Gå til innhold
Arkivverket
Håvard Moe

"Horne i Førdefjorden"

Recommended Posts

Håvard Moe

God kveld, godtfolk :)

 

Eg har eit spørsmål i tilfelle nokon er kjent i området Vevring/Førde... Min 3*tipp-oldefar, Ole Pedersson, er sagt å vere født på "Horne i Førdefjorden" i 1738. Så vidt eg kan skjønne må dette vere Horne i Naustdal:

 

(kart)

 

Dette ser ut til å vere i noverande Vevring sokn i Førde prestegjeld.

 

Spørsmålet i fyrste omgang er i grunnen - er det nokon som har vore borte i folk frå Horne i dene tida? Eg har kikka på kyrkjebøkene for Førde frå 1730-talet, og ser eg har ein jobb å gjera med "de-chifferering", for dette var ikkje lett. :unsure:

 

Ole Pedersson vart gift med ei Alete Olsdotter, f. ca 1740-49 (sprikande kjelder) og slo seg etter kvart ned på Husefest i Flora.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Jeg har en Ole Pederson fra Horne i Naustdal. Han er f. i flg. bygdeboka rundt 1743. Han er sønn av Peder Trulson Horne f.1702 og Anna Kolbeinsdtr. f.ca 1700 fra Vatne i Naustdal. Peder ble gift 2 gang med Ragnhild Olsdtr. f.1721 og fra Medvatne i Naustdal. Kilde Naustdal bygdebok I, side 44.

Mvh. Johan Arthur Hansen :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Hei, og takk. Står det noko som kan tyde på at han du har funne flytta til Flora/Bremanger?

 

Får prøve å finne den boka... Ser den står på Gunnerusbiblioteket her... :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Eg har sønane Per (f. 1785), Søren (f. 1787) og Ole (f. 1789) - alle født i Bremanger - i tillegg til dotra Anne (f. ukjent).

 

I følgje dei kjeldene eg har funne fikk Ole Pedersson bygsel på eine parten i Husefest i 1780.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Ole Pedersson døyde i 1796: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610619.jpg (nederst på høgre sida). Anne og Ole døyde begge i 1799.

 

Om den informasjonen eg har fått er rett, skal Anne vere født omlag 1770. Do er sagt å ha døyd på "Hospitalet" i Bergen i april 1799, og kan da vere den Anne Olsdotter som er gravlagd i mai 1799, død 29 år gamal.

 

Tenkte så å sjekke kyrkjeboka i Førde kring 1770, men denne ser ut til å vere borte mellom 1764 og 1781. Imidlertid fann eg link til sjeleregister for Førde i 1780, der ein i alle fall ikkje finn nokon Ole Pedersson (men derimot Mads Olsen (21), Nell Pedersdt. (20) og Colban Pedersen (34). Om desse er i slekt er umulig å seie)...

 

Dernest har eg sjekka litt og funne skiftet etter Ole Pedersson, og ting blir litt klarare:

Truls Pederson Horne er verge for eldste sonen

Truls Olsen Muller(?) er verge for mellomste sonen

Rasmus Olsen (H?)ring er verge for yngste sonen

 

1. Cristopher Nagel får ein sum - han er etter det eg veit eigaren av bruket

2. Anne Olsdatter Husefest får utlagt si morsarv(?)

3. klarer eg diverre ikkje å tyde enno

4. Enkja får sin halvpart av buet - er ikkje overnemnte Colban Horne nemnt her?

5.-8. Borna får sine lutar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det ser ut som du har funne rette far til Ole Pedersen.

 

Eg har funne skifte etter Peder Trulsen Horne i 1776. Her er barna oppgitt, og blant anna Ole Pedersen myndig, tiene hos ein eller annan hr. Nagel (slit litt med å tolke litt der)

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 14 , 1772-1779, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24203/342/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127610648.jpg

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Welbr. hr. assessor Nagel, er det ikkje?

 

Og mange takk. Ser ut til at det er noko å nøste vidare på her :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Der fikk jeg også nye opplysninger og til og med skifte etter min 3X tippoldefar. Jeg er etterkommer etter Truls - bror til Ola. Familien til Ola hadde jeg ingenting om.

Mvh. Johan Arthur Hansen :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Ein fjern slektning, der altså... Det skulle vel gjere deg til 6-menning av mor mi :)

 

Eg har for øvrig vore på biblioteket i dag og funne desse folka i Naustdal bygdebok. Mykje å ta tak i der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.