Gå til innhold
Arkivverket

Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter - vigde i Norderhov 1764 - opphavi deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Pedersen og Gudbjørg Iversdotter, som i 1762 (ekstraskatten) båe tente på Hoff i Norderhov, gifte seg i Norderhov 13.11.1764 og busette seg som plassfolk i Skaugstadeiget, men hamna sodan på Askildsrud i Haugsbygd, Norderhov (1801) (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f18010613&gardpostnr=130&personpostnr=4226&merk=4226#ovre). Aldrene deira er då oppgjevne til 69 og 72 år gamle. Eg kjenner til fire born:

 

* Ole 1764

 

* Else 1768

 

* Randi 1770

 

* Iver 1775

 

Korkje Ole eller Gudbjørg ser ut til å vera fødde på Ringerike, korkje i Norderhov eller i Hole, og spørsmålet står framleis ope, etter nesten 40 års leiting, kvar dei kom ifrå?

 

No er namnekombinasjonen Gudbjørg Iversdotter svært so uvanleg, og hjå FamilySearch har eg funne ein huslyd som KAN høva so nokolunde...:

 

Iver Erikson Nordby i Sør-Aurdal (Hedalen?) og Brynhild Torkildsdotter gifte seg i Sør-Aurdal 2.10.1729 og fekk i alle fall desse borni (ifølgje FamilySearch):

 

* Gjøron Iversdotter, døypt i Sør-Aurdal 24.6.1733

 

* Gudbjørg Iversdotter, døypt i Sør-Aurdal 24.3.1735

 

* Gjøron Iversdatter, døypt i Sør-Aurdal 23.2.1738

 

* Torkild Iverson, døypt i Norderhov 27.5.1741

 

* Ingrid Iversdotter, døypt i Norderhov 16.8.1744

 

Det er mykje som talar FOR at dette er den Gudbjørg Iversdotter som gifte seg med Ole Pederson, men kanskje er avviket i alderen hennar litt for stort? Og so er det dette med namneoppkalling då...; eg ville nok ha venta ei Brynhild mellom borni hennar Gudbjørg...!? Eg ser forresten at dei to yngste borni her er fødde på Ringen i Ådalen...

 

Kanskje sit det nokon med lokal kunnskap i dette området som kan hjelpa meg vidare når det gjeld opphavet til Ole og Gudbjørg, eventuelt finna prov for at eg har fnne den rette Gudbjørg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

har ikke noe å bidra med, men har du opplysninger om når Ole og/eller Gudbjørg døde? Er den oppgitte alderen i 1801 i samsvar med oppgitt alder ved dødsfall?

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg.

 

Eg har der eg no er ingen fleire opplysningar om denne huslyden enn det som vart innlagd, og so vidt eg kan hugsa, har eg aldri greidd å finna desse dødsdatoane, men dei bør jo vera avlidne i Norderhov...

 

Skal eg "synsa", so trur eg at i alle fall alderen HENNAR er noko overdriven, jmf. fødselsåri for borni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er vel litt på siden av det du spør om og du har vel disse opplysningene fra før, men jeg ser at det bor en Iver Olsen, gift med Marthe Engbretsdatter på Askildsrud i 1801. Iver er 27 år gammel, f. 1774, og det er jo veldig nær fødselsåret til Ole og Gudbjørgs sønn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Nils, Tom og Grethe for nye innlegg!

 

Eg er endeleg attende på "heimlege" traktar og konstaterer at eg har finne dødsfallet til Ole Pederson. I alle fall TRUR eg det må vera han som vart gravlagd frå Bergengen under Wiul i Haug 3.1.1813 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8527&idx_id=8527&uid=ny&idx_side=-142). Men Gudbjørg har eg ikkje finne...

 

Iver Olson på Askildsrud 1801 er nok son deira, men eg har førebels ikkje følgd opp den linja...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har leve i «dvale» dei siste 6½ åri.

 

Eg har diverre ikkje so mykje meir å by på når det gjeld detaljopplysningar om dei eldre leddi, men so vidt eg har forstått, er både Gjøron d.y. og Ingrid Iversdøtrer nemnde ved ekstraskatten i Ådalen i 1762.  Gudbjørg var jo då alt kommi til Hoff.  Eg har forresten finne eit notat om at Ole Pederson i 1762 skal ha butt som dreng under Norderhovs prestegard.

 

Noko som får meg til verkeleg å «stussa» over denne ætti, er mangelen på oppkallingar.  Gudbjørg Iversdotter har ingen dotter med namn Brynhild, og ingen av borni til Gudbjørg har kalla opp mor deira!  Her er noko av det eg har samla om dei fire borni etter Ole Pederson og Gudbjørg:

 

* Ole Olson, døypt i Hoffseiget 9.12.1764 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/124), gifte seg i Norderhov 24.10.1797 med Kari Engebretsdotter Aaserud, døypt i Norderhov 20.1.1771 (dotter av Engebret Hansson og Mari Tollefsdotter).  Dei var plassfolk i Hagen under Norderhovs prestegard og fekk desse borni, alle døypte i Norderhov:

** Ole Olson, døypt 23.7.1797

** Mari Olsdotter, døypt 20.10.1799

** Peder Olson, døypt 12.4.1801

** Engebret Olson, døypt 8.1.1804, d. ung!?

** Iver Olson, døypt 20.7.1806

** Engebret Olson, døypt 2.9.1810, døydde 21.12.1817

 

* Else Olsdotter, døypt i Skaustadeiget 31.3.1768 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/178), vart gravlagd 23.5.1768

 

* Randi Olsdotter, døypt i Skaustadeiget 14.10.1770 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/218), gifte seg i Norderhov 27.10.1791 med Peder Engebretson Rankedal, døypt i Norderhov 26.12.1763 (son av Engebret Svendson og Anne Pedersdotter).  Dei budde visstnok på Rankedal og på husmannsplassen Myre i Haug, Norderhov og fekk desse borni:

** Kari Pedersdotter, døypt 26.8.1792, d. ung!?

** Anne Pedersdotter, døypt 28.9.1794, d. ung!?

** Engebret Pedersen, døypt 14.2.1802, døydde som husmann på Rankedal 1.6.1884

 

* Iver Olson, døypt i Skaustadeiget 12.11.1775, gifte seg i Norderhov 23.7.1796 med Martha Engebretsdotter, fødd kring1774.  Dei budde på Viul og fekk desse borni:

** Christian Iverson, døypt 2.4.1797, vart gravlagd ?.10.1797

** Christiane Iversdotter, døypt 23.9.1798

** Inger Marie Iversdotter, døypt 8.3.1801

** Engebret Iverson, døypt 25.7.1802

** Gulbrand Iverson, døypt 7.7.1805

** Johan Iverson, døypt 16.1.1808

** Christian Iverson, døypt 7.10.1810

** Marius Iverson, fødd 5.12.1816

 

Tross dei manglande oppkallingane, trur eg at slektsssamanhangen er grei.  Ætti mi, den agnatiske ættelinja til mor mi, går gjennom Ole Olson sin son Iver Olson.  Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter var soleis besteforeldri til Iver Olson, og eg ganske so trygg på at Gudbjørg er dotter av Iver Erikson og Brynhild Torkildsdotter på Ringen i Ådalen, Norderhov, opphavleg frå Nordby i Hedalen.

 

Den kanskje største utfordringi som står att å løysa her, er då følgjande:

 

** Kven var Ole Pederson, truleg fødd tidleg på 1730-talet?  Kan han ha hatt ei mor som heitte Else eller Randi?  Kan Martha Pederdotter, ei av fadrane til eldsteguten Ole, vera søster hans?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld opphavet til denne ætti, og som den evige optimist eg er, vonar eg at svaret sit der ute i Brukarforum!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no freista finna konfirmasjonane til dei tre borni etter Ole Pederson og Gudbjør Iversdotter som voks opp, og finn følgjande:

 

* Ole Olson - fødd 1764 - finn eg førebels ikkje...

 

* Randi Olsdotter, fødd 1770 - konfirmert frå Viul i 1785 - 16 år: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/180

 

* Iver Olson, fødd 1775 - konfirmert frå Viul i 1790 - 15 år: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/24

 

Det er fleire konfirmantar med namn Ole Olson, men med eit so vanleg namn er det vanskeleg å vita kven som er kven...  Eg såg i første rekke etter ein som budde i Skaustadeiget, men det fann eg ikkje...  Eg ser at han alt ved vigsli 24.10.1797 er komen i Hagen under Norderhovs prestegard: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/163

 

Kona Kari budde 1797 på Sandsætra, som òg må vera ein plass under Norderhovs prestegard.  Forlovarane Mads Evenson og Svend Johnson budde båe på Sandsætra og var i 1801 plassfolk under Norderhovs prestegard.

 

Litt «pussig» er det forresten at Ole Olson og Kari Engebretsdotter i 1801 hadde Ole Paulson og kona Eli Andersdotter som kårfolk i Hagen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270000228

 

Denne Ole Paulson og Eli Andersdotter hadde mange born, mellom anna ei dotter Randi døypt 13.11.1763 (https://media.digitalarkivet.no/view/8524/103), men ingen Ole Olson...!

 

Yngste sonen deira var Henrik Olson,  døypt 3.5.1767 frå Prestemoen, og mellom fadrane finn me då Else Thomasdotter og Martha Pedersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/162

 

Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter hadde ei dotter Else, og kanskje var Martha Pedersdotter den same som fadderi til Ole Olson i 1764?  Men eg kan ikkje sjå noko ættesamband her...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og vonar at einkvan kan hjelpa meg løysa denne «floken»!

 

* Kvar er konfirmasjonen til «vår» Ole Olson?

 

* Kven var Ole Pederson?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg som ei «tung» utfordring hjå meg.  Det handlar om den agnatiske ætti til mor mi og opphavet til Ole Pederson som i 1801 budde på Askildsrud i Norderhov, 69 år gamal:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270004358

 

Han vart visstnok gravlagd frå Bergengen under Viul 3.1.1813, då oppgjeven vera 80 år gamal:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8527/142

 

Kona Gudbjørg Iversdotter synest vera døypt frå Nordby i Hedalen, Sør-Aurdal 24.3.1735

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9361/60

 

og eg er sjølvsagt òg interessert i fleire opplysningar om foreldri hennar, Iver Erikson og Brynhild Torkildsdotter, vigde i Sør-Aurdal 2.10.1729:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9360/779

 

Huslyden flytte kring 1740 til Ringen i Ådalen, Norderhov, men so langt manglar eg dødsfall både for foreldri Iver og Brynhild samt for Gudbjørg sjølv, som i 1801 vart oppgjevi vera 72 år gamal(!)...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og ville verta VELDIG GLAD om nokon greier finna fleire opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld legg eg inn barnedåpane til Ole Olson og Kari Engebretsdotter i Hagen under Norderhovs prestegard, jmf. innlegg #8 ovanfor:

 

** Ole Olson, døypt 23.7.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/96

     fadrar: Svend Joensen Sandsætern, Ole Hansen ibid, Mads Sandsæterns h. Anne, Mari Michelsdotter ibid, Anne Pedersd. Præstegrd

** Mari Olsdotter, døypt 20.10.1799: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/106

     fadrar: Mads Sandsætern, Ole Johansen, Ole Dille, Svend Sandsæterns h. Oloug, Ragnil Clausd.(?)

** Peder Olson, døypt 12.4.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/111

     fadrar: Ole Dille, Peder Andersen, Mads Evensens h. Anne, Ingbor Larsd., Pernille H(ans)d(?)

** Engebret Olson, døypt 8.1.1804: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/118

     fadrar: Svend Joensen, Jens Madsen, Mads Evensens h. Anne, Anne Jensd., Dorthe Hansd.

** Iver Olson, døypt 20.7.1806: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/126

     fadrar: Jonas Dahl, Christopher Knudsen, Anders Jonas. h. Anbjør, Dorthe Hansd., Kirsti(?) Olsd.

** Engebret Olson, døypt 2.9.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/140

     fadrar: Svend Johnsen Sandsæter, Iver Ellendsen, Halvor Nielsens h. Inger, Marte Engebretsd., Kari Andersd.

 

Einaste gongen ein av fadrane synest vera av same slekt som Ole Olson, er ved dåpen av den yngste Engebret i 1810, Marte Engebretsdotter - som me lyt tru var kona til farbroren Iver?

 

Her er fadrane til Peder Engebretson og Randi Olsdotter:

 

** Kari Pedersdotter, døypt 26.8.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/59

** Anne Pedersdotter, døypt 28.9.1794: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/80

** Engebret Pedersen, døypt 14.2.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/112

 

Og her er fadrane til Iver Olson og Martha Engebretsdotter sine born:

 

** Christian Iverson, døypt 2.4.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/95

** Christiane Iversdotter, døypt 23.9.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/102

** Inger Marie Iversdotter, døypt 8.3.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/110

** Engebret Iverson, døypt 25.7.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/113

** Gulbrand Iverson, døypt 7.7.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/123

** Johan Iverson, døypt 16.1.1808: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/131

** Christian Iverson, døypt 7.10.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/141

** Marius Iverson, fødd 5.12.1816: https://media.digitalarkivet.no/view/8528/57

 

Det som umiddelbart sleg meg, er at Randi og Iver ofte førekjem som fadrar på kvarandre sine born, men ALDRI ser eg Ole Olson eller kona Kari Engebretsdotter som fadrar på nokon av borni!  Eller har eg lese feil??  Både Randi og Iver budde i Haugssokni, medan Ole budde i Norderhov hovudsokn - Kan det vera forklaringi?  Den gongen var avstanden mellom Viul og Norderhov kyrkje noko slikt som 15 km!  Eller var det berre slik at Ole ikkje kom overens med søskeni sine??

 

Elles kunne ein vera frista til å tru at Ole Olson i Hagen under Norderhovs prestegard IKKJE var son av Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter likevel, noko som ville snu heilt opp-ned på ættetavla mi...  Men eg føler meg ganske so trygg på at samanhangen stemmer; tross alt hadde Ole og Kari søner med namn Peder og Iver, rimelegvis oppkalla etter dei to bestefedrene hans!?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips for oppklaring av denne kjempeutfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å komma attende til barnedåpane hjå Ole Olson og Kari Engebretsdotter i Hagen, eller òg kalla Bråten, under Norderhovs prestegard, jmf. innlegg #11, so har eg no «analysert» desse fadrane lite vetta, og dei som stadig vekk synest komma att, er:

 

* Svend Johnson og kona Olaug Mikkelsdotter, plassfolk på Sandsætern under Norderhovs prestegard - ogso Mari Mikkelsdotter, ei søster hennar

 

* Mads Evenson og kona Anna Larsdotter, likeins plassfolk på Sandsætern under Norderhovs prestegard - ogso sonen Jens Madson

 

* Hans Olson og kona Synneva Pedersdotter, likeins plassfolk på Sandsætern under Norderhovs prestegard .- ikkje dei sjølve, men tre av borni deira, Ole, Dorthe og Pernille

 

Svend og Mads var jo òg forlovarar til Ole og Kari i 1797...

 

Elles er det kanskje like merkeleg at heller ingen fadrar synest vera i slekt med Kari Engebretsdotter.  Ho hadde ei søster Tolline, døypt 14.1.1776, men ho er aldri nemnd som fadder, og heller ikkje faren Engebret Hansson eller stemori Barbro, som òg budde under Norderhovs prestegard, er nemnde!  Kanskje Tolline var avlidi, sidan ho ikkje synest vera nemnd i FT1801...(?).

 

Ein skulle nesten tru at dei huslydane som budde på Sandsætern, var ganske so «samansveisa»...!?

 

Kanskje er det nokon som ser andre mogelege samband med fadrane her?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld kartleggjingi av Ole Olson og huslyden/foreldri hans!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg som ei av dei største «utfordringane» når det gjeld kartleggjingi av mi eigi slekt frå Ringerike.  Frå og med innlegg #8 føler eg at eg har «analysert» denne slekti ganske so grundig, men følgjande spørsmål treng ei endeleg stadfesting:

 

** Var Ole Olson i Hagen/Bråten under Norderhovs prestegard (fødd 1764) verkeleg son av Ole Pederson og Gudbjør Iversdotter? - Kan konfirmasjonen hans finnast?  (Eg er NESTEN 100% sikker på at ættesamanhangen stemmer - fadderskap mellom søskeni manglar heilt, men Ole har kalla opp både farfar og morfar, Peder og Iver...!)

 

** Kven var Ole Pederson, fødd tidleg på 1730-talet?

 

** So gjeld det om å finna fleire detaljar om foreldri til Gudbjør Iversdotter, rimelegvis fødd i Hedalen i 1735 som dotter av Iver Erikson og Brynhild Torkildsdotter, vigde i Sør-Aurdal i 1729 og frå kring 1740 busette på Ringen i Ådalen?

 

Kanskje treng me ei DNA-analyse for å komma vidare?  Finn me agnatiske etterkomarar etter Ole Olson fødd 1764 og broren Iver Olson fødd 1775, burde jo dei ha samanfallande mannlege arvestoff!?  Men verre vert det truleg å komma lenger attende...  Me har jo so langt ingen trulege alternativ for opphavet til Ole Pederson...!?

 

Eg takkar endå ein gong for alle innspel når det gjeld kartleggjingi av denne huslyden og kan ikkje anna enn å krossa fingrer og tær...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://media.digitalarkivet.no/rk10041110170211

Du skriver at du har et notat om at Ole Pedersen var dreng på Prestegården i 1762.  Jeg fant ingen dreng, men en Ole Pedersen soldat (ganske langt nede på siden).

Rett over nevnes en Inderst (?) Marthe Oren/Ören (?) og Datter Marthe Pedersdatter (ikke se lett å tyde alt).  Har du sjekket han?

Vet du når foreldrene til Gudbjørg døde?  Ringen i Ådal - vet du mer om gården/plassen?

 

mvh. Astrid

PS: vi har jo en navnebror i Hole, Ole Pedersen Prestegården, som må være omtrent på samme alder, jfr. vår felles ane, Berthe Iversdatter Holmen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Astrid for eit nytt spennande innlegg!

 

Om det er den same Ole Pederson me leiter etter - han som vart konfirmert i Hole i 1751 og barnefar same stad året etter - sjå tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/214781-iver-hansson-1743-og-kirsti-alvsdotter-1699-1778-vigde-i-hole-1726-husmannsfolk-på-holmen-under-stadum-i-hole-kven-var-dei/?tab=comments#comment-1809279

 

veit eg ikkje, men dei to karane er heilt tydeleg, som du òg seier, om lag på same alder, og finn me den eine, finn me kanskje òg hin!

 

Om denne Ole Pederson som i 1762 var SOLDAT på Norderhovs prestegard var son av innerst Martha og eventuelt bror av Martha Pedersdotter, som tydeleg er sagt vera dotter til innerst Martha, er vanskeleg å seia.  I so fall burde det vel stått at han var ein son (jmf. andre innførsler på same side)?

 

MEN, som det går fram av innlegg #8 over (sjå dåpen til Ole Olson 1764, som fann stad i Norderhov hovudkyrkje!), var ei av fadrane hans nettopp Martha Pedersdotter, so heilt «på jordet» er ikkje denne teorien.  Eg ser forresten at ein av fadrane til søsteri Else frå 1768 var ein John Pederson, men om han høyrer til her, er kanskje meir tvilsamt...

 

Kanskje hadde det vore ein tankle å sjekka vigslene i Norderhov om me kan finna denne Martha Pedersdotter gift etter 1762, og kan henda dukkar Ole Pederson eller Gudbjørg Iversdotter opp som fadder??

 

** Martha Pedersdotter gift i Norderhov (Haug) 27.12.1764 med soldat Jacob Bersvendson Hoffseiget

 

** Martha Pedersdotter, enkje, gift i Norderhov (hovudsokni) 27.12.1766 med Nils Gulbrandson Tandberg

 

** Martha Pedersdotter gift i Norderhov (Lunder) 2.1.1774 med Hans Ellevson Sandager

 

** Martha Pedersdotter Semmen gift i Norderhov (Viker) 20.7.1775 med Asle Trulson Bersund

 

Den «beste» av desse «kandidatane» synest for meg vera den første, og eg ser i alle fall to born etter Jacob  og Martha:

 

** Gunder Jacobson, døypt 4.11.1764: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/122

 

** Eli Jacobsdotter, døypt 14.6.1767: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/164

 

Men eg vert ikkje klok på fadrane...

 

Eit anna «element» som kanskje hadde vore spennande å følgja, er denne nbemnkngi av Ole Pederson som SOLDAT i 1762.  Finst det kan henda militære rullar som kan hjelpa oss identifiserta mannen?

 

Elles har eg i ettermiddag òg studert konfirmantane i Norderhov for å gjera endå ein freistnad på å finna konfirmasjonen til Ole Olson, døypt 9.12.1764, jmf. innlegg #9 over!

 

Eg har plukka ut ALLE aktuelle «kandidatar» i perioden 1779-1785

 

1779 Norderhov: Ole Olson Wiul 16

1779 Haug: Ole Olson Svarverud 15

1780 Lunder Ole Olson Oure 17

                        Ole Olson Berg 18

1780 Viker Ole Olson Strømmen ()

1781 Viker Ole Olson Blaxtvedt 19

1782 Viker Ole Olson Bersund 18

1784 Viker Ole Olson Finsand ()

1784 Norderhov Ole Olson Monserud 16

1785 Viker Ole Olson Haugen 18

1785 Norderhov Ole Olson Berg 16

 

Som me såg i innlegg #9, vart både Randi og Iver konfirmerte frå Viul, og denne Ole Olson Viul som er konfirmert i 1779, KUNNE ha passa, men eg trur han må høyra til ein annan huslyd, for me finn ein Hans Olson Viul (16) konfirmert i 1781 og ei Olia Olsdotter Viul (17) konfirmert i 1778, og slike søsken hadde IKKJE «vår» Ole...

 

Kven av desse Ole Olson'ane som kan vera «vår mann», veit eg førebels ikkje, men kanskje andre har synspunkt på dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av opphavet til Ole Olson i Hagen/Bråten og foreldri hans, Ole Pedersln og Gudbjørg Iversdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg kjem nok aldri til å gje meg i freistnadane på å finna opphavet til Ole Pederson, den agnatiske stamfaren til mor mi.  Kan henda er han identisk med soldaten med dette namnet som i 1762 budde under Norderhov prestegard, men sikre kan me ikkje vera.

 

Me har to aldersoppgåver for Ole Pederson:

 

* FT1801 oppgjev alder på 69 år - d.v.s. fødd kring 1732

 

* Gravferdi 3.1.1813 oppgjev alder på 80 år - d.v.s. fødd kring 1733

 

I 1801 vart kona Gudbjørg oppgjevi vera 72 år - d.v.s. fødd kring 1729, men dersom eg har finne den rette Gudbjørg som fødd i Sør-Aurdal, men oppvaksi i Ådalen, var ho fødd i 1735.  Dersom dette er «rett» Gudbjørg, har ho ikkje kalla opp mor si (Brynhild).  Dei to døtrene til Ole og Gudbjørg heitte Else og Randi!  Men dei har heller ikkje kalla opp far hans, for sønene heiter Ole og Iver!

 

Det er vel lite truleg at Ole kan vera fødd før 1730, men han kan vera fødd noko seinare på 1730-talet...  Seier me at han må vera fødd ein gong mellom 1728 og 1740, har me følgjande alternativ i Norderhov:

 

a* 25.3.1729 (Norderhov) døypt Ole av Peder Tollefson og Karen Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/34

 

b* 18.6.1729 (Norderhov) døypt Ole av Peder Amundson Jufve og Gunnhild Gunolsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/36

 

c* 31.8.1732 (Norderhov) døypt Ole av Peder Olson og Maren Christensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/75

 

d* 27.2.1734 (Lunder) døypt Ole av Peder Snodalen og Ingeborg Torkildsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/103

 

e* 6.3.1735 (Haug) døypt Ole av Peder Berg og Barbro Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/119

 

f* 6.3.1735 (Haug) døypt Ole av Peder Westeren og Maren Hansdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/119

 

g* 12.3.1735 (Wiger) døypt Ole av Peder Olson Gafkien og Olaug Nubsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/119

 

h* 11.9.1735 (Norderhov) døypt Ole av Peder Simonson Hønefoss og Anna Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/125

 

i* 11.8.1737 (Wiger) døypt Ole av Peder Olson Putten(?) og Malena Pedersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/143

 

j* 17.8.1738 (Wiger) døypt Ole av Peder Larsson Støen og Ragnhild Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/151

 

k* 19.4.1739 (Haug) døypt Ole av Peder Andersson Rangedal og Martha Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/159

 

l* 1.5.1740 (Norderhov) døypt Ole av Peder Andersson Rankedal og Martha Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/8

 

Av desse kan me straks stryka f*, for han er i 1801 gift og busett på Vesteren, samt k* som må vera avliden kort etter fødsli!  Og l* ser me vart gift i 1767 (sjå lista nedanfor!)

 

Ser me so på vigselslistene for Norderhov, finn me desse vigde fram til 1780:

 

** 9.11.1755 (Lunder) vigde Ole Pederson Strømsaad og Siri Engebretsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/238

 

** 16.3.1760 (Wiger) vigde Ole Pederson Strømmen og Berit Larsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/40

 

** 2.7.1764 (Lunder) vigde Ole Pederson Haukedalen og Barbro Narvesdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/116

 

** 12.8.1764 (Lunder) vigde Ole Pederson Narverudeiget og Marit Andersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/116

 

** 13.11.1764 () vigde Ole Pederson Hoffseiget og Gudbjørg Iversdotter («vårt» par!): https://media.digitalarkivet.no/view/8524/122

 

** 29.12.1767 () vigde Ole Pederson Rankedal og Kari Haagensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/173

 

** 28.10.1770 (Wiger) vigde Ole Pederson Tossevigen og Karen Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/219

 

Det er ikkje so lett å verta «klok» på dette, men påfallande er det at berre TO av desse vigslene fann stad i Haug eller Norderhov hovudsokn, og den eine (Rankedal) har me identifisert før.  Dersom «vår» Ole Pederson var fødd i Haug eller Norderhov hovudsokn, bør det vera ein av desse frå dåpslista over: a*, b*, c*, e* eller h*.  Men dersom ogso han, liksom Gudbjørg, voks opp i Ådalen, har me straks fleire mogelege...

 

Kanskje nokon «ser» noko som eg har oversett?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om opphavet til Ole Pederson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tenkte eg ville sjå litt etter vigsler mellom Peder og Else, høvesvis Peder og Randi.

 

I nabolaget til Norderhov finn eg i HOLE to spennande par:

 

** Peder Olson og Randi Olsdotter, vigde i Hole 22.11.1722 (trulovingi dera finn eg ikkje!): https://media.digitalarkivet.no/view/8512/64

 

** Peder Larsson og Randi Torgersdotter, vigde i Hole 13.11.1733 (ved trulovingi heitte ho Ragnhild!): https://media.digitalarkivet.no/view/8512/88

 

Einaste Ole Pederson døypt i Hole av far Peder Olson vart døypt so tidleg som 26.2.1726, kanskje litt i tidlegaste laget: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/71

 

medan einaste Ole Pederson døypt i Hole av far Peder Larsson vart døypt frå Wæktrud(?) 6.1.1739, kanskje litt i seinaste laget: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/100

 

Truleg er båe desse «blindspor», men eg tykte det var rett å nemna dei...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #18:

 

Denne kjempeutfordringi har no lege «i dvale» i tre år, men problemet er like aktuelt som før, om ikkje endå meir presserande!

 

Identifikasjonen av Ole Pederson:

 

* truleg den Ole Pederson, soldat, som er nemnd under Norderhov prestegard i 1762: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/201

 

eller (ny opplysning):

 

* drengen Ole Storjordet, tydeleg son av enkja Elisabeth Storjordet nemnde under Hoff i 1762 (der den seinare kona Gudbjørg Iversdotter, opphavleg frå Hedalen i Valdres, men oppvaksi i Ådalen, er nemnd som tenestejente!): https://media.digitalarkivet.no/view/45689/200

 

* trulova i Haug kyrkje, Norderhov 2.9.1764 som Ole Pederson Hoff: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/118

 

* vigd i Norderhov 13.11.1764 som Ole Pederson Hoffseiget: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/122

 

* FT1801 busett som husmann under Askildsrud, 69 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270004358

 

* truleg gravlagd frå Bergengen under Viul 3.1.1813 (80 år): https://media.digitalarkivet.no/view/8527/142

 

Eg syner elles til innlegg #8 over der alle barnedåpane til Ole og Gudbjørg er attgjevne.  Dei budde først i Hoffseiget, men flytte før 1768 til Skaustadeiget!  Storjordet var plass under Hoff, og kan henda er det Elisabeth som er oppkalla Else i 1768?  Men ein av fadrane til eldste sonen Ole Olson i 1764 var ei Martha Pedersdotter, som godt kan ha vore søster av Ole..., jmf. innførsli under Norderhov prestegard i 1762!

 

Elles har eg i dag motteke ein DNA-analyse for ein agnatisk etterkomar etter Ole Pederson.  Mor mi er òg ein agnatisk etterkomar etter Ole Pederson, men mannslinja i hennar ættegrein døydde ut med bestefar min i 1941.  Denne DNA-analysen vil eg leggja ut som eige tema i von om at nokon kan «knekka» koden.

 

Elles vonar eg framleis på å finna ut meir om opphavet til Ole Pederson, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 14.1.2021 den 6.47, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #18:

 

* truleg den Ole Pederson, soldat, som er nemnd under Norderhov prestegard i 1762: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/201

 

Innlegg #19:

 

Eg har studert litt nærare denne soldaten med namn Ole Pederson som i 1762 er nemnd under Norderhov prestegard.

 

Går me attende til soldatrullen for Ringerike frå 1757, finn me der følgjande Ole Pederson:

 

* Lægd 20 Lundesgaard - Ole Pederson, innrull. 1754, 25 år, f. Snodal i Lunder

 

* Lægd 36 Wexhal - piber Ole Pederson, innrull. 1754, 29 år f. Telberg på Jevnaker

 

* Lægd 54 Weigstein - Ole Pederson, innrull. 1754, 25 år f. Moe i Hole

 

* Lægd 78 Wessetrud - ungt mannskap: Ole Pederson Wessetrud 18 år (merknad vanskeleg å tyda)

 

* Lægd 81 Stiksrud - Ole Pederson, innrull, 1751, 29 år, f. Stiksrud - gift

 

* Lægd 86 Haug - ungt mannskap: Ole Pederson Midthaug - død

 

* Lægd 105 Løken - Ole Pederson, innrull. 1754, 32 år, f. Ullern i Hole - gift

 

Av desse ser eg berre tre som relevante, den første av dei finn me att i lista frå innlegg #16 over:

 

d* 27.2.1734 (Lunder) døypt Ole av Peder Snodalen og Ingeborg Torkildsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/103

 

I kyrkjeboki frå Hole finn me so dei to hine:

 

* 25.11.1731 (Hole) døypt Ole av Peder Moe: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/83

 

* 6.1.1739 (Hole) døypt Ole av Peder Larsson Wesetrud: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/100

 

Som det framgår av innlegg #17 over, var foreldri til den siste Ole Pederson, Peder Larsson og Randi Torgersdotter, og Randi heitte eine dotteri til «vår» Ole Pederson!

 

Bygdeboki for Hole (band III, s. 38) fortel oss at Ole Pederson Moe, f. 1731, gifte seg med Eli Engebretsdotter og var 1762 husmann under Ullern i Hole.  Men denne vigsli finn eg i Hole 2.1.1755, og då heiter brudgommen Ullern: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/225

So dette er nok soldaten frå 1757 som representerte Lægd 105!

 

Når det gjeld Ole Pederson frå Wesetrud, er det ikkje sikkert han vart soldat i det heile.  Her er han framleis busett heime hjå far sin (og ei stemor?) på Wesetrud (Tyristrand) i 1762: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/264

 

~~~~~~~

 

Ein førebels konklusjon må vel vera at den soldaten som i 1762 budde på Norderhovs prestegard mest sannsynleg er Ole Pederson frå Moe i Hole.

 

MEN, korkje ved trulovingi eller vigsli til «vår» Ole Pederson i 1764 er Ole nemnd som soldat, i motsetnad til alle andre soldatar!?  Kan han ha vore dimittert som soldat før han gifte seg?

 

Ei kjempeutfordring dette...  Eg vonar framleis på kommentarar og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #20:

 

Eg har i kveld teke for meg Ekstraskatten frå 1762 og plukka at alle ugifte personar med namn Ole Pederson:

 

#23 Gusgarden og Norderhov prestegard: Ole Pederson soldat - under plassfolk - kanskje son av Martha Øren og bror av Martha

 

#53 Nes (Viker): Ole Pederson - tenestedreng

 

#72 Western: Ole Pederson, son av gardenkja Marie Hansdotter (bror Hans)

   døypt Western 6.3.1735 - bur på Western 1801

 

#87 Waagaard: Ole Pederson - tenestedreng

 

#92 Haukedalen: Ole Pederson soldat - son av gardbrukar Peder Knudson og Sidsel (ho var andre kona hans!)

   - døypt Snodalen 27.2.1734 - truleg gift som soldat (Narverudeiget) 12.8.1764

 

#126 Myhre: Ole Pederson dragon - son av husmann Peder Rankedal og Martha (søsken Ingeborg og Anniken)

   - døypt 1.5.1740 - gifte seg som dragon med ei anna i 1767

 

#156 Østby: Ole Pederson, son av gardbrukar Peder Østby og Kirsti (søsken Lars, Anders soldat, Peder og Ragnhild)

   døypt Østby 12.9.1745 - alt for ung

 

#242 Qvernebergsunds ødegaard: Ole Pederson, under husmenn og innerstar etter ei Anna Pedersdotter

 

Neste aksjon vert no å analysera desse karane (dei som ikkje er strokne)...  Ein av dei er soldat, tre er ikkje...

 

Tips er hjarteleg velkomne!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.