 med Johan Espenson Hatle, fødd i Fræna 16.5.1848, utvandra i 1870.Maria Hatle døydde i Freeborn Co., MN 24.10.1898.Me veit ho hadde minst ein bror:Paul (B.) Ranes, fødd i Noreg September 1852 (jmf. FT1900). Her går det forresten òg fram at han utvandra i 1874, og mori Randi budde i Ransom Co., ND ilag med han. Ho var fødd i Noreg i februar 1817 og skal ha utvandra i 1880!Truleg utvandra borni Paul og Maria først, og so følgde foreldri, eller i alle fall mori.MEN, kvar i Noreg hadde denne huslyden opphavet sitt ifrå?Eg står heilt fast, men vonar på hjelp frå Brukarforum og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti for imponerande opplysningar! Du har funne opphavet til dei to søskeni, og her ser eg foreldri i FT1865, då busette hjå sokneprest Bugge i Surnadal: [url="http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1566&kenr=006&bnr=0032&lnr=000>LenkeHer går det fram at dei båe er fødde i Oppdal, og her er vigsli deira i Oppdal i 1845:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hans Hyldbakk har litt om desse folka i B I av Heimar i Surnadal (s. 415 f).Her står m.a. at Beraug Eriksson Lien frå Oppdal busette seg på Gammelgeilen under Ranes ca 1850. Vidare er det opplyst at Beraug var f. 1814 på Lønset i Oppdal og kom til Surnadal saman med familien sin i 1850. Kona heitte Randi Pålsdotter og var f. 1818 i Oppdal.Hyldbakk oppgjev 4 born til Beraug og Randi, nemleg Hans f. 1843, Maret f. 1846, Pål f. 1848 og Maria f. 1854. Alle borna utvandra til Amerika, den yngste i 1873. Om den eldste, Hans er oppgjeve at han vart farmar, mens Pål kom til Hartland i Minnesota. Han vart i fylgje Hyldbakk ein rik bankier.Beraug kjøpte gardparten Oppigard på Øye og flytta dit i 1871, men i 1879 reiste både Beraug og Randi etter borna sine til Amerika. I følgje utvandrarlistene, så var reisemålet til dei to siste, Tasso, New Richland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Finn for eit nytt spennande innlegg!No har eg søkt utvandringslistene både over Trondheim og i kyrkjebøkene for Surnadal, men eg finn ikkje utvandringi til Maria Beraugsdotter nokon stad! Kanskje har eg oversett noko? Elles ser ikkje kyrkjebøkene ut til å vera heilt fullstendege når det gjeld emigrantane...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hyldbakk skreiv jo som nemnd i forrige innlegget mitt at Maria utvandra i 1873. Eg har også forstått det slik at utvandrarlistene er svært mangefulle den første tida. Kvar Hyldbakk har opplysninga frå veit eg ikkje. Om fødeåret til Maria er 1848, så kan ho neppe vera identisk med henne som Carsten har funne fram til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Finn for nye fine innlegg!Eg trurheller ikkje Marie Raanæs frå Trondheim kan vera ''vår'' Maria. Maria Beraugsdotter var fødd i 1854, so det er 12 års avvik!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.