Gå til innhold
Arkivverket

[#84116] Søskenflokk frå Urnes i Hafslo - til Amerika, men kva tid - kvar gøymer dei seg?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sjur Thomasson Kinserdal, fødd i Årdal 18.10.1825, gifte seg i Årdal 23.11.1851 med Guro Halvorsdotter (Natvik), fødd i Årdal 16.9.1817. Parfolket kom i 1862 som plassfolk til Kinserdalen under Urnes i Hafslo, og Guro døydde der 2.7.1884.Sjur sat att åleine, men utvandra same hausten 1884 til Faribault Co., MN der han døydde 26.12.1884. Dei fekk fire born i lag, som alle skal ha utvandra:1. Thomas Sjurson (Severson?), fødd i Årdal 14.5.1851, lagnaden er heilt ukjend, men me trur han utvandra kring 1870(?)2. Halvor Sjurson (Harvey Severson), fødd i Årdal 9.6.1853, utvandra truleg til Amerika kring 1872(?) og gifte seg i Faribault Co., MN 6.6.1876 med Elsie Hovland frå Årdal. Dei fekk tretten born.3. Synneva Sjursdotter (Susie Severson), fødd i Årdal 10.5.1856, utvandra til Amerika i 1875 og budde i Faribault Co., MN, ugift.4. Britha Sjursdotter (Bertha Severson), fødd i Årdal 31.8.1859, utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg i Faribault Co., MN med Anton Newgard. Dei fekk fire born.So er spørsmålet: Er det i det heile mogeleg å finna utvandringane til Thomas og Halvor Sjurssøner? Dei kan ha skrive seg Kinserdal, eller Urnes, eller Lægreid, eller Eldegard...?Eg tek gjerne òg imot tips om lagnaden til eldste broren Thomas og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.