Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Michael Danielson Batalden i Kinn (1840- ) - bustad og opphav?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg finn følgjande vigsle i Kinn 29.8.1869 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6894&idx_id=6894&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-81):

 

Ole Michael Danielson, f. og oph. Batalden, ungk., 29 - far Daniel Gregoriussson

Anna Cathrine Bergithe Arentsdotter, f. Sundhorsvig(?), enkje, 29 - far Arent Sørenson

 

Eg finn Ole Michael i FT1865 med foreldri sine på Fugløen under Batalden i Kinn (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1437&kenr=006&bnr=0051&lnr=000), og eg tipper på at det var denne plassen under Batalden ogso Ole Michael og kona Anna Cathrione Bergithe tok over frå 1869, men kven var Anna Cathrine Bergithe?

 

Eg har vanskar med å tyda gardsnamnet som står som fødestad for Anna Cathrine Bergithe ved vigsli hennar og finn korkje ho eller faren Arent Sørenson i FT1865.

 

Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg?

 

Konkrete spørsmål:

 

* Namn på plassen under Batalden der Ole Michael og Anna Cathrine Bergithe vart buande?

 

* Namn på gard eller plass der Anna Cathrine Bergithe Arentsdotter var fødd/hadde opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg trur garden må vere Sunnarvik. Eg trudde denne heitte Sunnhordvik eller noko slikt før, matrikkelutkastet 1950 kallar han "Sundvorvik".

 

Kan det vere brørne hennar ein finn her?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Hei Lars.

 

Ole Mikal Danielsen og Anne Kathrine Arntsdotter er mine tippoldeforeldre. Eg kan ta litt kjappe opplysningar no, og evt. utfylle seinare.

 

Dei budde på Fugløy.

 

Anne Cathrine Bergitte var frå Sunnarvik (garden er kjent under fleire liknande namn). Her er dåpen hennar i 1840. (nr. 76) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1840, side 183.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11534&idx_id=11534&uid=ny&idx_side=-187

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620347.jpg

 

Far hennar Arnt/Arent Sørensen var opprinneleg frå Hovland, medan mora Anne Marie Andersdtr var frå Sunnarvik.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn og Egil for spennande og gode innlegg! Og det var litt av ei overrasking at eg her kjem borti slekti di, Egil. Då reknar eg med at du kanskje kan hjelpa meg vidare med denne greini av Gundersen-ætti?

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av ætti til Maria Olsdotter Solvorn (1869-1947) frå Hafslo, først gift med Gunder Elias Gundersen (1870-1898) og sidan med Arent Olai Olson Batalden (1871-1957):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Maria Olsdotter {Solvorn}, f. i Hafslo 4.2.1869, flytte i ung alder til Florø der ho 17.3.1893 gifte seg første gongen med Gunder Elias Rasmusson Gundersen frå Florø, ein son av husmannsdotteri Karen Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1844-1891). Gunder var f. i Florø 27.1.1870. Gunder Gundersen dreiv skomakarverkstad i Florø der han d. 27.3.1898. Maria gifte seg att

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hennar? – våren 1901?)

 

med Arent Olai Olson Batalden frå Batalden i Kinn. Han var son av husmann Ole Michael Danielson på Fugløy under Batalden og kona Anna Cathrine Bergitte Arentsdotter frå Sunnarvik og f. i Kinn 2.12.1871. Arent var skomakarsvein, og han og Maria vart buande i Florø der Maria d. 18.7.1947. Arent Batalden d. same staden 23.2.1957. Maria fekk i alt ti born, tre frå første ekteskapet, seks frå det andre og eitt som enkje mellom dei to:

a. Konrad Martin Gunderson Gundersen, f. i Florø 10.2.1893, d. i Florø 15.5.1896.

b. Karen Otilie Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 29.3.1896, d. i Florø 17.12.1899.

c. Gunda Elise Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 11.4.1898, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Solheim, Bergen)

 

18.11.1975. Gunda gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – i kyrkjeboki er tilføyd: ”attest til ekteskap 10.9.1921”)

 

med Reinhardt Olai Kaare Rasmussen frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar oppvaksen?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

1896. Han d. i Bergen 14.10.1926. Reinhardt var maskinist, og han og Gunda budde i Bergen. Dei fekk to born i lag.

d. Monrad Hansson Hellesen, son av Maria og skomakarsvein Hans Christianson Elde i Bergen (1868-1956), opphavleg frå Elde i Fjaler, var f. i Florø 24.9.1899 og voks opp som fosterson hjå telegrafbod Henrik Hellesen og kona Johanne i Florø. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Florø)

 

10.4.1964.

 

¤¤¤¤¤ (biografi? – bustad Bergen 1947)

 

e. Anna Karoline Arentsdotter Batalden, f. i Florø 17.7.1901, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Anna gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med

 

¤¤¤¤¤ (mannen sine førenamn og farsnamn?)

 

Ellingsen frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar oppvaksen?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – Bergen 1957!)

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

f. Sigvard Arentson Batalden, f. i Florø 16.2.1903, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Florø)

 

29.7.1979.

 

¤¤¤¤¤ (biografi? – bus. Florø)

 

g. Otto Mathias Arentson Batalden, f. i Florø 28.9.1904, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Florø)

 

24.3.1963.

 

¤¤¤¤¤ (biografi? – bus. Florø)

 

h. Anton Arentson Batalden, f. i Florø 27.4.1906, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Florø – 27.5.1980)

 

1980.

 

¤¤¤¤¤ (biografi? – bus Rjukan 1957)

 

i. Karen Arentsdotter Batalden, f. i Florø 10.3.1908, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hernnar? – gravlagd Florø)

 

30.7.1974.

 

¤¤¤¤¤ (biografi? – bus. Florø)

 

j. Toralf Arentson Batalden, f. i Florø 10.7.1913, d.

 

¤¤¤¤¤ (biografi? – d. før 1947!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om du, Egil, kjenner denne huslyden personleg, kjenner du kanskje òg ein eller annan som kan svar på dette konkrete spørsmålet:

 

Maria Olsdotter Solvorn hadde ein bror som eg ikkje veit noko særleg om:

 

* Ole Olson (Solvorn), fødd i Hafslo 16.4.1865, utvandra til Amerika i 1885, men kom attende og var til stades då det i 1894 vart halde skifte etter faren Ole Sjurson Solvorn i Hafslo. Kva som sidan skjedde med denne karen, har eg ikkje greidd å finna ut av so langt, men kanskje finst det barnebarn av Maria som har høyrt gjete denne onkelen?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg oppdaga akkurat gravi til Anna Karoline Arentsdotter Batalden - gift Ellingsen! Ho døydde 14.4.1981 og ligg gravlagd på Grindheim i Etne. Eg ser ikkje noko til mann hennar, kva no enn han heitte...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for kjempeflott innlegg! Eg ser at fødestaden hennar er oppgjeven til Kinn, og det er nok orsaki til at eg ikkje har oppdaga denne vigsli då eg for mange år sidan las gjennom denne kyrkjeboki - frå perm til perm - og leitte etter fødestaden Hafslo...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Ikkje heilt den slekta eg har jobba mest med dette.

 

Eg ættar etter søstra til Arnt Olai på den eine sida, og ei tante av Arnt Olai på den andre, men eg har dessverre ikkje så mykje å fare med om Arnt Olai så vidt eg kan sjå.

 

Mest truleg er det ikkje så mykje å hente heller som du vil sjå nedanfor.

 

Dette er dei opplysningane eg har funne nedfelt om borna til Arnt Olai og Maria.

Otto Batalden ugift

Sigvard Batalden ugift

Karen Batalden ugift

Anton Batalden ugift

Anna Batalden, gift Ellingsen. Eit barn Ragnhild.

Toralf er ikkje nemnd, har vel då truleg døydd tidleg.

 

Det kan dermed sjå ut som om det ikkje er så mange barnebarn. Kor denne Ragnhild er fødd, og hennar vidare skjebne veit eg dessverre ikkje noko om.

 

Eg trur du får prøve feste på grava til Anna Ellingsen på Etne. Kanskje du finn Ragnhild eller hennar etterkommarar registrert der?

 

Kjem eg over noko meir, så skal eg legge inn ei ny melding.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye opplysningar om denne huslyden!

 

So vidt eg kan forstå, er det ikkje so mykje å fortelja om denne søskenflokken, borni etter Arnt Olai, men kanskje du kan skaffa opplysningar som:

 

* Kva yrke desse søskeni hadde?

 

* Kvar dei døydde?

 

* Dødsdatoane for Anton og Toralf?

 

Dei fleste av desse opplysningane skulle vera tilgjengelege hjå soknepresten i Florø...

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gro Vasbotten

Det var en fabelaktig diskusjon, jeg blir litt "sur" for at dere ikkes neier innom min Sundhordvig- / Sunnarvikslekt, og heller ikke Batalden-slekta mi, men morsom lesning. Gro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro for innlegg med kommentar. Det er vel ikkje so godt å gjera alle til lags, og som bygdebokskrvar for Luster kommune kan eg ikkje ta med heile fylket...

 

Eg har forresten funne dødsfallet til minsteguten Toralf. Han døydde som Torvald Batalden i Florø 17.4.1914. So då er det problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gro Vasbotten

Nei, til lags åt alle kan ingen gjera. Men når du skriv om Luster, kva kan du fortelle om Øystein Døsen f. 12.02.1860 og som etter det eg veit var frå Luster. Han flytta til Florø og vart gift med Henrikke Lovise "Rikka" Salamonsen fødd i 1867. Om foreldra til dømes. Ho var søster til oldemor mi, og vi har framleis kontakt med familien. Gro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro for nytt innlegg.

 

Øistein Døsen er omskriven i band III av Bygdebokserien for Luster (1987). Den gongen tok me berre med den flyttande generasjonen, og det er noko avkorta kva me fekk med av opplysningar om svigerforeldre, for den gongen fanst det ikkje noko online kyrkjeb;ker... Men her er kva eg har:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Østen Hansson Døsen, f. 2.12.1860,

Øistein H. Døsen tok juridisk embetseksamen i 1888 og flytte i 1889 til Florø der han 2.12.1895 gifte seg med Henrikka Lovise, kjend som Rikka Madsdotter Salomonsen. Ho var dotter av skipper Mads Salomonsen og Maren Henriksdotter i Florø og f. der 5.5.1866. Øistein Døsen var frå 1890 autorisert overrettssakførar, og han og Rikka vart buande i Florø der Øistein d. 13.11.1915. Rikka Døsen d. same staden 7.11.1928. Dei fekk fem born.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det var en fabelaktig diskusjon, jeg blir litt "sur" for at dere ikkes neier innom min Sundhordvig- / Sunnarvikslekt, og heller ikke Batalden-slekta mi, men morsom lesning. Gro

 

Gro: Dersom det er Kvammen-slekta du siktar til når du nemner Batalden, så finn du ein del her: http://www.systor.no/tor.kvammen/kvammen.htm

 

Nr. 5 Skorpeide,Stefanus Nicolai (Son til Mads Olsen Kvammen, som igjen var tippoldebarn av Mons Olsen Vassbotten/Nøstdal), flytta til Skorpeide, og derifrå flytta det etterkommarar vidare til øyane i Batalden.

 

Ein son av Stefanus Skorpeide gifta seg med Lydia Alette Olsdotter Fugløy. Ho var søster til Arnt Olai som er omtalt i dette temaet. Så dermed er det nesten litt di slekt også.

 

Lars: Eg skal sjå om eg klarer å fange opp noko meir. det er sikkert folk i slekta som kjenner til denne gjengen.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gro Vasbotten

Nei, det er Kinn-slekta mi, der det er en søster av min oldemor som ble gift Batalden dvs. med Peder Andreas Batalden. Datteren Dagny Batalden som er en grandtante av meg ble. f. eks. gift med Brynjulf Minken. Så det er Florø-slekt med andre ord. Tante Dagny som hele familien kalte henne, overlevde Brynjulf med mange år og hadde det med å besøke familien kjørende i en grønn folkevognsboble. Et muntrasjonsråd av de sjeldne. Gro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gro Vasbotten

Lars, takk skal du ha. Eg har svigerfamilien som du kallar det, for det er min næraste familie. Men, Far til Øistein hette alstå Hans, og eg kan dermed ta utgangspunkt i det og lese kyrkjebøker og folketellingar for Hans Døsen i Luster for å komplettere slektstreet?

 

Elles til både deg og Egil, kor skal eg byrje leite for å finne ut meir om Thomas Klingenberg som er min 7-tippoldefar? Gro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Lars: Du får unnskylde at vi låner temaet ditt litt.

 

Gro: Dersom det er rett Thomas Klingenberg eg fann i 1801 (f. kr. 1725), så er han son av Bjørn Jensen Klingenberg. Bjørn Jensen Klingenberg er det skifte etter i 1766. Der er nemnd som sønn nr. 2 Thomas Klingenberg, klokker i Kinn prestegjeld, som då må være den same som ovanfor.

 

Enka etter Bjørn Jensen Klingenberg ser ut til å heite Maren Sørensdotter Bruun.

 

Det ser ikkje ut til at Thomas er fødd i Kinn.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro for nytt innlegg.

 

Foreldri til Øistein Døsen var Hans Johan Hansson Døsen, frå Døsen (1835-1896) og første kona Karen Susanna "Susanna" Østensdotter frå Bjørk (1837-1876). Mange av forfedrene hans Øistein Døsen er omskrivne i bygdebøkene for Luster, for det meste spreidde i band I, II og III.

 

Når det gjeld Klingenberg-ætti, hadde ho hovudtilhald på Kaupanger i Sogndal, men med greiner til mellom anna Dalsøyri i Luster (band II) der også førenamnet Thomas førekjem, men utan at eg konkret veit kva for ein Thomas Klingenberg du ættar ifrå, kan eg ikkje gje deg noko konkret råd...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gro Vasbotten

Takk til begge to. Eg må sortere opplysningane inn i slektstreet mitt, slik at eg kan kommentere skikkeleg, men trur at du Egil har rett i at Klingenberg ikkje er fødd i Kinn, noko som vert underbygd av Lars. Eg kjem attende. Ein annan sak eg finn morosam er å sjå korleis slektene mine frå Breim, Jølster, Mo og Erdal i Førde, Vevring og Kinn vever seg inn i einannan utan at eg finn mykje av det som kallast "innavl på folkemunne.

 

(Dere må unnskylde den klønete nynorsken min, men er nødt til å begynne skrive nynorsk på jobb, så jeg benytter alle sjanser til å prøve. Som innfødt Florøværing har jeg bokmål som skolemål).

 

Gro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Lars: Her har du dåpen til Ragnhild Marie Ellingsen 190925: (nederst)

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Fødselsregister nr. A 3 (1923-1926), Fødte og døpte 1925, side 156.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2104&idx_id=2104&uid=ny&idx_side=-160

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810010572.jpg

 

Ho døyr på Etne i 1996 http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3133546

 

Eg er på sporet av meir, men vil sjekke ut litt før eg kjem tilbake til deg.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Lars: Eg sender deg ein epost.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Reppen

kor skal eg byrje leite for å finne ut meir om Thomas Klingenberg som er min 7-tippoldefar? Gro

 

Her finn du giftarmålet til Thomas Biørnsen Klingenberg: lenke

 

og her er fire born: lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gro Vasbotten

Takk Per. Gro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.