Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jürgen "George" Kühmichel (1864-1964) - utvandringsproblem frå Tyskland?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei jente frå Solvorn i Hafslo, Ingrid Pedersdotter Walaker, i Amerika kjend som Ida Walaker, var fødd i Hafslo 31.5.1862 og utvandra til Amerika i 1889. Ho gifte seg i Hillsboro, ND 16.5.1895 med:

 

George (Jürgen?) KÜHMICHEL

fødd 22.8.1864 (eller kanskje 1863-1867?) - visstnok i Münster i Nordrhein-Westfalen i Tyskland

skal ha utvandra i 1885 (eller 1887?) til Oshkosh, WI

 

For fleire år sidan vitja eg Statsarkivet i Detmold der kyrkjebøkene for Münster er samla, men eg var ikkje i stand til å finna spor etter denne huslyden i det heile.

 

Kanskje nokon i Brukarforum har tips å komma med om korleis opphavet til denne karen kan finnast?

 

Hjå ancestry.com finst nokre få personar med dette namnet, mellom anna ein Conrad Jacob Kühmichel (1853-1940) som budde i Oskosh, WI på den tidi som George utvandra, men Conrad Jacob vert oppgjeven fødd i Runkel i Hessen, 250 kilometer frå Münster...

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit spennande og svært interessant innlegg. Dette lyt eg nok undersøka litt meir neste gong eg dreg til Marburg... Bortsett ifrå at Allendorf ligg på grensa til Thüringen, 240 km frå Münster og 210 km frå Runkel... Hmm...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×