Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tyding av profession i Ostindien - arvetilhøve elles?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har vanskar med tyding av eit yrke ("profession") i følgjande skifte (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24138/342/)

 

I niande/åttande nedste linje på pagina 340a står følgjande:

 

"Angaaende Peder Teiste som er min Broder Søn, blev anmeldet at være paa Reisen udi ..alber Professionen til Ostindien"

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med dette yrket?

 

Eg har elles vanskar med å tolka dette skiftet. Etter timer med gjennomlesing har eg funne ut at det vert halde skifte i 1759 etter to brør, Jens og Peder (stundom er dei kalla Peder og Fredrik) Teiste i samband med ein arv som dei fekk etter mor deira i 1730, men eg har ikkje greidd å finna ut KVIFOR det vart skift. Var brørne forsvunne eller var dei avlidne? Det var forresten tre brør i denne huslyden som vert borte for meg, Jens, Peder og Fredrik. Jens var i 1722 busett i Amsterdam, Peder budde i Bergen, medan Fredrik framleis var heime. Skiftet frå 1730 er diverre tapt....

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Else B. Rustad

"Angaaende Peder Teiste som er min Broder Søn, blev anmeldet at være paa Reisen udi ..alber Professionen til Ostindien"

 

Balber Professionen, dvs. barber(er)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Else for nyttig og spennande svar! Eg hadde nok ein mistanke om at det var Barber(ar), men tykte det var eit noko "underleg" yrke å halda på med som "reisande" i Ostindien...

 

Det andre spørsmålet mitt om kvifor dette skiftet vart halde, er det vel verre å finna svar på...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Else B. Rustad

 

"Angaaende Peder Teiste som er min Broder Søn, blev anmeldet at

 

Jeg vet ikke om det har noen betydning for "slektsforståelsen" her, men jeg kan ikke se at det i denne setningen står min Broder Søn, men derimot een Broder Søn. Det er litt vanskelig å se hvem som er beslektet med hvem i dette skiftet :huh:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Du har heit rett, Else; det står een og ikkje min, som òg gjev setningi meining. Skiftet er uoversiktleg, men dei er alle ervingane etter dei to (eller tre) brørne, Jens, Peder og Fredrik.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

"Balberen" - altså barberaren, var gjerne også samstundes feltskjærar/ 'Chirurgicus' samstundes.

Det vil seia at barberaren med sin tilgong til kvasse og nyslipte knivar var den som òg tok seg av små og store naudsynte kirurgiske inngrep (alt frå til dømes å opna ein verkande svull til å amputera ein knust fot) i felten eller ombord i ei skute. (I dette høvet er det vel kan hende snakk om ein sokalla hollandsk Ostindiafarar?) Barberaren var med andre ein heilt nødvendig mann ombord.

 

Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for ein spennande og interessant kommentar! Då forstår eg betre kva rolle Peder hadde om bord!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Fjeldsgård

To av hovedårsakene til skifte var mindreårige og arvetakere som ikke var tilstede.

 

Når det her er nevnt en brorsønn på reise til Ost-Indien så er siste ledd dekket, denne broren er tydeligvis død siden brorsønnen er nevnt og siden der er flere brødre som er "borte", ikke tilstede eller døde, kan det være et nytt skifte av denne grunnen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kristian for ein spennande og, etter mi meining, ganske so plausibel kommentar om dette skiftet. Eg trur du har rett, og det er vel neppe nokon grunn til å leita etter andre orsaker...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.