Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#84375] SF Fitje i Gloppen: var Peder Monsson Fitje son til Susanne Slagstad?

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Peder Monsson er omtala i mange ulike tema, og han kjem nok til å bli etterspurd seinare, sidan han dukkar opp i anetavla til svært mange som ættar frå Gloppen, derfor denne eigne tråden for spørsmålet.Eg legg ei lenke til kjelda for denne hypotesen Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 4a , 1708-1709, oppb: Statsarkivet i Bergen.Merknader: Fol. 1-204. Register 1708 fol. 63.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24219/53>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24219/53Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Avsnittet eg vil ha studert nemner to guteborn, Lars og Peder Anderssøner.Dei er sonesøner av Susanne Slagstad, fordi det står 'Da det intet skiftebrev er at finde etter deres Sahl Farmoder Susanne Slagstad--'Ho har altså hatt ein son Anders Pederson. Ho har også hatt ein son Mons Pederson Maurstad, som er omtala som 'deres Farbroder'.Vi veit at Susanne var gift med Peder Andersson som skal vere død rundtom 1658, og i tillegg til Anders og Mons hadde dei dottera Sofie (Suffi-Lill) som vart gift med Mads Erikson Eide.Vi veit også at Susanne mest sannsynleg hadde vore gift med Mo(ge)ns La(u)r(it)sson, borgar, fyrst.Avsnittet som eg ser på her handlar om pengar som var utlagt til smågutane Lars og Peder Anderssøner i skiftet etter Lusie Monsdtr Almenning i 1696, eit skifte som er bortkome.Ikkje unaturleg, dersom ho var halvsyster til far deira. Dottera til Lusie Almenning heiter dessutan Susanne.Men så kjem titusenkroners-spørsmålet: Kvifor skal desse pengane nemnast i skiftet etter Peder Monsson Fitje - er det andre tenkjelege årsaker enn at Peder er bror til Lusie?I 1701 er det skifte etter Lusie sin enkjemann, Peder Olsson Almenning, Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 2a , 1701-1703, oppb: Statsarkivet i Bergen.Merknader: Fol. 1-189. Register 1701 fol. 104.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24216/82>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24216/82Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Det blir visst ein diskusjon med meg sjølv dette, men det kan kanskje vere nyttig og - no ser eg nemleg noko nytt her, i (3) i denne tråden: LenkeOm AMD på ei sølvskei gjeld fyrste kona til Peder Monsson Fitje - så kan kanskje HO vere dotter til Mons og Susanna på Slagstad? Ville det gje Peder dei rollene i skifta som han har fått? Ville skiftebrevet etter Lusie Almenning kunne nemnast i Peder sitt skifte dersom han ikkje var bror hennar, men svogeren?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.