Gå til innhold
Arkivverket

Lisbet Mikaelsdatter født rundt 1720 I Nøstdal


Gro Vasbotten
 Del

Recommended Posts

Etter mine funn var hun gift to ganger - først i Høyvika og senere i Vasbotten/Årset i Vevring. Hun var mor til Enoch Olsen Vasbotten som mye av min slekt springer ut fra. Hun har også datteren Oline fra første ekteskap. Er det noen som vet noe mer? Gro

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg får ta forbehold om mogelege feil i BB Naustdal, evt. at eg har funne feil person:

 

Frå BB Naustdal om garden Årset:

 

Ola Larsson f. kr. 1709 på Årset, d. 1741 på Årset, gift 1 med Lisbet Monsdotter f.kr. 1701 i Naustdal bnr 1, d. 1781 på Årset. Lisbet var gift andre gang med Henrik Halvorsen f. kr. 1719 i Høyvika, d. 1751 på Årset. Henrik var lensmann i skipreida då han døydde. blant dei fem barna i første ekteskap finn eg Enok f. kr. 1739, d. 1810 bst. Vassbotten bnr. 2.

 

Under bnr 1 på Nøstdal finn eg Lisbet. Foreldra er Mons Olsson f. kr. 1645 på Årset bnr 1, d. 1710, gift med Pernille Pedersdotter f.kr. 1654 i Naustdal d. 1745 i Naustdal. (Denne familien har eg vore borti ein gong tidlegare utan at eg hilt klarer å hugse i kva samanheng det var). Om lisbet står det om lag det same som under Årset med tillegg om at første ekteskapet var inngått i 1734 og andre ekteskapet var inngått i 1742. ho var bst. på Årset bnr 1/Vassbotten bnr 1.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg må åpenbart skaffe meg BB Naustdal. Imidlertid, Lisbeth er antakelig en interessant dame i Vabsotten/Årsæt-slekta. Tusen takk. Gro

Lenke til kommentar
Del på andre sider

BB Naustdal er kjekk å ha. No fann eg ut kvar eg har denne Mons Olsen og Pernille Pedersdotter frå. Dei er mine 6-tippoldeforeldre.

 

Familien er også ført under Vassbotnen. Hovedsakleg dei same opplysningane som står under Årset og Naustdal. I 1729 skal Pernille Pedersdotter ha skjøtt Vassbotnen over på døtrene Margrete og Lisbet. Frå kr. 1735 og til 1753 var Vassbotnen rekna under Årset, brukrane er dei same i Vassbotnen og på Årset.

 

Så står det at Lisbet overtok bruket i Vassbotnen i 1733. Kan dt bety at ho overtok Margrete sin del? Om Margrete står det under Naustdal bnr 1 at ho var fødd krin 1689 og døde på Rotnes (Førde) i 1736. Ho var etter alt å døme ugift og fekk i 1730 bygsel på det Rotenesbruket som broren Ola hadde hatt.

 

Om Enok strå det her at han var f. kr. 1739, d. 1810 bst Vassbotnen bnr. 2. Han var truleg også son deira (altså Lisbeth Monsen og Ola Larsson. Om vi ut frå det siste må legge til grunn at det framleis er uavklart om Enok er sonen deira, veit eg ikkje. Forhåpentlegvis finnes det eit skifte som kan gje svar på det.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Takk for svar som alltid veldig til hjelp. Jeg forutsetter at Enoch er sønnen deres, noe jeg også har fra andre kilder. Lisbeth giftet seg senere med Henrich Halvorsson Høevig, fra Høyvika i Kinn. De fikk datteren Oline Henriksdatter som ble gift med Hernrich Samsonsen Vasbotten som var eieren på en av de to gårdene i Vassbotten. Den andre gården overtok min tipp-oldefar Ole Tirdal Vasbotten i skifte etter Johanne Enochsen Vasbotten gjennom ekteskapet med Johannes sin datter Ane Sophie Lene Marie Vasbotten som døde i 1840. Senere ble han gift med Lydia Malene Aarset, men først med Bolette, datter av Peder Abrahamsen Steenhovden fra Steinhovden som igjen ligger like i nærheten av Høyvika.

 

Enoch beholdt navnet Vasbotten og er bl. a. far til Oline Enochsdatter gift med Valentin Abrahamsen Aalen. En av sønnene var Mons Enochsen Aarsæt. Lisbeth, Ola og Henrich er på en måte knutepunktet for mange av familiene i Vevring. Det blir litt sånn at alt henger sammen med alt, til slutt. Særskilt når det faktisk er slik at søsteren min er gift Høyvik.

 

Gro

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Mons og Pernille er mine 8 ganger tipp-oldeforeldre. Gro

 

Då blir det vel å rekne som tjukkaste slekta, sjølv om det har blitt litt rot i generasjonane.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 år senere...
På 29.3.2011 den 1.15, Egil Russøy skrev:

Eg får ta forbehold om mogelege feil i BB Naustdal, evt. at eg har funne feil person:

 

Frå BB Naustdal om garden Årset:

 

Ola Larsson f. kr. 1709 på Årset, d. 1741 på Årset, gift 1 med Lisbet Monsdotter f.kr. 1701 i Naustdal bnr 1, d. 1781 på Årset. Lisbet var gift andre gang med Henrik Halvorsen f. kr. 1719 i Høyvika, d. 1751 på Årset. Henrik var lensmann i skipreida då han døydde. blant dei fem barna i første ekteskap finn eg Enok f. kr. 1739, d. 1810 bst. Vassbotten bnr. 2.

 

Under bnr 1 på Nøstdal finn eg Lisbet. Foreldra er Mons Olsson f. kr. 1645 på Årset bnr 1, d. 1710, gift med Pernille Pedersdotter f.kr. 1654 i Naustdal d. 1745 i Naustdal. (Denne familien har eg vore borti ein gong tidlegare utan at eg hilt klarer å hugse i kva samanheng det var). Om lisbet står det om lag det same som under Årset med tillegg om at første ekteskapet var inngått i 1734 og andre ekteskapet var inngått i 1742. ho var bst. på Årset bnr 1/Vassbotten bnr 1.

 

mvh Egil

 

På 29.3.2011 den 7.39, Egil Russøy skrev:

Om Enok strå det her at han var f. kr. 1739, d. 1810 bst Vassbotnen bnr. 2. Han var truleg også son deira (altså Lisbeth Monsen og Ola Larsson. Om vi ut frå det siste må legge til grunn at det framleis er uavklart om Enok er sonen deira, veit eg ikkje. Forhåpentlegvis finnes det eit skifte som kan gje svar på det.

 

Det manglar skifteprotokoll i tida rundt 1741. Eg har rota rundt i eit slektstre på Geni samt tingbok og pantebok på jakt etter litt ulike ting. Då kom eg over ei skøyte frå 1745, der formyndarane for borna til Ole og Lisbet skøytte partane som borna hadde arva over på Henrik Halvorson. Skøyta nemner 4 born, deriblant Margrete Kristine, som i følgje bygdeboka skulle vere fødd i 1738 og død i 1742. (Ho levde altså i beste velgåande i 1745)

 

Redigert: Ho er faktisk innført i kyrkjeboka som gravlagd 17/6 1742, 3 år og 7 mnd.:

 

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Haukedalen, Naustdal i Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1742, Side 113
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227240605

 

Så enten er det feil ein stad, eller så har det vore to sysken med same namn.
 

Tyding av skøyta:

 

Venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Pantebok nr. II.B.2a (1732-1762), Pantebokside, Side 201
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20070808170678
 

"(...) Anders Andersen Svardal, Mons Nilssen Løcheland (skal vere Mons Madsson Laukeland???), Torsten Larsen Høedahl og Johannes Hansen Høedahl, som anordnede formyndere for afgangne Ole Larsen Aarsetters efterladte 2de Sønner og 2de Døtre nafnlig Mons Olsen, Lars Eining(?) Olsen, Leene Marie Olsdatter og Margarethe Christine Olsdatter at have paa ??? af Vore Myndlingers Veigner Solt og afhendet til deres Stedfader (...) Hendrich Halvoorsen Aarsetter deres tilfaldne arfueandehl(?) udi gaarden Aarsetter, som udi Brantzø Skibbrede og Wefring Sogn er beliggende og skylder aarlig 2 pund (...) Smørs leje (...) Aarsetter den 16 Januari 1745 (...)". (Skøyta er også nemnd i tingboka).

 

I 1752 er det skifte etter Henrik Halvorson Årset:

 

Venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 6 (1752-1767), Skifteprotokollside, Side 51b-52a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126640738

 

Mi oppsummering:

Skifte 29/5 1752 på Årset i Brandsøy skipreide og Vevring sokn etter Henrik Halvorson mellom enkja, Elisabet Monsdtr. og deira einaste dotter, Oline Henriksdtr., 9 år. Laugverge: Systersonen til enkja, lensmann Mons Rasmusson Naustdal. Formyndar for dottera, Oline Henriksdtr.: Johannes Olsson Valvik.

Det er vidare nemnt at Mons Olsson hadde inneståande arv hos den avdøde, som hadde vore formyndaren hans. Johannes Hansson Høydal var formyndar for Lars Eining Olsson, som også hadde inneståande arv. Enkja ville at jordegodset skulle utleggjast på henne, sidan hennar siste ektemann ikkje hadde hatt med seg noko jordegods inn i buet. (Sjå også Albert Joleik: Soga om Flora fram til 1801, s. 465). Mellom det som enkja fekk utlagt var 2 pd. smør i Årset og 2 pd. smør i Vassbotten.

 

Bygdeboka nemner m.a. sønene Enok f. kring 1739 og Lars f. i 1740. Etter mi meining viser dei to kjeldene eg har funne at desse er ein og same person. Han vart døypt som Lars 18/12 1740, men må sidan ha blitt kalla Enok. Dåpen:

 

Høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Haukedalen, Naustdal i Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1740, Side 98
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227240590
 

"Dom 4te Adv. hr. ??? i Vefr(?) (= Vevring?) K. Bap. Ole Aarsæts br N. Lars. Test Valentin Vefr(?), Abselon D., Mons Nøsdal, Johan Vefr(?) Berns(?) Nøsdal".

 

Eg kan elles nemne at ein annan brukar på Geni har funne ut at kona til Enok, Anne Mikkelsdtr. ikkje er "truleg frå Steindalen", slik bygdeboka hevdar, men derimot frå Hestvik i noverande Askvoll. Det er nemleg skifte etter mor hennar, Gjø Finnsdtr. Hestvik.

 

Årsaka til at eg rotar rundt i dette treet er forresten at eg leitar etter opphavet til Helga Monsdotter som vart g. med Mads Nilsson Laukeland, f. på Sæle i Gaular. (Laukeland låg tidlegare i Fjaler). Mads og Helga hadde ei dotter, Magdalena Madsdtr., gift med syskenbarnet sitt (jf. kongebrev), Peder Jakobson Osen i Bru/Kinn. Foreldra til Peder var Jakob Pederson Osen f. Kvalvik (Eikefjorden) og Magdalene Monsdtr. I følgje Geni var Magdalene og Helga sysken til m.a. Lisbet Monsdtr. Naustdal/Årset nemnd ovanfor, men verken Magdalene eller Helga er nemnde i bygdeboka saman med dei andre syskena på Naustdal, br. nr. 1. Eg lurer på om nokon kjenner til indikasjonar/bevis (andre enn skøyta eg nemner ovanfor) for at Magdalene Monsdtr. Osen og Helga Monsdtr. Sæle/Laukeland var frå Naustdal/Årset, og born av Mons Olsson og Pernille Pedersdtr. Eg bør vel kanskje starte ein ny tråd om dette, men stiller likevel spørsmålet her.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.