Gå til innhold
Arkivverket

[#83852] Hans Torstenson og Paulina Andreasdotter Jahrseiget, Hurum - utvandra dei 1867?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Denne huslyden budde 1865 i Jahrseiget i Hurum:~~~~~~~~~~~~~~~Hans Torstensen Husfader g Huseier Vedhugger 1823 Hurums Prgj.Pauline Andreasdatter hans Kone g 1825 DrammenKarl Hansen deres Søn ug 1851 Hurums Prgj.Ingar Hansen deres Søn ug 1852 Hurums Prgj.Søren Hansen deres Søn ug 1856 Hurums Prgj.Olaus Hansen deres Søn ug 1857 Hurums Prgj.Anna Hansdatter deres Datter ug 1859 Hurums Prgj.Otilia Hansdatter deres Datter ug 1863 Hurums Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~Frå Amerika vert det påstått at denne huslyden utvandra i 1867. Eg finn dei ikkje i utflyttelistene frå Hurum, men dei ser ikkje særleg komplette ut.So er det spørsmål: Kan ein eller annan med lokal kunnskap om ættene i Hurum, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, stadfesta eller avkrefta denne påstanden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Carsten for kjempefine innlegg om denne huslyden frå Hurum! Men opplysningane som de har funne, provar, diverre, at dette ikkje er den huslyden som eg leiter etter! Eg har vore på leiting etter opphavet til ein Ole Thompson, fødd i Noreg i februar 1857 som son av Hans Thompson og kona Pauline, og heile huslyden utvandra til Amerika kring 1867!''Alt'' passar so godt på Olaus i denne huslyden, men dei sndre opplysningane gjev altso prov om noko anna!Eg vil ta opp att dette spørsmålet under ny ''heading'' og vonar at me no kan finna rette folki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.