Gå til innhold
Arkivverket

[#83979] Lorentze Frederiksdatter og Hans Eriksen.


Gjest Marianne R. Danielsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Marianne R. Danielsen

Hei!Jeg holder på å nøste opp anene til Lorentze Frederiksdatter og Hans Eriksen, og har funnet en del nyttig info, bl.a fra tema 44490 her inne.Det jeg lurer på, er om noen vet om det finnes bilder av Lorentze og hennes familie noen plass? Det hadde vært flott hvis noen brukere her inne vet noe. Mvh. Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne R. Danielsen

Eller hvis noen vet om det er nedskrevet historier eller lignende om dem og deres familie. Det hadde vært veldig fint. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Hei Marianne! Eg tvilar på om det finst noko foto av Lorense Fredriksdatter og Hans Eriksen. Dei døyr vel litt for tidleg til det. Men eg kan i det minste formidla noko om livet deira. Som du vel veit, var Lorense døypt på Røros i 1798, faren skriven Fredrik Palm, som etter alt å døma var den same som Karl Fredrik Fredriksen Hartmann. Mora var ei Marta Andersdatter, som eg meiner var syster til Kari med kjeften, og som blei andre kona til Karl Fredrik (sjå artikkelen min om Kari med kjeften og Per hesteskjerar i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift om argument for dette). Hans var truleg som du vel og veit, født ca 1795-96, og var son til eit reisande par som heitte Erik Pedersen Holmgren og Anna Sofie Pedersdatter Grønvall (ho vart gift oppatt med ein Jakob Olsen). Hans Eriksen var på vandring aleine frå våren 1816, då han var innom byfogden eller politimeisteren i Trondheim med fleire presteattestar og fekk reisepass til Lofoten. Men ikkje lenge etter var han innom Kristiansund, og seinast sommaren 1818 var han komen saman med Laurense i det sørlege Norge, for 11. mars 1819 fekk dei sonen Gulbrand (Hansen) som vart døypt i Hedrum i Vestfold tre dagar seinare. Denne Gulbrand døydde etter alt og døma som spebarn. Året etter, 3. april 1820 fekk dei så dottera Anna Sofie (Hansdatter) og fekk henne døypt i Vang i Valdres (i Oppland). 2. september 1822 kom så ein ny son Gulbrand (Hansen), som vart døypt seks dagar seinare i Hunn kyrkje i Vardal i Oppland. Og så 18. mars(?) 1825 fekk dei sonen Fredrik (Hansen) som vart døypt ni dagar seinare i Solum i Telemark. Ved desse dåpshandlingane og i reisepassa til Hans og Laurense, er Hans Eriksen dels kalla gjørtler, dels kopparslagar, men i 1825 også blikkenslagar. Då dei døypte borna vart dei oftast sagt å vera frå Lesja, ein gong spesifisert som innerstfolk på Busjordeie på Dovre. I 1819 hadde dei med seg ein Fredrik Fredriksen, som vart sagt å vera Hans sin brorson, men det er vel meir rimeleg at denne Fredrik var ein slektning av Laurense.I 1840 reiste ei Marta Johannesdatter (og skriven Jonsdatter) saman med dei. Desse to var vel mest som tenarskap å rekna, eller var i opplæring. Etter passa var Hans 66 3/4 tommar høg, det er ca 174-175 cm, som var rimeleg høgt på den tida, men han var elles måteleg av vekst og bygning. Han hadde blå auger og lyst hår. Seinast sommaren 1831 hadde han fått eit lite arr over det høgre auga, og våren 1846 er det sagt at han var einauga, så kanskje var skaden så stor at han misste synet på høgre auga! Laurense var middelmådig av vekst, men hadde svart hår og blå auger, og sommaren 1838 vart ho sagt å vera lita og undersetsig. Dei to reiste fram til ca 1826-27 i det sørlege Norge, etter alt å døma så godt som berre på Austlandet, men kansje med ein og annan avstikkar til mellom anna Sunnfjord. Men seinast hausten var dei komne til Fosen, og frå då av var dei i hovudsak å finna reisande frå Romsdal-Nordmøre over Trøndelag og vidare nordover til Finnmark. Der nord tok dei seg fram med eigen båt, men av og til - særleg vinterstid - var veret så ille at dei måtte stogga over lengre tid på same staden. Dette ser ut til å ha vore tilfelle mellom anna vinteren 1830, då dei fekk lov til å stogga i Salten nokre månader, men måtte straks ta ut att 'saa snart de haardeste vintermaaneder er udløbne'. Det året var forresten Hans og stefaren, Jakob Olsen, i tingingar med ein Nils Norby der nord om eit 'lite stykke land Jægtvigen', der dei ville 'bygge og bo', og Nils gav Hans attest på at han var eit 'meget skikkelig og flittig menneske'. Elles ser det ut til at Hans og Laurense til tider reiste saman med andre familiar. Ikkje uventa finn vi dei saman med Kristian Hallberg og kona Anne Marie i Trøndelag gjennom vinteren 1828. Anne Marie var nemleg syster til Hans. Og seinare same året var dei saman med Ole Olsen Holm og kona hans, Johanne Vilhelmine Eliasdatter, som Hans forresten også hadde møtt i Trondheim i 1816 (då var ho saman med ein Nils Andersen, som nok er den kjende Nils Meldal). Av og til (som våren 1831) trefte dei også på mor til Hans, Anna Sofie Pedersdatter, og andre mannen hennar, Jakob Olsen. I slutten av 1830-åra, reiste dei ei tid saman med ein Johannes Holm og brordotter hans. Og i slutten av 1840-åra hadde dei ei kort tid same reiseruta som Karl Johansen og Magdalene Børresdatter. Også andre reisande var av og til inne på dei same stadene som Hans og Laurense på same datoen som dei, for å få fornya reisepassa sine. Etter kvart tok også dei tre borna som voks opp, eigne reisepass. Sonen Gulbrand kjenner eg reisepass for frå våren 1839, og frå og med 1840 var dottera Anna Sofie komen saman med Henrik Henriksen og reiste på passet hans. Dette første året reiste Anna Sofie og Henrik saman med foreldra hennar omkring i Midt-Norge. Sonen Fredrik Hansen reiste framleis på foreldra sitt pass då. Men året etter ser det ut til at han også har tatt sitt eige pass, då han og kona Anniken Nikolaidatter døypte sonen Gulbrand i Alta (1841). Det meste av materialet mitt er for tida nedpakka då eg har tømt kontoret mitt i samband med overgangen til pensjonisttilværet, så den endelege lagnaden til Hans og Lorense kan eg ikkje gi deg i dag. Men det har du kanskje sjølv frå før. Vennleg helsing arnvid l.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne R. Danielsen

Arnvid; Tusen takk for utfyllende svar! Det er så godt å lese en sammenheng, det gir liksom så mye mer enn 'bare' navn og tall. Anniken Nicolaisdatter fikk jo ei datter som også fikk navnet Lorentze, og denne yngste av Lorentze'ne er mor til en bestefar i min slekt. Derfor denne intr for akkurat disse.Vi skal prøve å finne fram til det tidsskriftet du fortalte om, for å lese der også. Tusen hjertelig takk! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest nina berg

Hei Arnvid. Her var en del ting som var nytt for meg også. Takk for at du skrev så utførlig. Men en ting har jeg aldri fått svar på.Hvor ble det av Hans og Lorentze til slutt? Har lett etter de,men uten resultat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne R. Danielsen

Nina; Jeg fant dem i passprotokollene og ett par ganger på tukthuset, men vet ikke hvor de endte til slutt. Jeg vet ikke om du har sett dette, men er litt info om Lorentze her. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Marianne! Eg trur ikkje Norsk Slektshistorisk Forening har lagt artiklande frå Norsk Slektshistorisk Tidsskrift ut på nettet. Så enten må du ta kontakt med forenina (Postboks 59 Sentrum, 0101 Oslo)og be om heftet som har nummeret Bind XLI Hefte 1 (2007), eller du kan gi meg postadressa di til e-postadressa mi arnvid.lillehammer@lyse.net så skal eg senda ein kopi i posten. Vennleg helsing arnvid l.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.