Gå til innhold
Arkivverket

Berent Bersvendson frå Målselv (1873- ), med på Gjøa-ekspedisjonen - sidan pelsjægar i Sibir?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Berent Bersvendson Foslid, fødd i Målselv 11.11.1873, utvandra til Amerika i 1893, men kom visstnok heimatt og skal ha vore med på Gjøa-ekspedisjonen for å finna Nordvestpassasjen i 1903-1907 i lag med Roald Amundsen. Ein ættling av Berent fortel at Berent skal ha vorte lei av å venta i isen, og at han gjekk i land. Han busette seg i Sibir, truleg nær Vladivostok, der han livnærte seg som pelsjægar. Han var gift og fekk to born. Etterkomarar frå Vladivostok vitja Tromsø på 1990-talet!

 

Er det mogeleg, til dømes i prenta kjelder, å finna ut noko meir om denne "eventyraren" frå Målselv? Det har vore nemnt at han KAN ha delteke i ei anna polarekspedisjon FØR Gjøa-ekepedisjonen, men dette er svært usikkert!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 år senere...

Etter mange år med møysommeleg graving er eg omsider komen fram til eit nokolunde manuskript for Berent Bersvendson, men me er framleis på leiting etter fleire detaljar om livet hans før han kring 1904 tok til som pelshandlar og etter kvart busette seg på Chukotka-halvøya heilt aust i Sibir.

 

Særleg er eg interessert i om det finst dokumentasjon for at han deltok i Gjøa-ekspedisjonen i lag med Roald Amundsen. 

 

NB: redigert tillegg:  Namnet hans er ikkje nemnd mellom dei som reiste på Gjøa med Roald Amundsen, so kanskje er dette ein «usann påstand»!?

https://frammuseum.no/nb/polarhistorie/ekspedisjoner/gjoa-ekspedisjonen-1903-1906/

 

Likeins ønskjer me å dokumentera opphaldi hans som gullgravar i Alaska og som busett i Nome, Alaska.  Kanskje eitt og anna avisoppslag kan finnast?

 

Her følgjer so manuskriptet mitt slik det ser ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

c. Berent Bersvendsen Foslid, sidan kjend som Bendt B. Wall eller Волл Бешвенсона, var f. i Målselv 11.11.1873; han utvandra i 1893 til Amerika og var ei tid gullgravar («gold miner») i Nome, Alaska og sidan jarnbanearbeidar («railroad steam fitter») med opphald i Wellington, King Co., Wash., men tok so til som pelshandlar («fur trader») og handla frå kring 1904 ulike stader på Chukotka-halvøya i Sibir, Russland, mellom anna i Anadyr og langs Kolyma-elvi.  Han var frå 1906 sambuande og gifte seg 25.11.1925 (etter at Bendt då hadde vorte russisk statsborgar) med Tynat eller Тын`ат Выквын`аут frå Enurmino, Chukotka, Russland, f. i Enurmino (Энурмино, Чуко́тский автоно́мный о́круг)

 

 

     ¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hennar?)

 

 

     1889.  Bendt og Tynat busette seg i Serdtse Kamen, Chukotka (Сердце-Камень, Чуко́тский автоно́мный о́круг) der Bendt heldt fram som skinnhandlar («fur trader») til han etter eit ulukkeshende i 1920-åri vart bakar («baker») same staden.  Bendt d. i Enurmino (Энурмино) 4.5.1944, medan Tynat Wall d.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - 1958?)

 

 

     1957.  Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berent Bersvendsen er i alle fall ikke nevnt i en opplisting av besetningens medlemmer i Aftenposten 31. mai 1903

image.png.bf9b9f2b5c7eae1185e7d4ec4f4c905a.png

 

image.png.8b3270acf23212ceee395f2414b100b3.png

 

Endret av Lars Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Eg trur me trygt kan gå ut ifrå at Berent IKKJE var på reis på Gjøa med Roald Amundsen.  Derimot vart eg ein gong fortalt at Roald Amundsen skal ha oppsøkt og vitja Berent etter at han hadde busett seg i Sibir.  Kanskje kan dette dokumenterast gjennom eit avisoppslag?  Kanskje var det i 1921 då me veit at Roald Amundsen var i Sibir:

 

https://www.aftenposten.no/a-magasinet/i/J1Am2J/roald-amundsen-tok-til-seg-to-doetre-fra-oest-sibir-saa-sendte-han-dem-braatt-fra-seg

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit skikkeleg spennande innlegg!  Her får me mange detaljar om Berent på plass, og eg veit ikkje kor mykje meir me kan venta å finna.  Eg har slite veldig med desse datoane til kona hans, men ein eller annan stad må jo ogso dei finnast...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.