Gå til innhold
Arkivverket

Samuel Larsson "Lewis" - fødd 1834 - til Amerika 185? - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ei skikkeleg utfordring:

 

FT1860 for Sparta township, Monroe Co., WI syner denne huslyden:

 

LEWIS, Samuel 26 Nor

LEWIS, Isabel 22 Nor

LEWIS, Augusta 4 mo WI

 

Isabel er identisk med Ingeborg Andersdotter Lingjerde, fødd i Luster 21.11.1837. Ho utvandra i 1851 med foreldri Anders Einerson Lingjerde og Britha Eriksdotter Midtun og voks opp på ein farm i Christiana township nær Westby, Vernon Co., WI.

 

Me kjenner til to born etter Samuel og Ingeborg "Isabel":

 

** John Lewis, fødd 19.12.1858, døydde 31.12.1858

** Frances Augusta Lewis, fødd 25.1.1860, voks opp hjå besteforeldri sine og døydde i Vernon Co., WI 15.12.1888.

 

Desse datoane trur eg opphavleg kjem frå kyrkjebøkene for Coon Prairie, Vernon Co., WI

 

Men problemet mitt er:

 

* Kven var Samuel Larsson "Lewis"?

 

Eg har ikkje funne vigsli til Samuel og Ingeborg, og Samuel vert borte kort etter 1860, kanskje som soldat i borgarkrigen, for kring 1868 gifte Ingeborg seg att med ein annan emigrant frå Hafslo i Sogn, Johannes Olson Urnes!

 

Alle gode tips om Samuel vert mottekne med opne armar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt innlegg. Men, diverre, Samuel Larsson frå Hafslo (1827-1871) gifte seg i Waushara Co., WI i 1857 med Dorthea Johannesdotter frå Dale i Bruvik og fekk fire born med ho. So han er det diverre ikkje...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg (Isabel) ankommer USA ombord på 'Bjørgvin' med familien, Anders Einersen (38) og Brithe (48), Einer (18), Ole (11) og Eric (7):

 

New York Passenger Lists, 1820-1957

Name: Ingeborg Einerson

Arrival Date: 5 Jul 1851

Birth Year: abt 1838

Age: 13

Gender: Female

Ethnicity/Race­/Nationality: Norwegian

Place of Origin: Norway

Port of Departure: Bergen, Norway

Destination: United States of America

Port of Arrival: New York

Port Arrival State: New York

Port Arrival Country: United States

Ship Name: Bjorgiven

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt og Carsten for nye innlegg. Ja, det er vel heilt tilfeldigt at Samuel Larsson frå Hafslo utvandra med same skipet som huslyden frå Lingjerde. Men det er ein annan person.

 

Elles har eg lese gjennom vigselslistene for både Monroe og Vernon COUNTIES (KOMMUNAR) utan å finna noko meir.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.