Gå til innhold
Arkivverket

[#84314] Hans Karstensen Tanke, Hedemarken, og etterslekt på Helgeland og Nordmøre


Gjest Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

I tema 19997 (innl. 43-66) drøfta vi tingbokinnførsler frå Helgeland på vårtinget 1755. No ser eg at same tema var oppe på vårtinget 1754. På s 245 A (nedre halvdel) og 246 listar rettsprotokollen opp etterslekt etter sorenskrivar på Hedemarken, Hans Carstensen Tanche.Innskrifta begynner: 'I anledning av en proklama udstædt af Provsten O. Ancher på Tingsager[?] præstegard den 10. aug. 1754, som skifteforvalter etter afgagne S. A[?] Thomas Boesen forrige sognepræst til Stange Sammesteds - - men er ikkje spesielt lettlest.Tingboka nemner barna Nils Hansen Tanche på Skei og Sund og Hellebore Hansdtr Tanche i Solør, Værdalen og Støre i Skogn, og barn og barnebarn til desse.Det kjem vel ikkje fram noko nytt utover det som stod året etter og som er tolka i tema 19997, men oppsetter er meir oversiktleg her, og innførslene høyrer i hop sidan dei gjeld same saka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hei Knut!Fann ikkje noko om Nordmørsgreina i denne innførselen, men kanskje har eg oversett noko? Eg skumma berre raskt igjennom.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Eg leitar ikkje heilt i blinde etter desse vitneavhøyra. Lokalhistorikaren Mikal Jakobsen (1857-1942) gjorde notat om avhøyra som gjaldt Tanche-slekta frå denne tingboka for snart hundre år sidan. Så vidt eg kan sjå, er det vitneavhøyra frå hausttinget 1754 og vårtinget 1755 han referer frå på eit lausark eg har liggande.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.