Gå til innhold
Arkivverket

[#84342] Kvar vart det av Marie Kvisvik Olsen (1842-19 ) - frå Frei til Bergen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Marie Andersdotter Kvisvik, fødd på Kvisvik i Frei 26.10.1842, gifte seg i Kristiansund 8.5.1864 (tvilsam dato - sjå første vigsli på denne siden: Lenke) med Christian Olsen (Kinserdal) frå Hafslo i Sogn.Christian og Marie flytte til Bergen der Christian døydde 9.1.1889. I 1891 var Marie Olsen ''vaskekone'' busett på Engen 45 i Bergen, medan ho i 1900 var ''fattigunderstøtta'' busett på Øvre Korskirkeallmenning i Bergen.Dei fekk åtte born i lag; fleire døydde som born, og alle dei andre ser ut til å ha butt i Bergen, unnateke Anna Magdalene Olsen (fødd i Bergen 25.9.1877), som budde i lag med mor si i 1891, men som dereter ''forsvinn''!Men kvar vart det av Marie?? Eg finn ho ikkje avlidi i Bergen 1900-1911; eg finn ho ikkje i FT1910, og etter eg har sjekka alle avlidne Marie Olsen i Bergen 1912-1935, finn eg ho ikkje der heller!Kanskje er det nokon som har betre auge enn eg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.