Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Søren Pederson Teiste (1704-1753), gullsmed - Bergen og Hafslo - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i lengre tid freista få på plass dei siste detaljane om denne huslyden som i bygdeboki for Luster (Hafslo) vert omskrivne under garden Mo. Særleg er eg nysgjerrig på opphavet til Else Milde Mørch, som sovidt har vore drøfta før under tema #56896 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=56896&sok=Else+M%F8rch&nr=1&antinnlegg=7&startnr=&antall=&spraak=#anker). Kanskje er det komme nye moment i saki sidan dette var oppe sist?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Søren Pederson Teiste, opphavleg frå Kroken, var f. kring 1704 og d. i Mo kring 1753. Han gifte seg i Bergen 11.5.1727 med Else Milde

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar? – Axelsdotter?)

 

Mørch frå Bergen. Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar? – klokkar Axel Jensson Mørch på Sund prestegard i Sund??? - mori?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1695?)

 

Ho vart gravlagd i Bergen 20.6.1781. Søren Teiste var i ung alder i gullsmedlære i Bergen, men flytte sidan attende til Hafslo og budde på garden Mo levetidi ut. Born:

1. Maren, kjend som Massie Sørensdotter Teiste, f. kring 1727, tente i unge år hjå sokneprest Christopher Munthe,

Massie Teiste flytte sist i 1750-åri til Bergen der ho 2.7.1766 gifte seg med Henrik Lorentz

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Boysen frå København i Danmark. Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f. i København, Danmark

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans? – 1734?)

 

Henrik var kipperarbeidsmann og tok 19.12.1769 borgarskap i Bergen som bøkker. Parfolket vart buande i Bergen, og der vart Henrik gravlagd 3.4.1783. Massie Teiste vart gravlagd i Bergen 26.5.1803. Dei fekk tre born i lag:

a. Søren Teiste Henrikson Boysen, døypt i Bergen 15.6.1766, vart gravlagd i Bergen 4.11.1771.

b. Dorothea Mørch Henriksdotter Boysen, døypt i Bergen 17.4.1768, vart gravlagd i Bergen 4.9.1771.

c. Jacob Henrikson Boysen, døypt i Bergen 30.10.1771, d. som almisselem i Bergen 18.12.1847. Jacob var anglemakarsvein og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

2. Peder Sørenson Teiste, døypt 24.10.1728,

 

¤¤¤¤¤ (1753 i teneste hjå Hans Lexau i Bergen – 1759: på reise som barber(ar) i Ost-Indien! - seinare lagnad?)

 

3. Adelus Lisbeth Sørensdotter Teiste (1729-1732).

4. Mette Marie Sørensdotter Teiste (1731-1733).

5. Axel Sørenson Teiste (1733-1810), var gullsmed og budde ulike stader i Hafslo, mellom anna på Marheim, ugift.

6. Lisbeth Marie Sørensdotter Teiste, døypt 10.11.1736,

Lisbeth Teiste flytte sist i 1750-åri til Bergen, men gifte seg på Lindås 3.1.1765 med Bendt Nicolaison Bøhmer frå Kråkstad i Akershus. Han var son av klokkar og hattemakar Nicolai Nicolaison Bøhmer i Kråkstad, opphavleg frå Bragernes (Drammen), og kona Margretha Hansdotter, likeins frå Bragernes, og f. i Kråkstad 4.2.1741. Bendt Bøhmer var hattemakar, og han og Lisbeth budde visstnok i Bergen, men Lisbeth d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg i Bergen kring 1766?)

 

og Bendt Bøhmer gifte seg 14.9.1768 att i Kristiansund med Elen Marie, kjend som Marie Larsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad? – Bendt Bøhmer fekk 3.2.1777 borgarskap i Trondheim som hattemakar!!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Bendt Bøhmer fekk i alt

 

¤¤¤¤¤ (talet på born? – incl.:

* Nicolai, f. i Kristiansund 20.12.1768 – gift og busett i Gausdal?

* Berit, døypt i Trondheim 25.2.1771

* Hans, f. i Trondheim 1774)

 

av dei var ein son frå første ekteskapet med Lisbeth Teiste:

a. Nicolai Bendtson Bøhmer, døypt i Bergen 11.12.1765, vart gravlagd i Bergen 27.1.1766.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld sonen som i 1759 reiste kring som barber(ar) i Ostindien, so er vel det ei bortimot håplaus oppgåve å finna noko meir, men det er lovca å vona...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle tips som kan skaffast om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Magne Børnes

Hei

 

Eg kjenner til at klokkeren i Sund Aksel Jensson Mørch(døde omlag 1720) har følgende barn:

 

a. Hans Christian f. ca. 1687

b. Søren Breder Axelson f. ca. 1698

c. Vibeke d. 1766, g.m. Knut Tørreson Øvre Børnes.

Som enkje gifta Vibeke seg i 1739 med Per Kåreson Viksøyna.

d. NN Axelsdotter gift med Christen Holst

(NHL tingbok 1733 fol 6b : Vidne Vibeche Axels Daatter nest forige Vidnes Huustrue og Søster til *Christens Holstes første S/a/l/ige Kone)

 

DEssverre så sitter jeg ikke ikke med ytterligere opplysninger

 

mvh, Jostein Børnes

Endret av Jostein Magne Børnes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jostein for interessant svar!

 

So vidt eg tolkar svaret ditt, so har me ikkje noko skifte e.l. som fortel nøyaktig kva born klokkar Axel Mørch hadde, so Else Milde Mørch KAN godt høyra til denne huslyden, særleg når me veit at nesteldste son hennar heitte AXEL (eldste sonen Peder var oppkalla etter farfaren Peder Teiste).

 

Heller ikkje kjenner me namnet på kona til Axel Mørch, men kanskje kan oppkallingar i Sund bidra med å gje oss ein peikepinn? Kjenner me namn på døtrer etter eitt eller fleire av dei fire kjende borni til klokkaren? Av døtrene etter Else Milde Mørch er den eldste Maren "Massie" oppkalla etter farmori, medan den neste ADELUS LISBETH har namn som er heilt ukjende i Teiste-ætti, i alle fall i dei generasjonane me her taler om. Kanskje desse namni finst i Mørch-ætti?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Magne Børnes

Hei

 

En liten tilleggsopplysning :

Søren Breder Axelson Mørch ser ut til å være den som gifter seg i 1721 I Bergen med Sara Albertsdotter Hof.

 

Når det gjelder NHL skifteprotokoller er det beklageligvis "HULL" i perioden fra 1717-1754 - og under geistlige skifter kan jeg ikke se at det er aktuelle skifter. Jeg ser at det finnes en Anders Jensen Mørch i Bergen som teoretisk kan være bror til denne klokkeren i Sund- mulig en studie av han kan bringe interessante dataer frem.

 

DErsom denne Else Milde er en Axelsdotter Mørch , så kan ho utmerket godt være datter av klokkeren i Sund som du sier.

 

mvh, Jostein Børnes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Fra Nerm: http://www.nermo.org/slekt/d0011/g0000080.html#I20569

 

 

Adelus Hansdatter TEISTE

ABT 1605 - ABT 1651

 

BIRTH: ABT 1605, Hananger, Lista

DEATH: ABT 1651, Topdal (Tveit), VA

 

Father: Hans Olufsson TEISTE

Mother: Brynhild Tordsdatter BENKESTOK

 

Family 1 : Lauritz Lauritzen BIRKREIM

 

MARRIAGE: 1629

 

+NN Lauritzdatter BIRKREIM

Hans Lauritzen BIRKREIM

+Lauritz Lauritzen BIRKREIM

 

Family 2 : Claus Jørgensen TOPDAL

 

MARRIAGE: ABT 1642

 

Laurits CLAUSEN

 

Men dette er vel på siden av det du spør om.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jostein og Grethe for nye spennande innlegg.

 

Eg føler meg etter måten ganske so trygg på at Else Milde Mørch er ei Axelsdotter, og i so fall har me vel ikkje fleire alternativ...

 

Elles finst sjølvsagt Adelus-namnet (og ogso Elisabeth-namnet) i Teiste-ætti, men ikkje i dei generasjonane som det her er tale om, so eg ville ikkje verta overraska om mor hennar Else hadde nettopp eitt av desse namni (eller båe)...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arvid Skogseth

Hei!

Her er manus frå gards- og slektssoga for Sund. Eg har teke inn Else som mogleg dotter her, ho kalla opp begge foreldra.

mvh Arvid Skogseth

 

 

Limavågen gnr 7 bnr 1

1. Aksel Jenson Mørchf. 1652 g.m. Lisbet Larsdotter. Dei budde i Bergen ifølgje koppskatten 1689. Han var klokkar i Sund frå om lag 1690 til bortimot 1720. I manntalet 1701 er han oppført med alderen 49 år under Sund prestegard, men budde mest truleg i Vestrevågen, sjå gardssoga. For å spe på inntektene sine dreiv han med sal av fisk. Etter at han var død, vart det også nemnt på tinget at klokkaren hadde selt øl til reisande.

Born: a. Hans Kristian Mørchf. 1687 (14 år gl i 1701). b. Vibeke d. 1766, bustad Øvre Børnes (gnr 10/1). c. Søren Breder Akselsen Mørchf. 1698 (3 år gl i 1701) g. 1721 Bergen m. Sara Albertsdotter Hof, bustad Bergen. d. dotter (ukjent namn) g.m. neste klokkar (2). Vibeke forklarte på tinget i 1733 at søstera var første kona til Holst. Mogleg dotter: e. Else Mille Mørch f. 1690 d. 1781 g. 1727 Bergen m. Søren Person Teiste f. om lag 1704 Kroken i Hafslo, Luster d. om lag 1753, gullsmed, bustad Mo i Hafslo. Dei fekk m.a. born kalla Aksel og Lisbet, etter Else sine foreldre. Ho døydde i Bergen, 91 år gl, nemnd som «enke af Strange fattighuus».

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arvid for spennande og nyttig innlegg!

 

Eg er òg ganske so overtydd om at Else Milde Mørch høyrer til denne huslyden, og særlg når du fortel at klokkarkona heitte Lisbet (Elisabeth)!

 

Men kanskje er alderen hennar noko for høg? Dei seks borni hennar er fødde med ganske so regelbottne mellomrom frå 1727 til 1736, so eg vil gissa på at ho truleg ikkje var fødd noko særleg før 1700. Me veit jo òg at aldrane ofter var "overdrivne" i dei tider...

 

Veit du forresten kvar Axel Jensson Mørch og/eller kona Lisbet Larsdotter hadde opphavi deira ifrå?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arvid Skogseth

Eg fann som nemnt namnet til klokkarkona i koppskatten 1689 for Bergen, men eg veit ikkje meir om opphavet deira. Eg fann ingen Jens Mørch (eller Morch) i koppskatten 1645 for Bergen.

Ja, alderen er sikkert sett ein del år for høg, ikkje uvanleg på den tida. Eg har no teke vekk fødselsår på Else.

 

mvh Arvid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×