Gå til innhold
Arkivverket

[#84190] J. Eriksen, komponist av Vossevangens Festmarsj (?), ca 1882


Gjest Marianne Bakketun
 Del

Recommended Posts

Gjest Marianne Bakketun

Kven var denne J. Eriksen. I fylgje årbøker og jubileumsbøker på Voss, var han med å starta Hornmusikk på Voss ca 1882 (seinare Voss musikklag). Han er berre omtalt som J. Eriksen frå Brigademusikken i Bergen. Nokon påstår han heitte Jens, andre meiner bestemt han heitte noko anna på J, men kva? Har vore i kontakt med musikkavd på BOB, utan at dei greidde å finne noko.I 1865- og 1885-teljing for Bergen finns det ein Jens (Andreas) Eriksen som er musikkelev (1865) og pianostemmer i 1885. Han er å finna som gift i Kragerø i 1900, oppført som organist. Kona er i frå Bergen. Ei dotter, Sofie Eriksen fødd i Kragerø i 1893. Kan dette vera rett mann? I 1910 er kona attende i Bergen som enke og dottera er med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Marianne. Det ser ut som om du har fått eit tema heilt for deg sjølv her, men det var vel ikkje meininga.Dessverre ikkje så mykje eg kan hjelpe til med, men eg har i alle fall funne giftemålet mellom Jens og og Anna Gertine i Bergen i 1875, og her er Jens oppført som Musiker. [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=17&filnamn=vigd1816&gardpostnr=13714&merk=13714#ovre>LenkeKanskje den største sjansen din, er om du hadde funne etterkommarar av Sofie, som forhåpentlegvis kjenner til farens 'meritter'. Det er litt rart om det ikkje skulle finnast fleire barn etter Jens og Anna, i og med at det går 20 år frå dei gifte seg til Sofie blei fødd. Eg tar med registreringa frå 1910 her LenkeDette må vel være Anna som dør i 1939. Kanskje finnes det eit skifte som kan gje oversikt over etterkommarar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Takk skal du ha, Egil. Enno står det att å finna ut om det er/var denne Jens Andreas som komponerte Vossevangens Festmarsj. Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.