Gå til innhold
Arkivverket

[#83881] Anders Ingebrigtson og Ingeborg Guttormsdotter på Rusten i Sel, Vågå - opphav?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1865 for Rusten i Vågå, truleg ein plass under Prestegarden i Sel(?), syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Anders Ingebretsen Husfader g Husmand med Jord 1819 VaageIngeborg Gudbrandsdatter hans Kone g 1831 VaageAnne Andersdatter deres Datter ug 1854 VaageIngebret Andersen deres Søn ug 1857 VaageGuri Andersdatter deres Datter ug 1862 VaageErland Andersen deres Søn ug 1865 VaageBridt Andersdatter hendes Moder e Føderaadskone 1806 Vaage~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Her er vigsli til foreldri, Anders Ingebrigtson Dahleslaaen og Ingeborg Guttormsdotter Rusten 9.6.1850: LenkeDotteri Anna vert frå Amerika opppgjevi fødd i Vågå 16.8.1854, men denne fødsli finn eg ikkje i kyrkjeboki korkje for Vågå eller Sel.De vert òg sagt at huslyden utvandra til Amerika i 1868, men heller ikkje der kan eg sjå noko meir til dei!Kanskje ein eller annan med lokal kunnskap, eller med tilgjenge til bygdebøkene for Vågå, kan hjelpa meg finna svar på følgjande spørsmål:* Kvar i Sel/Vågå ligg Daleslåen - under kva gard?* Kan de stadfesta at Rusten ligg under Prestegarden i Sel? Eller kvar ligg denne plassen?* Er det mogeleg å finna rett fødselsdato for dotteri Anna?* Er det mogeleg å finna rett utvandringsår for denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Tverå

Dåpen til Anne: Lenke (selvfølgelig i den kirkeboka du ikke sjekket)Slåen er navn brukt på flere plasser/bruk under garden Dale. Garden ligger ligger oppe i dalsida på nordsida av Ottaelva (i Ottadalen retning Vågå) 2-3 km vest for Otta sentrum.Rusten er gardsnavn som finnes både i Sel og Heidal. Den garden du er ute etter, må være den i Heidal. Jeg kan ikke si om dette er/var prestegarden i Heidal. Her kommer lokalkunnskapen min til kort. Det meste jeg har lært om Sel og Vågå har jeg fått fra Aud Sandbu.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mari Lien

Den Ruste det her er tale om er Langruste i Heidal, husmannsplass under nørdre Prestegarden. Du har kanskje høyrt om smeden Per Langrusten. Det var han som rydda Langruste rundt 1730. Ingeborg Guttormsdotter er oldebarnet hans. På Prestegarden er det eit bilde dei meiner er av Langrustfolka, ein stor familie. Eg skal finna året dei reiste ut seinare i dag. Per Langrusten er forfar min fire gonger(giftarmål innan slekta). Er det spørsmål frå Amerika eller kva, som gjer deg intressert?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Geir og Mari for interessante og nyttige innlegg!Fødselsdatoen hennar Anna er ''i boks'', og slik eg tolkar opplysnngane, so ligg denne Prestegarden med underliggjande plass Rusten i Heidal sokn, medan Daleslåen ligg under Dale i Sel sokn.Det einaste som då manglar, er ei stadfesting av utvandringsåret for Anna og foreldri hennar...?Som bygdebokskrivar for Luster kommune, er det viktig for meg å få plass opphavet hennar Anna Andersdotter, som i Amerika gifte seg med ein utvandrar frå Hafslo i Luster.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mari Lien

Per Erlandsen Langrusten og kona Marit Østensdotter, frå Rudi, hadde fire born: Ingrid, kom åt Kjølstad på Lalm, Mari vart gift åt nørdre Ro, Erland tok over Langruste og Østen reiste åt Namdalen. Far til Ingeborg, Guttorm, var altså son til Erland. Av åtte Erlandsøner vart han ved Langruste. Guttorm hadde to barn, men berre Ingeborg levde opp. Anders og Ingeborg reiste til Amerika juni 1868. Reisemålet var Detroit. Dei hadde fem born då dei reiste. Med dei vart ætta hans Per borte i Langrusten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Mari for siste innlkegget der utvandringsåret ogso er med! Då har eg kva eg treng.Elles kan eg leggja til; dei utvandra til Detroit Lakes, Minnesota, som på den tidi vart kalla Detroit. Dei var nok aldri i byen Detroit, Michigan.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.