Gå til innhold
Arkivverket

[#83627] Mannsnamnet Ehr?


Gjest Stein Arne Fauske
 Del

Recommended Posts

Gjest Stein Arne Fauske

I eit diplom om garden Set i Haram på Sunnmøre frå 1608 finn me fleire søsken med patronymikonet Ehr. Iallefall er det slik det har vorte lese av sogegranskarar i fleire generasjonar. Namnet er heilt unikt på Sunnmøre, og dukkar heller ikkje opp seinare, korkje i slekta eller andre stadar. Har nokon sett dette namnet andre stadar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

I Høyer-slekten fra Schleswig (som kom til Trondheim) er fornavnet 'Ehm' benyttet. Men det er vel ikke snakk om feillesning av 'Ehm' ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frode Myrheim

Eg trur det kan vera ei stuttform av Erik, lik den som er nytta i Sverike som Ersson. Fins denne forma elles i kjeldemateriale frå Sunnmøre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frode Myrheim

Dette er jo svært interessant. Forma 'Er' ser bare ut til å vera nytta i farsnamn eller samansetningar. Kjenner du farsnamnsformer på sa eller so frå Sunnmøre slik som t.d. Per Nilso eller Per Nilsa? Alstå det ein kan kalle målføreformer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Stein Arne Fauske

Nei, det førekjem ikkje. Iallefall kan eg ikkje hugse å ha sett det. (3) Ivar: Eg har sjekka lensrekneskapa. I diplomet er det nemnt tre brør Oluff på Set, Knut på Valderhaug og Grim utan oppgiven bostad. Diverre er korkje Oluff eller Knut nemnt med farsnamn i lensrekneskapa. Grim finn eg ikkje. Han er iallefall ikkje i Vatne eller Gryta skipreie. Oluff 'Ehrson' kjøper 3 mellag i Set av brørne og søstrene sine, i tillegg åtte han noko i garden sjølv. Han vert skattlagt for 4 mellag odelsgods frå 1610 og til ca 1640. Deretter dukkar det opp ein Erik Olsen på Set som også skattar for 4 mellag odelsgods. Mykje truleg er dette sonen, og styrker påstanden om at dette er ei stuttform for Erik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.