Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter - vigde i Norderhov 1764 - opphavi deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Pedersen og Gudbjørg Iversdotter, som i 1762 (ekstraskatten) båe tente på Hoff i Norderhov, gifte seg i Norderhov 13.11.1764 og busette seg som plassfolk i Skaugstadeiget, men hamna sodan på Askildsrud i Haugsbygd, Norderhov (1801) (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f18010613&gardpostnr=130&personpostnr=4226&merk=4226#ovre). Aldrene deira er då oppgjevne til 69 og 72 år gamle. Eg kjenner til fire born:

 

* Ole 1764

 

* Else 1768

 

* Randi 1770

 

* Iver 1775

 

Korkje Ole eller Gudbjørg ser ut til å vera fødde på Ringerike, korkje i Norderhov eller i Hole, og spørsmålet står framleis ope, etter nesten 40 års leiting, kvar dei kom ifrå?

 

No er namnekombinasjonen Gudbjørg Iversdotter svært so uvanleg, og hjå FamilySearch har eg funne ein huslyd som KAN høva so nokolunde...:

 

Iver Erikson Nordby i Sør-Aurdal (Hedalen?) og Brynhild Torkildsdotter gifte seg i Sør-Aurdal 2.10.1729 og fekk i alle fall desse borni (ifølgje FamilySearch):

 

* Gjøron Iversdotter, døypt i Sør-Aurdal 24.6.1733

 

* Gudbjørg Iversdotter, døypt i Sør-Aurdal 24.3.1735

 

* Gjøron Iversdatter, døypt i Sør-Aurdal 23.2.1738

 

* Torkild Iverson, døypt i Norderhov 27.5.1741

 

* Ingrid Iversdotter, døypt i Norderhov 16.8.1744

 

Det er mykje som talar FOR at dette er den Gudbjørg Iversdotter som gifte seg med Ole Pederson, men kanskje er avviket i alderen hennar litt for stort? Og so er det dette med namneoppkalling då...; eg ville nok ha venta ei Brynhild mellom borni hennar Gudbjørg...!? Eg ser forresten at dei to yngste borni her er fødde på Ringen i Ådalen...

 

Kanskje sit det nokon med lokal kunnskap i dette området som kan hjelpa meg vidare når det gjeld opphavet til Ole og Gudbjørg, eventuelt finna prov for at eg har fnne den rette Gudbjørg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hei Lars,

 

har ikke noe å bidra med, men har du opplysninger om når Ole og/eller Gudbjørg døde? Er den oppgitte alderen i 1801 i samsvar med oppgitt alder ved dødsfall?

 

Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg.

 

Eg har der eg no er ingen fleire opplysningar om denne huslyden enn det som vart innlagd, og so vidt eg kan hugsa, har eg aldri greidd å finna desse dødsdatoane, men dei bør jo vera avlidne i Norderhov...

 

Skal eg "synsa", so trur eg at i alle fall alderen HENNAR er noko overdriven, jmf. fødselsåri for borni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette er vel litt på siden av det du spør om og du har vel disse opplysningene fra før, men jeg ser at det bor en Iver Olsen, gift med Marthe Engbretsdatter på Askildsrud i 1801. Iver er 27 år gammel, f. 1774, og det er jo veldig nær fødselsåret til Ole og Gudbjørgs sønn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Nils, Tom og Grethe for nye innlegg!

 

Eg er endeleg attende på "heimlege" traktar og konstaterer at eg har finne dødsfallet til Ole Pederson. I alle fall TRUR eg det må vera han som vart gravlagd frå Bergengen under Wiul i Haug 3.1.1813 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8527&idx_id=8527&uid=ny&idx_side=-142). Men Gudbjørg har eg ikkje finne...

 

Iver Olson på Askildsrud 1801 er nok son deira, men eg har førebels ikkje følgd opp den linja...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har leve i «dvale» dei siste 6½ åri.

 

Eg har diverre ikkje so mykje meir å by på når det gjeld detaljopplysningar om dei eldre leddi, men so vidt eg har forstått, er både Gjøron d.y. og Ingrid Iversdøtrer nemnde ved ekstraskatten i Ådalen i 1762.  Gudbjørg var jo då alt kommi til Hoff.  Eg har forresten finne eit notat om at Ole Pederson i 1762 skal ha butt som dreng under Norderhovs prestegard.

 

Noko som får meg til verkeleg å «stussa» over denne ætti, er mangelen på oppkallingar.  Gudbjørg Iversdotter har ingen dotter med namn Brynhild, og ingen av borni til Gudbjørg har kalla opp mor deira!  Her er noko av det eg har samla om dei fire borni etter Ole Pederson og Gudbjørg:

 

* Ole Olson, døypt i Hoffseiget 9.12.1764 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/124), gifte seg i Norderhov 24.10.1797 med Kari Engebretsdotter Aaserud, døypt i Norderhov 20.1.1771 (dotter av Engebret Hansson og Mari Tollefsdotter).  Dei var plassfolk i Hagen under Norderhovs prestegard og fekk desse borni, alle døypte i Norderhov:

** Ole Olson, døypt 23.7.1797

** Mari Olsdotter, døypt 20.10.1799

** Peder Olson, døypt 12.4.1801

** Engebret Olson, døypt 8.1.1804, d. ung!?

** Iver Olson, døypt 20.7.1806

** Engebret Olson, døypt 2.9.1810, døydde 21.12.1817

 

* Else Olsdotter, døypt i Skaustadeiget 31.3.1768 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/178), vart gravlagd 23.5.1768

 

* Randi Olsdotter, døypt i Skaustadeiget 14.10.1770 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/218), gifte seg i Norderhov 27.10.1791 med Peder Engebretson Rankedal, døypt i Norderhov 26.12.1763 (son av Engebret Svendson og Anne Pedersdotter).  Dei budde visstnok på Rankedal og på husmannsplassen Myre i Haug, Norderhov og fekk desse borni:

** Kari Pedersdotter, døypt 26.8.1792, d. ung!?

** Anne Pedersdotter, døypt 28.9.1794, d. ung!?

** Engebret Pedersen, døypt 14.2.1802, døydde som husmann på Rankedal 1.6.1884

 

* Iver Olson, døypt i Skaustadeiget 12.11.1775, gifte seg i Norderhov 23.7.1796 med Martha Engebretsdotter, fødd kring1774.  Dei budde på Viul og fekk desse borni:

** Christian Iverson, døypt 2.4.1797, vart gravlagd ?.10.1797

** Christiane Iversdotter, døypt 23.9.1798

** Inger Marie Iversdotter, døypt 8.3.1801

** Engebret Iverson, døypt 25.7.1802

** Gulbrand Iverson, døypt 7.7.1805

** Johan Iverson, døypt 16.1.1808

** Christian Iverson, døypt 7.10.1810

** Marius Iverson, fødd 5.12.1816

 

Tross dei manglande oppkallingane, trur eg at slektsssamanhangen er grei.  Ætti mi, den agnatiske ættelinja til mor mi, går gjennom Ole Olson sin son Iver Olson.  Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter var soleis besteforeldri til Iver Olson, og eg ganske so trygg på at Gudbjørg er dotter av Iver Erikson og Brynhild Torkildsdotter på Ringen i Ådalen, Norderhov, opphavleg frå Nordby i Hedalen.

 

Den kanskje største utfordringi som står att å løysa her, er då følgjande:

 

** Kven var Ole Pederson, truleg fødd tidleg på 1730-talet?  Kan han ha hatt ei mor som heitte Else eller Randi?  Kan Martha Pederdotter, ei av fadrane til eldsteguten Ole, vera søster hans?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld opphavet til denne ætti, og som den evige optimist eg er, vonar eg at svaret sit der ute i Brukarforum!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no freista finna konfirmasjonane til dei tre borni etter Ole Pederson og Gudbjør Iversdotter som voks opp, og finn følgjande:

 

* Ole Olson - fødd 1764 - finn eg førebels ikkje...

 

* Randi Olsdotter, fødd 1770 - konfirmert frå Viul i 1785 - 16 år: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/180

 

* Iver Olson, fødd 1775 - konfirmert frå Viul i 1790 - 15 år: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/24

 

Det er fleire konfirmantar med namn Ole Olson, men med eit so vanleg namn er det vanskeleg å vita kven som er kven...  Eg såg i første rekke etter ein som budde i Skaustadeiget, men det fann eg ikkje...  Eg ser at han alt ved vigsli 24.10.1797 er komen i Hagen under Norderhovs prestegard: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/163

 

Kona Kari budde 1797 på Sandsætra, som òg må vera ein plass under Norderhovs prestegard.  Forlovarane Mads Evenson og Svend Johnson budde båe på Sandsætra og var i 1801 plassfolk under Norderhovs prestegard.

 

Litt «pussig» er det forresten at Ole Olson og Kari Engebretsdotter i 1801 hadde Ole Paulson og kona Eli Andersdotter som kårfolk i Hagen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270000228

 

Denne Ole Paulson og Eli Andersdotter hadde mange born, mellom anna ei dotter Randi døypt 13.11.1763 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/103), men ingen Ole Olson...!

 

Yngste sonen deira var Henrik Olson,  døypt 3.5.1767 frå Prestemoen, og mellom fadrane finn me då Else Thomasdotter og Martha Pedersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/162

 

Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter hadde ei dotter Else, og kanskje var Martha Pedersdotter den same som fadderi til Ole Olson i 1764?  Men eg kan ikkje sjå noko ættesamband her...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og vonar at einkvan kan hjelpa meg løysa denne «floken»!

 

* Kvar er konfirmasjonen til «vår» Ole Olson?

 

* Kven var Ole Pederson?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg som ei «tung» utfordring hjå meg.  Det handlar om den agnatiske ætti til mor mi og opphavet til Ole Pederson som i 1801 budde på Askildsrud i Norderhov, 69 år gamal:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270004358

 

Han vart visstnok gravlagd frå Bergengen under Viul 3.1.1813, då oppgjeven vera 80 år gamal:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8527/142

 

Kona Gudbjørg Iversdotter synest vera døypt frå Nordby i Hedalen, Sør-Aurdal 24.3.1735

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9361/60

 

og eg er sjølvsagt òg interessert i fleire opplysningar om foreldri hennar, Iver Erikson og Brynhild Torkildsdotter, vigde i Sør-Aurdal 2.10.1729:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9360/779

 

Huslyden flytte kring 1740 til Ringen i Ådalen, Norderhov, men so langt manglar eg dødsfall både for foreldri Iver og Brynhild samt for Gudbjørg sjølv, som i 1801 vart oppgjevi vera 72 år gamal(!)...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og ville verta VELDIG GLAD om nokon greier finna fleire opplysningar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

For ordens skyld legg eg inn barnedåpane til Ole Olson og Kari Engebretsdotter i Hagen under Norderhovs prestegard, jmf. innlegg #8 ovanfor:

 

** Ole Olson, døypt 23.7.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/96

     fadrar: Svend Joensen Sandsætern, Ole Hansen ibid, Mads Sandsæterns h. Anne, Mari Michelsdotter ibid, Anne Pedersd. Præstegrd

** Mari Olsdotter, døypt 20.10.1799: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/106

     fadrar: Mads Sandsætern, Ole Johansen, Ole Dille, Svend Sandsæterns h. Oloug, Ragnil Clausd.(?)

** Peder Olson, døypt 12.4.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/111

     fadrar: Ole Dille, Peder Andersen, Mads Evensens h. Anne, Ingbor Larsd., Pernille H(ans)d(?)

** Engebret Olson, døypt 8.1.1804: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/118

     fadrar: Svend Joensen, Jens Madsen, Mads Evensens h. Anne, Anne Jensd., Dorthe Hansd.

** Iver Olson, døypt 20.7.1806: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/126

     fadrar: Jonas Dahl, Christopher Knudsen, Anders Jonas. h. Anbjør, Dorthe Hansd., Kirsti(?) Olsd.

** Engebret Olson, døypt 2.9.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/140

     fadrar: Svend Johnsen Sandsæter, Iver Ellendsen, Halvor Nielsens h. Inger, Marte Engebretsd., Kari Andersd.

 

Einaste gongen ein av fadrane synest vera av same slekt som Ole Olson, er ved dåpen av den yngste Engebret i 1810, Marte Engebretsdotter - som me lyt tru var kona til farbroren Iver?

 

Her er fadrane til Peder Engebretson og Randi Olsdotter:

 

** Kari Pedersdotter, døypt 26.8.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/59

** Anne Pedersdotter, døypt 28.9.1794: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/80

** Engebret Pedersen, døypt 14.2.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/112

 

Og her er fadrane til Iver Olson og Martha Engebretsdotter sine born:

 

** Christian Iverson, døypt 2.4.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/95

** Christiane Iversdotter, døypt 23.9.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/102

** Inger Marie Iversdotter, døypt 8.3.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/110

** Engebret Iverson, døypt 25.7.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/113

** Gulbrand Iverson, døypt 7.7.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/123

** Johan Iverson, døypt 16.1.1808: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/131

** Christian Iverson, døypt 7.10.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/141

** Marius Iverson, fødd 5.12.1816: https://media.digitalarkivet.no/view/8528/57

 

Det som umiddelbart sleg meg, er at Randi og Iver ofte førekjem som fadrar på kvarandre sine born, men ALDRI ser eg Ole Olson eller kona Kari Engebretsdotter som fadrar på nokon av borni!  Eller har eg lese feil??  Både Randi og Iver budde i Haugssokni, medan Ole budde i Norderhov hovudsokn - Kan det vera forklaringi?  Den gongen var avstanden mellom Viul og Norderhov kyrkje noko slikt som 15 km!  Eller var det berre slik at Ole ikkje kom overens med søskeni sine??

 

Elles kunne ein vera frista til å tru at Ole Olson i Hagen under Norderhovs prestegard IKKJE var son av Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter likevel, noko som ville snu heilt opp-ned på ættetavla mi...  Men eg føler meg ganske so trygg på at samanhangen stemmer; tross alt hadde Ole og Kari søner med namn Peder og Iver, rimelegvis oppkalla etter dei to bestefedrene hans!?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips for oppklaring av denne kjempeutfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

For å komma attende til barnedåpane hjå Ole Olson og Kari Engebretsdotter i Hagen, eller òg kalla Bråten, under Norderhovs prestegard, jmf. innlegg #11, so har eg no «analysert» desse fadrane lite vetta, og dei som stadig vekk synest komma att, er:

 

* Svend Johnson og kona Olaug Mikkelsdotter, plassfolk på Sandsætern under Norderhovs prestegard - ogso Mari Mikkelsdotter, ei søster hennar

 

* Mads Evenson og kona Anna Larsdotter, likeins plassfolk på Sandsætern under Norderhovs prestegard - ogso sonen Jens Madson

 

* Hans Olson og kona Synneva Pedersdotter, likeins plassfolk på Sandsætern under Norderhovs prestegard .- ikkje dei sjølve, men tre av borni deira, Ole, Dorthe og Pernille

 

Svend og Mads var jo òg forlovarar til Ole og Kari i 1797...

 

Elles er det kanskje like merkeleg at heller ingen fadrar synest vera i slekt med Kari Engebretsdotter.  Ho hadde ei søster Tolline, døypt 14.1.1776, men ho er aldri nemnd som fadder, og heller ikkje faren Engebret Hansson eller stemori Barbro, som òg budde under Norderhovs prestegard, er nemnde!  Kanskje Tolline var avlidi, sidan ho ikkje synest vera nemnd i FT1801...(?).

 

Ein skulle nesten tru at dei huslydane som budde på Sandsætern, var ganske so «samansveisa»...!?

 

Kanskje er det nokon som ser andre mogelege samband med fadrane her?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld kartleggjingi av Ole Olson og huslyden/foreldri hans!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg som ei av dei største «utfordringane» når det gjeld kartleggjingi av mi eigi slekt frå Ringerike.  Frå og med innlegg #8 føler eg at eg har «analysert» denne slekti ganske so grundig, men følgjande spørsmål treng ei endeleg stadfesting:

 

** Var Ole Olson i Hagen/Bråten under Norderhovs prestegard (fødd 1764) verkeleg son av Ole Pederson og Gudbjør Iversdotter? - Kan konfirmasjonen hans finnast?  (Eg er NESTEN 100% sikker på at ættesamanhangen stemmer - fadderskap mellom søskeni manglar heilt, men Ole har kalla opp både farfar og morfar, Peder og Iver...!)

 

** Kven var Ole Pederson, fødd tidleg på 1730-talet?

 

** So gjeld det om å finna fleire detaljar om foreldri til Gudbjør Iversdotter, rimelegvis fødd i Hedalen i 1735 som dotter av Iver Erikson og Brynhild Torkildsdotter, vigde i Sør-Aurdal i 1729 og frå kring 1740 busette på Ringen i Ådalen?

 

Kanskje treng me ei DNA-analyse for å komma vidare?  Finn me agnatiske etterkomarar etter Ole Olson fødd 1764 og broren Iver Olson fødd 1775, burde jo dei ha samanfallande mannlege arvestoff!?  Men verre vert det truleg å komma lenger attende...  Me har jo so langt ingen trulege alternativ for opphavet til Ole Pederson...!?

 

Eg takkar endå ein gong for alle innspel når det gjeld kartleggjingi av denne huslyden og kan ikkje anna enn å krossa fingrer og tær...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid K. Natvig

https://media.digitalarkivet.no/rk10041110170211

Du skriver at du har et notat om at Ole Pedersen var dreng på Prestegården i 1762.  Jeg fant ingen dreng, men en Ole Pedersen soldat (ganske langt nede på siden).

Rett over nevnes en Inderst (?) Marthe Oren/Ören (?) og Datter Marthe Pedersdatter (ikke se lett å tyde alt).  Har du sjekket han?

Vet du når foreldrene til Gudbjørg døde?  Ringen i Ådal - vet du mer om gården/plassen?

 

mvh. Astrid

PS: vi har jo en navnebror i Hole, Ole Pedersen Prestegården, som må være omtrent på samme alder, jfr. vår felles ane, Berthe Iversdatter Holmen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid for eit nytt spennande innlegg!

 

Om det er den same Ole Pederson me leiter etter - han som vart konfirmert i Hole i 1751 og barnefar same stad året etter - sjå tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/214781-iver-hansson-1743-og-kirsti-alvsdotter-1699-1778-vigde-i-hole-1726-husmannsfolk-på-holmen-under-stadum-i-hole-kven-var-dei/?tab=comments#comment-1809279

 

veit eg ikkje, men dei to karane er heilt tydeleg, som du òg seier, om lag på same alder, og finn me den eine, finn me kanskje òg hin!

 

Om denne Ole Pederson som i 1762 var SOLDAT på Norderhovs prestegard var son av innerst Martha og eventuelt bror av Martha Pedersdotter, som tydeleg er sagt vera dotter til innerst Martha, er vanskeleg å seia.  I so fall burde det vel stått at han var ein son (jmf. andre innførsler på same side)?

 

MEN, som det går fram av innlegg #8 over (sjå dåpen til Ole Olson 1764, som fann stad i Norderhov hovudkyrkje!), var ei av fadrane hans nettopp Martha Pedersdotter, so heilt «på jordet» er ikkje denne teorien.  Eg ser forresten at ein av fadrane til søsteri Else frå 1768 var ein John Pederson, men om han høyrer til her, er kanskje meir tvilsamt...

 

Kanskje hadde det vore ein tankle å sjekka vigslene i Norderhov om me kan finna denne Martha Pedersdotter gift etter 1762, og kan henda dukkar Ole Pederson eller Gudbjørg Iversdotter opp som fadder??

 

** Martha Pedersdotter gift i Norderhov (Haug) 27.12.1764 med soldat Jacob Bersvendson Hoffseiget

 

** Martha Pedersdotter, enkje, gift i Norderhov (hovudsokni) 27.12.1766 med Nils Gulbrandson Tandberg

 

** Martha Pedersdotter gift i Norderhov (Lunder) 2.1.1774 med Hans Ellevson Sandager

 

** Martha Pedersdotter Semmen gift i Norderhov (Viker) 20.7.1775 med Asle Trulson Bersund

 

Den «beste» av desse «kandidatane» synest for meg vera den første, og eg ser i alle fall to born etter Jacob  og Martha:

 

** Gunder Jacobson, døypt 4.11.1764: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/122

 

** Eli Jacobsdotter, døypt 14.6.1767: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/164

 

Men eg vert ikkje klok på fadrane...

 

Eit anna «element» som kanskje hadde vore spennande å følgja, er denne nbemnkngi av Ole Pederson som SOLDAT i 1762.  Finst det kan henda militære rullar som kan hjelpa oss identifiserta mannen?

 

Elles har eg i ettermiddag òg studert konfirmantane i Norderhov for å gjera endå ein freistnad på å finna konfirmasjonen til Ole Olson, døypt 9.12.1764, jmf. innlegg #9 over!

 

Eg har plukka ut ALLE aktuelle «kandidatar» i perioden 1779-1785

 

1779 Norderhov: Ole Olson Wiul 16

1779 Haug: Ole Olson Svarverud 15

1780 Lunder Ole Olson Oure 17

                        Ole Olson Berg 18

1780 Viker Ole Olson Strømmen ()

1781 Viker Ole Olson Blaxtvedt 19

1782 Viker Ole Olson Bersund 18

1784 Viker Ole Olson Finsand ()

1784 Norderhov Ole Olson Monserud 16

1785 Viker Ole Olson Haugen 18

1785 Norderhov Ole Olson Berg 16

 

Som me såg i innlegg #9, vart både Randi og Iver konfirmerte frå Viul, og denne Ole Olson Viul som er konfirmert i 1779, KUNNE ha passa, men eg trur han må høyra til ein annan huslyd, for me finn ein Hans Olson Viul (16) konfirmert i 1781 og ei Olia Olsdotter Viul (17) konfirmert i 1778, og slike søsken hadde IKKJE «vår» Ole...

 

Kven av desse Ole Olson'ane som kan vera «vår mann», veit eg førebels ikkje, men kanskje andre har synspunkt på dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av opphavet til Ole Olson i Hagen/Bråten og foreldri hans, Ole Pedersln og Gudbjørg Iversdotter!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×