Gå til innhold
Arkivverket

[#84474] Mord på tre tyskarar i Leikanger 1911


Gjest Knut Skjånes
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut Skjånes

I 1911 skjedde det noko her i Leikanger som ei lokalavis kalla Eit Skræmelegt Hende. Det starta med at tre tyskarar tok inn på det dåverande Olsens Hotel i Leikanger. Det var Louis Asmus, systera hans Johanne Lehmann, født Brochmann og sonen til den sistnemnde, ein gut på 12 år med namnet August Lehmann.. Louis Asmus var ingeniør ved eit stålverk i Hannover. Dei budde alle på eitt rom. Ein dag kom dei ikkje ned til frukost og ein av personalet glytta på døra og ho vart særs forskrekka da ho fann dei alle tre drepne med kulehol i hovudet. Fru Lehmann og sonen hadde to kulehol kvar, Asmus hadde eitt. . Politiet vart naturlegvis straks varsla og det same vart den tyske generalkonsulen i Kristiania. Den sistnemnde oppmoda om at dei drepne vart gravlagde så snøgt råd var, og dei vart gravlagde to dagar seinare på Leikanger kyrkjegard. Politiet avslutta saka med ein hypotese om at Lous Asmus i eit anfall av sinnsforvirring hadde skote systera og nevøen og deretter seg sjølv. Så tok rykta til å gå. Keisar Wilhelm II var i Sognefjorden kvar sommar frå 1899 til 1914 og konsentrerte opphaldet om Balestrand, nabokommunen til Leikanger. Rykta fortalte at Louis Asmus var medlem av ein terrororganisasjon med namnet Svarte Hand.og var sendt til Norge for å ta livet av keisaren. Tryggleikstenesta til keisaren skulle imidlertid ha oppdaga dette og gjorde kort prosess. Dei vart alle tre skotne og lika vart lagde på hotellrommet på ein slik måte at det skulle sjå ut som mord og sjølvmord. Eg hadde trudd at tyske kjelder kunne gje fleire opplysningar, men det stemte ikkje. Politiarkivet for området kring Hamburg hadde ikkje opplysningar om denne hendinga. Det bur personar i Norge med namnet Asmus. Eg har vore i kontakt med ein av dei, Reidar Asmus i Asker, men dette var ukjent også for han. Han fortalte at i familien hans vart namnet skrive både som Assmus. og Asmus. Slik står saka no og eg har stilt meg sjølv nokre spørsmål. Kvifor var det viktig for den tyske generalkonsulen å få familien gravlagd så raskt som råd var? Kvifor høyrer vi ingenting om dei næraste pårørande i Tyskland? Kvinna og guten vart skotne med to hol i hovudet, kan dette tolkast slik at Louis Asmus var ein profesjonell leigemordar? Eller tyder dette på at skota vart avfyrte av tryggingstenesta til Keisaren og dermed utført av profesjonelle personar? Er det mogeleg å skyte fem skot innadørs i eit gamalt trehus utan at ein einaste ein høyrer eit eller fleire av skota? Er det nokon som har høyrt om denne hendinga? Eg ventar ikkje å få nøyaktige svar på dei spørsmåla eg har formulert, men kanskje nokon har tilleggsopplysningar, som kan hjelpe meg vidare? Både store og små opplysningar kan vere verdifulle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Falch

Jeg har i tema 67502 søgt dødsdato på og evt. skifte efter Jan Olsen f. 02.05.1850 d. 1920 i Bergen, men uden resultat.Ved du hvor Jan Olsen er død og evt. dødsdato?Mvh Hans

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.