Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Amtsagronom Olav Asmundson Soldal i Bodø (1847-1921) - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole, kjend som Olav Asmundson Soldal, fødd på Soldal i Kvam (Hardanger) 7.9.1847. Han gifte seg i Hafslo 17.12.1878 med Johanna Johannesdotter, fødd på Lyngstad i Gaular 18.9.1846. Olav Soldal var agronom og styrte garden i Kroken i Hafslo frå 1878 til 1884. Han vart same året(?) tilsett som amtsagronom i Nordland, og han og Johanna flytte same året til Bodø der Olav d. 22.1.1921. Johanna Soldal d. same staden 1.1.1928. Eg kjenner til fire born etter dei:

 

a. Asmund Olavson Soldal, fødd i Hafslo 21.7.1880, ukjend lagnad - finn ikkje 1900/1910

 

b. Johannes Olavson Soldal, fødd i Hafslo 7.3.1883, ukjend lagnad - finn ikkje 1900/1910

 

c. Herborg Olavsdotter Soldal, fødd i Bodø 17.6.1885, ukjend lagnad, nemnd 1900, men ikkje 1910

 

d. Ingvald Olavson Soldal, fødd i Bodø 25.11.1891, nemnd 1900 og 1910 - kan vera identisk med ein Ingvald Soldal som ligg gravlagd i Bodø, fødd 28.1.1891, avliden 16.5.1967?

 

Er det nokon som kjenner til denne huslyden og som eventuelt kan bidra med fleire opplysningar om dei, ville eg setja stor pris på det!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

a. Asmund Olavson Soldal, fødd i Hafslo 21.7.1880, ukjend lagnad - finn ikkje 1900/1910

 

Asmund ble konfirmert i Bodø i 1896 -

 

Nordland fylke, Byen i Bodø, Ministerialbok nr. 801A10 (1888-1899), Konfirmerte 1896, side 190.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5359&idx_id=5359&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-32

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060828040107.jpg

 

 

b. Johannes Olavson Soldal, fødd i Hafslo 7.3.1883, ukjend lagnad - finn ikkje 1900/1910

Nordland fylke, Byen i Bodø, Ministerialbok nr. 801A10 (1888-1899), Konfirmerte 1899, side 200.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5359&idx_id=5359&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-42

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060828040117.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hvis det finnes dødsmeldinger etter foreldrene, kan kanskje de gi noen opplysninger?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Hvem er hvem 1912:

 

Olav Soldal, amtsagronom Bodø, f.7-9-1847 Vikør Hardanger. Stend landbr.skole 1870-72, landbr.skolelærer, torvdriftsbestyrer Fedje, forvalter Hafslo 1878-83, amtsagronom Nordlands amt siden 1885, benyttet kommunem., medlem dept. komm. utparcellering Hatfjelldalen, medlem, bestyrer Nordlands senere Saltens skogsselskap. Ridder St Olav, Oscar II landbr.med.

 

Studentene fra 1911, utgitt 1961:

 

Ingvald Soldal, f.25-11-1891, ansatt ved Byingeniørens kontor, Bodø.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for flotte og utfyllande innlegg! No har eg sjølv funne dødsfallet hennar Herborg i 1903 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6649&idx_id=6649&uid=ny&idx_side=-252), so då var det altso berre Ingvald av desse borni som voks opp! No lurer eg på om han hadde familie...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.