Gå til innhold
Arkivverket

[#84036] Julia Nelson frå Veggli i Rollag - fødd 1861 - utvandra 1886 - men kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

John A. Mittun frå Hafslo i Sogn (1860-1929) var gift to gonger i Minnesota, og båe konene hans skal ha vore frå Veggli i Rollag.Kone nr. 2 (vigde 7.8.1901 i Bagley, MN) var Julia K. Knutson, som før er identifisert som Gro Knutsdotter frå Årvelta ved Veggli, fødd i Rollag 4.8.1867 som dotter av gardbrukar Knut Knutson på Årvelta og kona Christi Sebjørnsdotter frå Stjerndalen i Nore. Ho utvandra i 1886.Men kven var den første kona til John Mittun. Alt det står i vigsli i Polk Co., MN 19.8.1891 er ''Julia Nelson'', men då ho døydde i Fosston, MN 25.3.1898, er ho oppgjevi fødd i Noreg 9.7.1861.Julia Nelson skal som nemnt ha vore frå Veggli i Rollag, og ifølgje eit barnebarn skal ha òg ha utvandra i 1886. Det vert endå sagt at dei to var skylde med kvarandre!?Eg har blatt i kyurkjebøkene for Rollag, men den einaste eg finn, som KAN likna litt, er ei Gunnhild Nilsdotter, fødd ''uekte'' i Rollagg 3.6.1862 og døypt 6.7.1862 (Lenke). Kan det vera ho?? Kven var i so fall foreldri hennar? Og finst ho som emigrant i eller kring 1886?Eg står ''bom'' fast, men kanskje er det einkavn med lokal kunnskap eller med tilgjenge til bygdebøker som kan hjelpa meg vidare?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for ei svært hyggeleg morgonmelding!Dette ser jo svært so bra ut! Eg er overtydd om at du har funne den rette ''Julia'' Nelson. Fødselsåret avviker rett nok med tre år, men datoen stemmer heilt, og utvandringsåret høver ogso godt!Eg har funne ut at mori Live Knutsdotter var oppvaksi på Helle nordre i Rollag, og der budde Nils og Live sidan som gardbrukarar (jmf. dotteri Ingeborg, fødd der i 1867), men eg kavar lite vetta med opphavet hans Nils Olson. Den einaste ''kandidaten'' eg finn i Sigdal er denne i Eggedal, fødd i 19.10.1835 (Lenke), men kva er det for eit gardsnamn som står der? Sillerudeiget? Og korleis får han Bratterud-namnet? Det er Bratterud både i Sigdal og i Rollag!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.