Gå til innhold
Arkivverket

Teiste-ætti på Kroken i Hafslo 1500-1600-talet - hjelp til korrekte opplysningar?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eit av dei siste kapitli i Gards- og Ættesoga for Luster kommune handlar om garden Kroken i Hafslo og ættene som budde der. Ulike kjelder har opplysningar om desse folki, men det er mange hòl, og når eg legg ut dette emnet, so er det med von om at andre lesarar sit med detaljert kunnskap om ulike greinar av desse ættene som kan hjelpa meg til eit meir komplett manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Olson Teiste, frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

var f. kring 1500 og d. på Kroken kring 1555. Han gifte seg kring 1540 med Anna Johansdotter Kruckow, opphavleg frå Kroken i Luster, men sjå Sørheim i Luster. Ho var f. kring 1519 og d. på Kroken kring 1602. John Teiste var lensherre og godsheigar, budde som gardbrukar p[ Kroken fr[ kring 1540 og levetidi ut. Born:

1. Ole Johnson Teiste, f. kring 1542,

 

¤¤¤¤¤ (gift kring 1570 med Maren Christophersdotter Rustung, busette Bjelland - biografi om dei og borni deira?)

 

2. Hans Johnson Teiste (1545-1591), vart lagdommar og budde på Fet.

3. Karen Johnsdotter Teiste,

Karen Teiste flytte

 

¤¤¤¤¤ (gift første gongen med Anders Christenson, borgarmeister i Bergen – og sidan attgift med adelsmannen Henrik Mund på Iden i Herdla - biografi om dei?)

 

Born:

a. Johan Andersson,

 

¤¤¤¤¤ (rådmann i Bergen, gift med Maren Jørgensdotter, budde på Iden i Herdla - biografi?)

 

¤¤¤¤¤ (fleire born etter Karen Teiste? - biografi?)

 

4. Gudrun Johnsdotter Teiste,

 

¤¤¤¤¤ (gift med Jørgen Pederson (Staur) - biografi om dei og borni deira?)

 

5. Find Johnson Teiste,

 

¤¤¤¤¤ (busett på Linde i Kvamsøy? - biografi om han og borni hans?)

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden? - biografi?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Nilsson (Tornekrans), frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

var f. kring 1525 og d. på Kroken kring 1594. Anders Nilsson kom til Kroken då han kring 1558 gifte seg med Anna Johansdotter Kruckow, enkja etter den føregåande brukaren og tok over som gardbrukar på Kroken på same tidi. Anders dreiv gareden levetidi ut. Born:

1. John Andersson Teiste (1560-1607), fekk ta over heimebruket i Kroken etter foreldri sine.

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden? - biografi?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Andersson Teiste, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1560 og d. i Kroken etter eit ulukkeshende kring 1607. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Øllegaard Pedersdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – foreldri hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

John og Øllegaard tok over som gardbrukarar på Kroken etter foreldri hans, og John dreiv garden dei åri han levde. Born:

1. Jan Johnson Teiste (1606-1636), fekk sidan hand om heimebruket i Kroken (sjå nedanfor).

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden? - biografi?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Frost,

 

¤¤¤¤¤ (gift med enkja Øllegaard Pedersdotter - biografi om desse?)

 

Peder tok over som gardbrukar på Kroken og dreiv garden dei åri han levde. Born:

 

¤¤¤¤¤ (hadde dei born? - biografi?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Simen Nilsson Sjøthun (1580-1654),

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

var fut i indre Sogn og tok over som gardbrukar på Kroken då han kring 1615 gifte seg med enkja etter dei føregåande brukarane. Men kring 1632 flytte Simen til Fet, og sidan hamna han som gardbrukar på Sjøtun (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jan Johnson Teiste, steson av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1606 og d. på Kroken kring 1633. Han gifte seg kring 1630 med Metta Sørensdotter frå Talle i Luster. Ho var visstnok f. i Luster kring 1607 og d. på Kroken kring 1661.

 

¤¤¤¤¤ (dødsdato 21.11.1661?)

 

Jan og Metta tok over som gardbrukarar på Kroken kring 1632, og Jan dreiv garden den korte tidi han levde etter dette. Dei fekk to born i lag:

1. Øllegaard Jansdotter Teiste (1631-1707), vart gift første gongen med

 

¤¤¤¤¤ (ein)

 

Jens Andersson (

 

¤¤¤¤¤ (fødselsåret?)

 

-1660) og sidan attgift med gardbrukar Christopher Gjertson på Hovland i Årdal (1628-1684), som ei tid var gardbrukar i Kroken i Luster (for båe ekteskapi, sjå under Kroken i Luster).

2. Jan Janson Teiste (1633-1692), fekk sidan hand om heimebruket i Kroken (sjå nedanfor).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg veit det sit mange ekspertar på desse ættene rundt ikring, og alle opplysningar som de kan supplera om dei ulike huslydene, vil vera svært so kjærkomne og viktige for bygdeboki vår. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Håvard for kommentar!

 

Jau, eg er klar over at ulike greiner av Teiste-ætti har vore drøfta i det gamle Brukarforumet. Eg har sjølv teke del i fleire av dei. Men mange av debattane er uoversiktlege, og som me alle veit; ikkje alle teoriar som vert framsatte om ætter på 1500- og 1600-talet er vasstette. Manuskriptet mitt over er forsovidt å sjå på som eit arbeidsdokument og soleis eit utgangspunkt for eit endeleg manuskript. Det er utruleg kor mange opplysningar som kjem på plass gjennom liknande debattar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5. Find Johnson Teiste,

 

¤¤¤¤¤ (busett på Linde i Kvamsøy? - biografi om han og borni hans?)

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden? - biografi?)

_______________________________________

 

Lars:

12.5.1570 kom det melding om at en av salige Jon Teistes sønner "thil Krogen", med navnet Finn var falt utfor et fjell, og blitt drept. Han var på fuglejakt. Han hadde da vært hos skriver og fogd Jens Giske (NM I side 374). Jon Teiste og Anna Kruckow hadde altså to barn: datteren Karine og sønnen Finn. Anna Kruckow må så ha giftet seg igjen, senest i 1562 med Anders Nilsen.

 

Dette sitatet fann eg på: Teiste frå resten av landet.

Kjelde: http://home.online.no/~aaroenes/Slekt/theiste/teiste_generelt.htm

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Absalon: 17. sept. 1570:

'Paa denne dag stod iiij brøllup først erlig oc velbørdig Oluff Teistis med jomfru Marine salig Christofer Trondzens dotter, i Saltøen

 

Anita

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars !

 

Jeg har litt om Gudrun Jonsdatter Teiste gm. Jørgen Pederson [staur] (død ca. 1590). De hadde barna Peder, Johan, Maren og Elsebe (NRR bd 3, s. 263-263). Jørgen ble Lagmann i Trondheim i 1565 (NRR 1, s. 444) og bodde sannsynligvis på Sakshaug, Inderøy (lagmannsgård?) (NRR 1, s. 566).

 

Jeg har samlet det jeg har funnet av kilder om Gudrun og Jørgen på hjemmesiden min med kildereferanser.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finst vel ikkje noko prov på at den Jon Olsson Teiste som du startar tråden med var ein Olsson/Olavsson? Mykje tyder på at patronymikonet hans var Gunnarsson. Sjå m.a. debatten om erkebiskop Olav Engelbregtsson frå innlegg 768 og følgjande. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er enig med Finn her: Det er ingen kilder så langt. som verifiserer erkebiskopens tjenestemann i Bergen, Jon Teiste, som en Olavssønn.

Det er så langt (.... i NST, i det gamle brukerforum, eller andre steder...) ikke vist til noen kilder som bekrefter at denne Jon Teiste virkelig var en Olavssønn.

 

I tillegg, er det helt klart, at det har vært flere Olav Teiste personer i den første halvdel av 1500-tallet, ihvertfall to, hvorav den ene blir drept på Toten i 1539, og den andre blir "lensherre" på Andenes i 1549 etter Finn Hanssønn (Rostvig).

 

Det som videre faktisk "forstyrrer" dette bildet av, ihvertfall to stk blad Olav Teiste,er den Olav Teiste på Lø som nevnes i OEJ, samt den Olav Teiste i Namdalen som nevnes i skipsskatten i 1560 årene....Hvordan skal så disse plasseres ?

 

Så vidt meg bekjent, er det ennå ikke laget noen komplett oversikt, med do. kilde henvisninger ol. for Teiste slekter- og personer i Norge. Jeg vet at Tore Vigerust var i gang med dette, men hvor langt han kom med dette, utover manuskriptet over Teiste (fra 1997), vet jeg ikke.

 

Teiste er særdeles spennenende. Skjønt slekten (- slektene-) aldri har (påvist) medvirket i riksstyrelsen, så har den / personer av den, uten tvil spilt en stor rolle i det geistlige Norge, samt i den lokale administrasjonen flere steder i landet, i hvertfall i Østfold, på Vestlandet og Møre, i Trøndelag og i Nord-Norge.

 

Det hadde derfor vært særdeles interessant om noen tok denne stafettpinnen, nemlig å ha sørget for å lage den ultimate "Teiste avhandling...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon, Anita, Pål, Finn og Johan for spennande og interessante innlegg.

 

Eg har sete i fleire mange timer i ettermiddag og kveld og studert mange av temai frå det gamle debattforum for om mogeleg å få ei betre oversoikt over denne ætti, men eg må tilstå; det er ikkje so lett...!

 

Det er tydeleg eit avært so diskutabelt spørsmål kvar John (Olson eller Gunderson) Teiste hadde opphavet sitt ifrå. Dersom han er identisk med "Jon Småsvein", som tydeleg heitte Gunderson og som hadde denne broren Paul, må han ha vore vesentleg eldre enn kva me hittil har trutt, altso fødd kring 1480 eller derikring i staden for kring 1500, og kanskje hadde han vore gift ein gong før han gifte seg med Anna Kruckow? Men kvifor er han då skriven "til Bjelland"? Og kvifor heiter den tydeleg eldste sonen Ole? Og kvirfor heiter ikkje broren Paul òg Teiste?

 

Elles er det jo òg eit spørsmål om Ole var den eldste sonen. Dersom Find er identisk med Find på Linde i Kvamsøy i 1563, må han ha vore godt vaksen på den tidi. Kan han ha vore frå eit første ekteskap hans John?

 

Elles lyt eg studera Pål sine sider noko nærare, men det vert nok ikkje før eg har vore nokre timer i sengi...

 

Eg takkar på ny so langt for innspeli og vonar på mange fleire...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No var vel den mulege yngre halvbroren, superintendent Torbjørn Olavsson Bratt f. kring 1500, så om han verkeleg var halvbroren så trong jo ikkje Jon å vera født så veldig lenge før dette. Ein må vel likevel rekna med at han var ein ung, men likevel vaksen mann då vi først lærer han å kjenne kring 1517. Seinast f. kring 1495 skulle kanskje høve. Det kunne passe bra også med tanke på mora, Marine Jorunnssdotter (Teiste) som er rekna å vera født kring 1480 eller noko før. Jentene vart jo som kjend oftast gift svært unge i første ekteskapet den gongen.

 

Elles må eg nytta høvet å spørja Johan korleis det går med matrikkelen over erkebiskop Olav E. sine menn? Fint å sjå at det er liv i deg enno forresten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan skriv følgjande: "Teiste er særdeles spennende. Skjønt slekten (- slektene-) aldri har (påvist) medvirket i riksstyrelsen, så har den / personer av den, uten tvil spilt en stor rolle i det geistlige Norge, samt i den lokale administrasjonen flere steder i landet, i hvertfall i Østfold, på Vestlandet og Møre, i Trøndelag og i Nord-Norge.

 

Det hadde derfor vært særdeles interessant om noen tok denne stafettpinnen, nemlig å ha sørget for å lage den ultimate "Teiste avhandling..."

 

Eg har sett litt grundigare på dette innlegget og det er vel feil å seia at Teisteætta aldri har medverka i styringa av Noregs rike. Dei fleste erkebiskopane i seinmiddelalderen, slik som Olav Trondsson, Gaute Ivarsson og Olav Engelbregtsson var jo alle av Teiste-ætti (i det minste dei to siste) og som kjend var erkebiskopen leiar av Noregs riksråd. Det var også han som normalt kalla inn til riksmøte. Å hevda at Teiste-ætta ikkje har har hatt noko med riksstyringa å gjera vert nok heilt feil, - knapt noko ætt hadde meir rikspolitisk makt enn Teiste i det siste århundre før reformasjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dei fleste erkebiskopane i seinmiddelalderen, slik som Olav Trondsson, Gaute Ivarsson og Olav Engelbregtsson var jo alle av Teiste-ætti (i det minste dei to siste) og som kjend var erkebiskopen leiar av Noregs riksråd.

 

Er denne Teiste-forbindelsen i så fall via hypotesen om de to sistes forbindelse med Aspa-ætten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er denne Teiste-forbindelsen i så fall via hypotesen om de to sistes forbindelse med Aspa-ætten?

 

 

Ja, det stemmer. Jeg regner forøvrig ikke Gautes forbindelse til Aspa-ætten som hypotetisk siden ætten blir omtalt som Gautes nærmeste slekt i en høyesterettsdom. Noe endelig bevis for at Olav E er av ætten er vel så langt ikke fremskaffet, men alle indisier peker entydig i den retning. Jeg regner Jorunn Ivarsdatter (Aspa) (Teiste) å være Olavs mor og den tidligere nevnte Marine å være hans søster. I tilfelle hypotesen om at Jon Teiste var Marines sønn stemmer, så hadde han utvilsomt tatt Teistenavnet etter sin mor. Når Jon som ung mann blir sendt til Andenes som lensmann for kongen, så kan det godt være fordi han delvis var oppvoks der nord og dermed godt kjent i området slik som den mulige halvbroren, Torbjørn Olavsson (Bratt).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det stemmer. Jeg regner forøvrig ikke Gautes forbindelse til Aspa-ætten som hypotetisk siden ætten blir omtalt som Gautes nærmeste slekt i en høyesterettsdom.

 

Denne dommen er ny for meg. Husker du nærmere enkeltheter?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne dommen er ny for meg. Husker du nærmere enkeltheter?

Dommen er debattert tidligere her på forumet, eller rettere det gamle. Tore Vigerust deltok også i debatten den gang. Så vidt jeg husker, så finnes dette i sakspapirene som angår den endelige dommen om "De fire doktorers prebende". Det var vel i 1578 så vidt jeg husker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dommen er debattert tidligere her på forumet, eller rettere det gamle. Tore Vigerust deltok også i debatten den gang. Så vidt jeg husker, så finnes dette i sakspapirene som angår den endelige dommen om "De fire doktorers prebende". Det var vel i 1578 så vidt jeg husker.

 

Takk! Da skal jeg prøve å søke det frem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Debatten jeg sikter til var atter en gang den innholdsrike debatten om erkebiskop Olav Engelbregtsson. Denne passusen foregikk ca fra innlegg186 til ca 200. Her

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Debatten jeg sikter til var atter en gang den innholdsrike debatten om erkebiskop Olav Engelbregtsson. Denne passusen foregikk ca fra innlegg186 til ca 200. Her

 

Takk igjen. Jeg har nok lest dette en gang, siden jeg fulgte debatten med interesse. Men det var jo ikke så rent lite som ble debattert i den tråden.

 

Ellers har jeg et lite hjertesukk: Etter konverteringen av det gamle debattforumet har innholdet saktens blitt søkbart, men fryktelig tungt å lese fordi alle linjeskift har blitt borte. Faktisk har det blitt fristende å søke frem emnene i det nye forumet, men så finne diskusjonen frem i det gamle, for å lese det der... Men så spørs det, da, hvor lenge det gamle forumet blir liggende i sin opprinnelige form?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sitat frå Lars Øyane:

 

"Det er tydeleg eit svært so diskutabelt spørsmål kvar John (Olson eller Gunderson) Teiste hadde opphavet sitt ifrå. Dersom han er identisk med "Jon Småsvein", som tydeleg heitte Gunderson og som hadde denne broren Paul, må han ha vore vesentleg eldre enn kva me hittil har trutt, altso fødd kring 1480 eller derikring i staden for kring 1500, og kanskje hadde han vore gift ein gong før han gifte seg med Anna Kruckow? Men kvifor er han då skriven "til Bjelland"? Og kvifor heiter den tydeleg eldste sonen Ole? Og kvifor heiter ikkje broren Paul òg Teiste?

 

Elles er det jo òg eit spørsmål om Ole var den eldste sonen. Dersom Find er identisk med Find på Linde i Kvamsøy i 1563, må han ha vore godt vaksen på den tidi. Kan han ha vore frå eit første ekteskap hans John?

 

Elles lyt eg studera Pål sine sider noko nærare, men det vert nok ikkje før eg har vore nokre timer i sengi...

 

Eg takkar på ny so langt for innspeli og vonar på mange fleire...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane"

 

 

Denne prestemannen Paul/Pål veit vi lite om då han truleg ikkje er nemnd andre stadar enn i rekneskapen for Bergenhus. Kva han sjølv kalla seg veit vi heller ikkje, - kanskje skreiv han Paul/Pål Teiste, kanskje noko anna? Det var ingen faste reglar for bruk av slektsnamn den gongen, så søsken kunne godt bruka ulike "etternamn". Vi må passa oss for å føra attende dagens reglar til ei fjern fortid.

 

Om Jon Teiste på Kroken i Luster var identisk med Jon Gundersson "Småsvein" og steson til rådmann Olav Torbjørnsson i Bergen, samt nevø til erkebiskop Olav Engelbregtsson, så skulle vel Olav vera eit greitt namneval på eldste sonen. Truleg var Olav Torbjørnsson den einaste faren Jon visste om, då rette faren må ha døydd då Jon var liten gut.

 

Det kan elles godt vera at Jon hadde vore gift før han fekk Anna Kruckow til ekte, men det veit vi vel lite om?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finn (10) og 11:

 

Jau, det er jo litt å sysle med i tillegg til middelalder genealogien, men arbeidet med erkebiskop Olav Engelbregtssons tjenestemenn skrider frem. Dog har det hele blitt svært mye mere omfattende enn hva jeg opprinnelig hadde planlagt. Kommer tilbake med oppdatert info om ikke så alt for lenge.

 

Så, til disputten om Teiste slektens innflytelse i riksstyrelsen: Vi er vel neppe uenige her, dog har jeg kanskje ordlagt med noe uklart. Det jeg mente å peke på, er at Teiste personer har aldri (...ikke som det er påvist ihvertfall..) sittet i Riksrådet. Ihvertfall kan jeg ikke se å ha registrert noen med dette tilnavnet som medlemmer av Riksrådet (..unntaket er selvfølgelig de geistlige som beviselig var av Teiste ætt, og som satt i Riksrådet i kraft av sin stilling...)

 

Når det gjelder de geistlige vs. Teiste, så har jeg påpekt dette ovenfor, og kan godt gjenta det igjen:Slekten har vel om noen bidrat til den geistlige stand i Norge, og derav kan en gjerne konkludere med at den hadde stor innflytelse i Norge. Biskop Hans i Bergen (død 1506) brukte Teiste navnet. At erkebiskop Gaute Ivarssønn (død 1510) vitterlig har vært av Teiste slekt, er vi vel også enige om, dog må dette ha vært på kvinnesiden. Erkebiskop Gaute Ivarssønn brukte ikke selv Teiste navnet..

 

Men igjen, det gjenstår svært mye arbeide for å bringe på det rene hvordan slektskapet mellom ulike Teiste personer var (..nok her å vise til Aspa rapporten..)

 

Jeg for min del, har vært opptatt av å forsøke å plassere de Olav Teiste personer som forekommer ca 1520-1565, men selv det, er ikke enkelt. Videre, å kunne plassere erkebiskopens tjnestemann, Jon Teiste, samt Teiste søskenflokken i Nord-Norge, som vel inkluderer setesveinen Mikkel Teiste, og som vel hadde en mor som var av "Strid slekten"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Finn, Svein Arnolf, Helge og Johan for mange nye spennande innlegg i denne debatten!

 

Eg lyt tilstå, i samband med bygdeboki arbeider eg med so mange ætter på same tid og har litt vanskar med å følgja alle trådene, men eg trur eg har fått med meg det meste...

 

Eg har sett opp ein meir detaljert oversikt over denne ætti, og eg har endra byrjingi i favør av John Gunderson Teiste! Eg tek etter kvart òg til å verat overtydd opm at han er "vår" mann!

 

MEN, nokre fakta er noko motstridane, og vil gjerne få trekka fram følgjande:

 

* John Gunderson Teiste vert sagt vera "til Bjelland", og i ein eller annan samanhang vert han òg sagd vera adelsmann! Stemmer noko av dette? Eller er Bjelland ein gamal teori som gjennom åri er vedteken som "sann"?

 

* John Carstenson Randal i Førde, dottersonen til Gudrun Johnsdotter Teiste, er nemnd vera fødd kring 1570, men i so fall må mori Maren vera fødd seinast kring 1550 og Gudrun seinast kring 1530. Då kan ho vel neppe vera dotter av Anna Kruckow som må vera fødd kring 1519!? Eller er det noko som er feil her? Sikkert er det jo at Gudrun var dotter av Anna Kruckow! Kjenner ein meir nøyaktige aldrar til andre born eller barneborn etter Gudrun Johnsdotter Teiste?

 

* Dersom Find Johnson Teiste er han som i 1563 budde på Linde i Kvamsøy, må ogso han vera so gamal at han ikkje høver som son av Anna Kruckow...

 

Kan alderen til Anna Kruckow vera feil?

 

So følgjer den nye oversikten over denne ætti på Kroken i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Gunderson Teiste, frå Bergen, var visstnok son av rådmann Gunder Johnson i Bergen og andre kona Maren

 

¤¤¤¤¤ (fullt namn og opphav for båe?)

 

og f. i Bergen kring 1490.

 

¤¤¤¤¤ (sjekka dette opphavet? – er han ikkje frå garden Bjelland i Kvinnherad?? – var han ikkje ADELSMANN?)

 

Han d. på Kroken kring 1555. John gifte seg kring 1540 med Anna Johansdotter Kruckow, opphavleg frå Kroken i Luster, men sjå Sørheim i Luster. Ho var f. kring 1519 og d. på Kroken kring 1602.

 

¤¤¤¤¤ (lensherre og godseigar - yrke elles? - busette i Kroken)

 

Born:

1. Ole Johnson Teiste, f. kring 1542,

Ole Teiste gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden? – Saltøen – kvar er det?)

 

17.9.1570 med Maren Christophersdotter (Rustung) frå Ebelholt kloster, Tjæreby sokn på Sjælland, Danmark. Ho var dotter av lensherre Christopher Trondson (Rustung) på Ebelholt kloster, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

og kona Kari

 

¤¤¤¤¤ (eller Maria? – fullt namn og opphav? – Knutsdotter Skanche??)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli til Maren Christophersdotter? – Danmark?)

 

Ole Teiste var

 

¤¤¤¤¤ (yrket hans?)

 

og han og Maren busette seg på Bjelland i Kvinnherad der

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira?)

 

Born:

a. Elsebe Olsdotter Teiste, f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Elsebe gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden hennar?)

 

2.6.1594 med enkjemannen Claus Franzson Berg, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – faren var biskop, men kvar!?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – 1546?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – 1614?)

 

Claus gifte seg første gongen

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden?)

 

13.2.1575 med Inger Jensdotter Bagge frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

men d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)

 

7.5.1593. Claus Berg var først sokneprest til Skien til han i 1580 vart kannik og domkantor til Domkyrkja i Oslo. Han budde på Ormgaard i

 

¤¤¤¤¤ (kvar er det?)

 

Claus fekk i alt tjue born; av dei var åtte frå andre ekteskapet med Elsebe Teiste.

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden? – biografi!?)

 

2. Hans Johnson Teiste (1545-1591), vart lagdommar og budde på Fet.

3. Kari Johnsdotter Teiste, f.

 

¤¤¤¤¤ (fødselsåret hennar?)

 

Kari Teiste gifte seg første gongen

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for første vigsli hennar?)

 

med Anders Christensen frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – kvar i Danmark?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

Anders var borgarmeister i Bergen der han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Kari gifte seg att

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hennar?)

 

med Henrik

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Mund frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

Henrik var

 

¤¤¤¤¤ (yrkestitel? – adelsmann!)

 

og han og Kari budde på Iden i Herdla der

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira?)

 

Born:

a. Johan Andersson, f. i Bergen ?.12.1562, d. visstnok på Iden i Herdla kring 1621. Johan gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Maren Jørgensdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Johan var rådmann i Bergen, men han og Maren budde på Iden i Herdla. Dei fekk visstnok minst fire born, mellom anna denne dotteri:

- Kari Johansdotter (1600-1663), vart gift med sorenskrivar og gardbrukar Mons Antoniusson på Eide i Luster (1590-1648).

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden? – biografi?)

 

4. Gudrun Johnsdotter Teiste, f.

 

¤¤¤¤¤ (fødselsåret hennar?)

 

Gudrun Teiste gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

Jørgen Pederson (Staur) frå Vik

 

¤¤¤¤¤ (kva Vik var han ifrå? – Helgeland?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (yrkestitel?)

 

Peder Pederson (Staur) til Vik, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

og kona Kari

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)

 

Lunge frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli til Jørgen Pederson (Staur)?)

 

Jørgen var frå 1565 lagmann i Trondheim og busette seg på lagmannsgarden Sakshaug i Inderøy.

 

¤¤¤¤¤ (har eg oppfatta dette rett?)

 

Jørgen d. på Sakshaug kring 1588, medan Gudrun d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Dei fekk fire born i lag:

a. Peder Jørgenson,

 

¤¤¤¤¤ (levde 1592 – biografi?)

 

b. Johan Jørgenson,

 

¤¤¤¤¤ (levde 1592 – biografi?)

 

c. Maren Jørgensdotter, f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Maren gifte seg kring 1568 med Carsten Johnson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – Førde?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfalletb hans?)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – budde på Randal i Førde?)

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – son John Carstenson på Randal i Førde, f. kring 1570!?)

 

d. Elsebe Jørgensdotter,

 

¤¤¤¤¤ (levde 1592 – biografi?)

 

5. Find Johnson Teiste, f.

 

¤¤¤¤¤ (fødselsåret hans?)

 

Find Teiste gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Thyri Anfindsdotter (Soop) frå

 

¤¤¤¤¤ (kva gard i Aurland?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

Find Teiste var gardbrukar på Linde i Kvamsøy, den gongen ein del av Vik,

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om dette stemmer? – budde visstnok der 1563!)

 

men miste livet då han i 1570 fall utfor eitbgjell ved Giskegard i Borgund der han var på fuglejakt. Thyri gifte seg att

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hennar?)

 

med Henrik

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Høyer frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

Henrik Høyer var lækjar og ombodsmann for Rosenkrantzgodset. Han og Thyri budde i Bergen der

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira?)

 

Thyri fekk

 

¤¤¤¤¤ (kor mange born fekk ho i alt?)

 

av dei var ein son frå første ekteskapet med Find Teiste:

a. Nils Findson Teiste, f. i Kvamsøy kring 1568, d.

 

¤¤¤¤¤ (dædsstaden hans? – kvar i Nordfjord budde futen?)

 

kring 1613. Nils var fut i Nordfjord frå 1607, men d. barnlaus.

 

¤¤¤¤¤ (var han gift? – biografi?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Nilsson Krogen (Tornekrans), frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (fødestaden hans?)

 

kring 1525. Han d. i Kroken kring 1594. Anders Nilsson kom til Kroken då han kring 1558 gifte seg med Anna Johansdotter Kruckow, enkja etter den føregåande brukaren. (gardbrukarar Kroken) Dei fekk ein son i lag:

1. John Andersson Teiste (1560-1607), fekk ta over heimebruket i Kroken etter foreldri sine.

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden? – lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Andersson Teiste, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1560 og d. i Kroken etter eit ulukkeshende kring 1607. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Øllegaard Pedersdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – foreldri hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

(gardbrukar Kroken) Born:

1. Jan Johnson Teiste (1606-1636), fekk sidan hand om heimebruket i Kroken (sjå nedanfor).

 

¤¤¤¤¤ (fleire born i denne huslyden?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Frost, frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

Han d. i Kroken kring 1614. Peder Frost kom til Kroken då han kring 1608 gifte seg med Øllegaard Pedersdotter, enkja etter den føregåande brukaren. Peder var fut i Dale futeri og gardbrukar i Kroken dei åri han levde. Born:

 

¤¤¤¤¤ (born? – biografi?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Simen Nilsson Sjøthun (1580-1654), av ukjent opphav,

 

¤¤¤¤¤ (eller er opphavet hans kjent?)

 

Simen kom til Kroken då han kring 1615 gifte seg med enkja etter dei to føregåande brukarane og samstundes tok over som fut i Dale, sidan for heile indre Sogn, men kring 1632 flytte han til Fet, og sidan hamna han som gardbrukar på Sjøtun (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong for kjempeflotte og spennande innlegg og vonar på fleire innspel om denne gamle ætti i og frå Kroken i Hafslo!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre ein kort kommentar til Lars sitt lange innlegg som ein start. Du reknar at kvinnene knapt fekk born før dei var 20 år slik du uttrykkjer det i starten på innlegget. Mitt inntrykk er at adelen sine jenter godt kunne verta gifte i 15-årsalderen og få dei fyrste borna då dei var 16. Dette kan det vera nyttig å ha i tankane når ein skal prøva å finna ut kva som kronologisk kan vera muleg i mellomalderen og i starten på den nyare tida. Eg meinar å ha lest ei oppteikning av ein fut på Bremsnes på Nordmøre som både fortel om då kona vart født, når dei vart gifte og kvar tid borna kom til verda. Eg er ganske viss på at ekteskapet vart inngått da jenta var 15 år og det første bornet født då kona så vidt var fylt 16.

 

Ellers er eg ikkje heilt på line i måten du skriv nokre av personnamna på. Særleg bruken av h i Jo(h)n verkar noko malplassert på 1500-talet. Eg kan ikkje hugsa å ha sett i eit einaste brev frå den tida at John vert skrive med h. Den vart nok skrive Jon eller av og til Jonn. John med h vil eg tru er ei "moderne oppfinning". Dessutan ville eg ha skrive Gunnar og Gunnarsson i staden for Gunder og Gundersson. Gunder er knapt brukt i heile Diplomatarium Norvegicum, medan den vanlege skrivemåten er Gunnar eller av og til Gunner. Berre ein sjeldan gong har eg sett Gunder. Og så vidt eg hugsar så var patronymikonet Gundersson nytta i det brevet i B XXII av DN som eg tidlegare har referert frå. Brevet der Jon er nemnd som ein "Gundersson" er skrive av den danske herren på Bergenhus, så det er nok helst det danske språket som gjer at Gundersson vert nytta i staden for Gunnarsson.

 

Eg synest det er prisverdig at du prøver å få på plass ein så fullstendig oversikt som muleg over Vestlandsteistane, og eg reknar med at du etter kvart også vil få flest muleg av originalreferansane på plass. Eit slikt oversyn vonar eg å få sjå enten i Genealogen eller NST når du vert ferdig. Det trur eg også svært mange andre ville ha sett stor pris på.

 

Til slutt; Vigerust rekna Teiste-ætti å tilhøyra høgadelen i Noreg. Kva gjeld Jon (Gunnarsson) Teiste, så fekk han vel væpnartittel kring 1532 kanskje då han skilde lag med erkebiskopen? Lurar på om Arne Kvitrud ikkje har skrive noko om dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan (21) og (22)

 

At arbeidet med matrikkelen om erkebiskop Olav Engelbregtsson menn ble et omfattende arbeide kan jeg uten videre tenke meg. Av en eller annen grunn kan det se ut som om dette ikke har vært særlig interessant for våre historikere?

 

Uansett så gleder jeg meg til å se resultatet når matrikkelen blir fullført, - uansett om den ikke tilfører så mye forskningsmessig nytt, skjønt jeg håper jo og tror at det vil være ett og annet der som kan danne grunnlag for nye tanker om folk og slekter i erkebiskopens nærhet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.