Gå til innhold
Arkivverket

[#83837] Kjende og ukjende Nordlendingar om lag første halvdelen av 1600-talet


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Denne tråden er meininga skal handla om ymse som kjem fram om personar i Nord-Noreg ved gjennomgang av lensrekneskapa som no er tilgjengeleg digitalt. Også andre kjelder frå same tidsrom kan sjølvsagt vera aktuelle for opplysningar.No er det truleg mangt av det som eg kjem til å spørja om som er kjent for lokalkjende, til dømes gjennom bygdebøker for dei ulike distrikta i nord. Men dei fleste i sør manglar nok desse bøkene, så da er det fint om folk med lokalkunnskap kan gje svar når eg eller nokon annan spør om eitkvart.Eg kan jo starta med dette brevet som ligg som eit vedlegg til lensrekneskapen for Helgeland 1614 LenkeI innleiinga til dette brevet heiter det at; Vi efterskivne, Lauritz Hansson, sorenskrivar på Helgeland, Claus Holst på Hølen, lensmann i Nesna tinglag, Stener i Fosland, Stener i Finvig (?), Jens på Sallet (?) og Per Michelsøn på Møgelbostad, Ædsvorne Laugrettismend i forne Nesna tinglaug osv. Datert 1615.Spørsmålet mitt blir da om noko veit meir om denne lensmann Claus Holst, - opphav og ev familie?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Av dette dokumentet Lenke går det fram at ein Holger Bagge var fut i Helgeland i åra 1593 - 1594. Då tok Enevold Kruse over og etter kvart fekk Kruse ein medtenar (ca 1598), Sivert Beck. Desse to heldt det gåande til ca 1605 då Morten Venstermand tok over.No har ikkje eg Dahl si bok om ombodsmenn i Nord-Noreg, men eg går ut frå at han har fått med seg desse futane.Kanskje kan den Hans Kruse eg nemner i (2) vera son til Enevold Kruse?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Lise Hovdal

Du Finn skriver at Svein Tore Dahl sannsynligvis har fått med seg disse to fogdene, men i boka 'Embetsmenn i Nord-Norge 1536-1700' er det ikke nevnt noen fogd på Helgeland mellom Peder Tuille i 1574 og min forfar Jens Mechlenborg i 1606.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Andre Martinsen for å gjera meg merksam på debatten om Kruse frå sist vinter. Det ser ut som det fulle namnet på Hans Kruse var Hans Hansson Kruse. LenkeAnne Lise. Truleg har eg blanda roller her, men så snart eg får tid skal eg prøva å få klårleik i dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Lise Hovdal

Skal bli interessant å følge med på hva du finner ut om dette Finn, men Helgeland kan vel heller ikke ha vært uten fogd for perioden 1574-1606. Noen må jo ha vært fogd der da også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Tråden om møringar har så langt handla mest om nordlendingar, inkludert Teiste og Benkestokk. Difor legg eg inn ei lenke her, slik at folk med slekt i nord også finn fram til ein del interessante ting som er kome fram om slekter på Helgeland og Salten. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Thomas Friis Konst

Mange takk for en interessant trad Finn, - det skal bli givende a folge med videre.Har ikke noe a bidra med pa det navaerende tidspunkt, men kommer tilbake om sa skulle vaere tilfelle/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Inger (9)Ja, Anders Teiste må vera med her og etter som eg forstår så hadde han også ein bror som er kjend, nemleg Peder Teiste. Desse to var søner til Olav (Torsteinsson?) på Horsdal og mora kan vera Anna Jonsdotter Benchestokk. Står litt om desse i tråden om møringane også.Eg nemner også ein Olav Kusse i Henningsvær nemnd i leidangslista for 1610. Det er M. Moum som gjer merksam på denne karen i Lund-debatten. LenkeThomas (10)Førebels har det ikkje vore så voldsomt aktivitet på denne tråden, men eg vonar at særskild dei som les lensrekneskap vil leggja inn interessante funn her. Det kan sjå ut som om folk flytta og reiste meir enn ein ser for seg, også tidleg på 1600-talet. Jektefart og handel er truleg ein av årsakane. Deifor er det viktig at opplysningane vert kjend over eit større område slik at ting vert lettare å kopla.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Som eit apropos til opplysninga om Olav Kusse i Henningsvær, kan eg dra fram ei opplysning i storverket som nettopp er kome frå NST med seglteikningar frå kongehyllingane i 1591 og 1610. For allmugen i Salten len har ein Aslak Russe Oppeid vore med og forsegla i 1591 (s. 215). Dette må utan tvil vera feil transkribsjon for Aslak Kusse. Vi veit jo frå før at ei grein av Kusseætta held til på Oppeid. Initialane til denne Aslak er A.O., noko som neppe vert noko anna enn Aslak Olavsson Kusse. Dette vert då også prova ut frå eit brev frå 1589. Dette brevet er delvis attgjeve i Grønlis artikkel om Aspatavla i ein fotnote s. 228 i NST XIII (1952). Grønli skriv m.a. at det var ein Olav Kusse på Oppeid i Hammarøy (den tid Steigen) i 1567. Kona hans heitte Karen Aslaksdotter og ho var enkje i 1589. Det er nemnd to søner til dette ekteparet i 1589, nemleg Aslak Olavsson på Oppeid som var gift med Anna Klausdotter. Dette må vera den same Aslak som deltok ved kongehyllinga i 1591. Men Aslak hadde også ein bror, nemleg Håkon Olsson Kusse. Han heldt til på Bø i Steigen i 1567 meinar Grønli. I debatten om Hustruer og Fruer har eg nettopp nemnd ei Hustru Anne på Bø. Kanskje er ho enkja etter Håkon Kusse, eller kan ho kanskje vera identisk med kona til broren, Aslak Kusse. Ho heitte nettopp Anna(e) hugsar vi. Grønli meinar dessutan at ein Arne Olsson nemnd på Oppeid i 1567 kan vera ein tredje bror. Olav Kusse i Henningsvær kan vera son til ein av desse. Kanskje er det muleg å finna patronymikonet i ei eller anna skatteliste.Kan jo også nemna at lensmann og jekteskipper, Olav Engelbregtsson Mesøya er ein av dei som skriv under på kongehyllinga, men det var i 1610. Olav skriv under som den første. Han er ein del drøfta i tråden om møringane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Eide

Skattematrikkelen 1647- Bind XVI Nordland.Siden Holst var nevnt:Salten fogderi, Bodø fjerding:BertnesMathias Holdst 4 1/2 wLofoten fogderi, Hoels fierding:Ydsted 1wJoenn Benchestoch. 1w Giffuer styrmandschat. Hvilken Benkestokk, hvor bor han?Niels Persens arffuing(e)r i Bergen bygger.Waage fieringh:Velb. Daniel Bild Knudtsen bygger 1w (hvem er dette?) Vesterålen fogderi. Ulvøy fjerding:Husbye 2 wHans Wibe 2w Hans Wibe bygger, er hans odell. (vet noen mer om denne Wibe?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Trådtittelen er vid, men for å begynne med dei kjende: Pinse 1626 finn eg første innføring av Petter Jakobsen som godssamlar på Helgeland: th, nedre tredjedel: [url="http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/20411/3>http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/20411/3Petter Jakobsen er den Petter Jakobson Falk som vart morfar til Petter Dass

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hei Inger (13)Kan nok ikkje identifisera alle desse personane du nemner i dette innlegget, men litt om Daniel Bildt Knutsson finn du i debatten om De Galders gods (debatt nr. 58626) m.a. i innlegg (366). Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Til 13: Jon Benkestok i Justad er omhandlet i Benkestok-rapporten (Vigerust m.fl. 1999). Det sies at han ”kan ikke innpasses i Jon 2 Benkestokks etterslekt på Meløy. Derimot kan han vel være en etterkommer etter Anders 2, for eksempel som sønnesønn.” Man kan altså ikke si noe sikkert om hans herkomst.For meg ser det ut som vi har en (ukjent?) Jon Benkestok på Meløy ved landskatten Martini 1633: http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/20646/2 Kan det være han som er på Justad i 1647? Kan han være sønn av Anders Jonson Benkestok på Meløy? Eller skal det stå Johan? Jeg vet ikke.En Petter Gåsvær sitter samme år på Benkestok-gods som senere tilhører den i og for seg velkjente Jon Olsen i Gåsvær og Øysund. Hvordan kan det forklares? Her er det nok å ta tak i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Marius Setsaas

Leif (17):Har sett på 1666 mantallet for Lofoten etc, og da er Jon Benkestokk ikke nevnt på Justad.En tilfeldighet likevel, at oppsitteren på nabogarden, Gnr. 18 Kragli, heter JON ANDERSSØNN, 63 år..?[url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=mt66lofo&gardpostnr=835&merk=835#ovre>LenkeDenne Jon Anderssønn forekommer ikke på Kragli i 1647 matrikkelen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

18: Kanskje noen har bygdebok for Hol hvor han kan være omtalt?19: Mulig det, men jeg synes skriftbildet ligner på Joen Storwigen (litt lenger opp) som jeg andre år oppfatter som en tydelig Jonn eller Joen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johs H Hammer

Finn (21), Vivian Fjordholm gjør greie for eierforhold knyttet til denne 4 vågsparten i Mårnes i Gårds og slektshistorie for Lødingen II, under Ytterstad, s 588. En Størker Pedersen var den andre brukeren på Ytterstad. En sønn av denne het Iver. Sammen med medarvinger overtok han en 4 vågspart i Mårnes etter Oluf. Denne parten skifter eier, og i 1634/35 er en Jacob Edissen Ytterstad eier.Den 4 vågsparten som Torkel Jensen i 1647 hadde, kan være samme parten.I 1567 var det 2 stk Per som brukere på Ytterstad, en Per Torkelsen og en Per Persen. Forfatteren skriver at Oluf Pederesen muligens er en sønn av førstnevnte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ja, det høyrest ikkje ulogisk ut at det var parten som Olav på Ytterstad sat med i 1610 at Torkild Jensson på Lund hadde vorte eigar av i 1647. Mårnes var ein stor gard på heile 14 våg fisk i landskyld, der kongen var eigar av 2 våg. Dei 12 resterande våg var på private hender første halvdel av 1600-talet. Største parten på 4 1/2 våg eigde futen Christen Christophersson på Horsdal i 1647, medan Stenfinn i Misvær eigde den minste på 1/2 våg. Torkild eigde så 4 våg medan systra, Synnøve Jensdotter eigde 3 våg. Den siste parten må være den som Jens Eriksson på Måløya sat med i 1610.Sidan partane i Måløy verkar å ha vore stabile første halvdelen av 1600-talet så verkar det logisk av det var parten til Olav på Ytterstad (1610) Torkild sat med i 1647.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Landskatten for Nordlands len 1620 har ein oversikt over odelsgods som arvingane etter Henrik Jørgensson Staur no skulle betala odelskatt for. Det same galdt for arvingane etter Laurits Dahl. Også arvingane etter lagmann Peder Hansson Schønnebøll var saksøkt av Frantz Kaas for slik skatt. Det var på herredagen i Skien 1619 at dette vart handsama. Det går fram av herredagssaka at Axel Henriksson Staur var representant både for arvingane etter Peder Hansson og seg sjølv og sine sysken. Vidare går det fram at Axels bror, Jørgen Pedersson Staur nettopp hadde ekta Peders dotter, (Karen). Vidare er ein tredje bror ved namn Henrik Henriksson Staur nemnd. Det er nemnd at Jørgen Staur gjennom sin kone hadde rett på ein femtedel av godset etter Peder Hansson.Det går også fram at godset til lagmann Henrik Staur i Nordland var på 8 våger.Kva gjeld godset etter Laurits Dahl, så stamma det truleg frå Hans Gås (eller helst denne si kone som var dotter til lagmann, Hans Bagge). Dette er drøfta i ein eller annan debatt tidlegare her på forumet, truleg i ein debatt om Gaas. Det er sagt at: Vor faderbroder daatter Karine dall som døde anno 1611, och waar samme gods hinder tilfalden effter hendis Moder, Karine Fridag, Erliig och Welb. Mester Hans Gaasis daatterdaatter, och efter hendis moderbroder Hans Fridag'. Ove Dahl som representerte arvingane etter Laurits Dal nemner sin morfar 'Hans Olsøns breve', kanskje feillesing av Hans Offesson? Staurgodset stamma helst frå Henrik d.e. si kone, Adelutz Andersdotter Benkestokk. Godset til Peder Hansson Schønnebøl er ikkje lista.Namnet på gardane finst her. LenkeGodset til Peder Hanssons arvingar var det Hertuig Hansson Seivåg som hadde i ombod.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Godset som Henrik J. Staur eigde i Salten var som følgjer:Udi Nørstad (Skjerstad) i Saltens fjerding 4 våg.I Søre Arnøya i Gildeskål fjerding 1 pundI Nordre Arnøya 1 vågI Øvre For 1 ½ vågVi ser at dette blir mindre enn 8 våger, så Henrik har truleg eigd litt odelsgods i Lofoten også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.