Jump to content
Nasjonalarkivet

[#84394] Ramborg Knutsdotter


Recommended Posts

Guest Ole Gilje Dale

Arne Kvitrud har skrive om Gard-familien. Der nemner han også ei Ramborg Knutsdotter som testamenterar til Alvastra kloster i Sverike. Kvitrud konkluderar med at den svenske Ramborg ikkje kan vera den same som er gift med Gard Toresson. Eg hadde sett stor pris på om Kvitrud kunne gå nærare inn på emnet med fleire dokumentasjonar.Med venleg helsing Ole Gilje Dale

Link to comment
https://forum.arkivverket.no/topic/169728-84394-ramborg-knutsdotter/
Share on other sites

Guest Ole Gilje Dale

I 1374 søkjer ei ung enkje, Ramborg Knutsdotter, om å få flytta inn i huset til den nyleg avdøde heilage Birgitte nær Alvastra kloster i Sverike. Ho vil til og med ha lov til å ha tenarinne med seg. I den samanheng testamenterar Ramborg namngjevne eigedomar til klosteret. Eg meiner at denne Ramborg Knutsdotter er den same som seinare vart gift med Gard Toresson.I Sverike var det slik at familien og slekta måtte skriva under på gåvebrevet, anten dei var framtidige arvingar eller medeigarar. Dei som var sigillantar saman med Ramborg var av tjukke slekta eller besvogra med mora til Ramborg, Mereta. Dokumenta eg byggjer på er nemnde mange gonger i ein svensk og ein norsk årelang diskusjon i Anbytarforum og Digitalarkivet. helsing Ole

Guest Ole Gilje Dale

Alv. Hyggeleg spørsmål. Det er snakk om fire dokument. Eg vil rå deg til å få avskrift av alle. 'Brevnummer 10568. Riksarkivet- Medeltidsregisteret- svensk diplomatariums hovedkartotek over medeltidsbreven. Brev 29/7 1374. Biblioteket er til stor hjelp.Men eg kan nemna medsigilantane i dette brevet;vepnar Nils Magnusson,Karl Tjalvesson,Peter Knoppe, Johan Abjørnsson, Nils Eriksson,Arvid Håkansson.' Det er med fare for at eg opplyser feil, så gå på biblioteket.Ole

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.