Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kvar vart det av Petra Bjørkenes frå Hafslo, fødd 1889?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Petra Christiansdotter Bjørkenes, fødd i Hafslo 26.12.1889, var dotter av Martha Tollefsdotter Bjørkenes (1872- ), som i 1890 utvandra til Amerika, men som skal vera avlidi der borte kort tid etter. Barnefaren var Christian Larsen "frå Christiania"!

 

Petra voks opp hjå besteforeldri sine på Bjørkenes i Hafslo (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1425&kenr=006&bnr=0033&lnr=00) og (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1425&kenr=007&bnr=0001&lnr=00), men flytte heimefrå i ung alder og skal som nemnt i innleiingi ha vore gift og busett anten i Christiania eller på Elverum!

 

Ekteskapet hennar skal ha vore barnlaust.

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til denne jenta?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne J. Engmo

Finner på gravminner ei Petra Carlsen som er født 26.12 1889,hun er gravlagt i Søndre Høland. Hun er gravlagt rad 6 nr.005,på rad 6 nr.006 er en Hartvig Carlsen gravlagt.Han er født 8 juni 1874. Her i 1910 er vel den samme Hartvig gift med ei Emma http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036383003802/

Kanskje Hartvig ble enkemann tidlig,og at Petra ble gift med ham ? Tenker i de baner siden du skriver at ekteskapet var barnløst .

Endret av Anne J. Engmo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for spennande innlegg!

 

Eg har alt kontakta Høland for å få sjekka ut denne Petra Carlsen, men eg fryktar det kan vera ei onnor. FT1910 syner nemleg ei Petra Pettersen i Høland som var fødd 26.12.1890 (http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036375004908/), og det er vel ikkje utruleg at det var ho som gifte seg med Hartvig Carlsen, men at årstalet er feil på gravstøtta?

 

Me får sjå kva svar som kjem frå Høland...

 

Elles har eg seint i aftes funne dødsdatoen til mor hennar Petra i Fargo, ND i 1920, og får eg tak i ein nekrolog, KAN den gje oss eit svar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi frå 2011, som framleis ligg uløyst hjå meg.

 

Diverre har eg ikkje greidd å finna nokon obituary for Martha «Mamie» Bjørkenes Gardner som døydde i Fargo, ND 27.2.1920.  Ho var mor hennar Petra, men utvandra til Amerika då Petra var berre nokre månader gamal, og Petra voks som før nemnt opp hjå bestemori og mann hennar på Bjørkeneset, Kroken i Hafslo.

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar det vart av Petra??

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no fått nye opplysningar som kanskje kan hjelpa spora opp denne Petra Christiansdotter, fødd i Hafslo 26.12.1889:

 

Barneborn av halvbror til mor hennar Petra hugser at besteforeldri snakka om å «reisa og vitja Petra i OSLO».

 

Dette gjev ein peikepinn om at Petra likevel må ha butt i Christiania/Oslo.

 

Kanskje dukkar ho opp i den kommunale folkjeteljingi frå 1923?  Eg ser ho ikkje der, men versjonen som ligg ute, er jo ikkje fullstendig?

 

Det hadde vore kjempebra om lagnaden til Petra kunne finnast, og eg takkar igen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er resulatet av søk på fødselsdatoen 26.12.1889 på http://www.disnorge.no/KraFt1923/sok.php - ingen Petra her så langt jeg kan se: 

 

Søkeresultat fra kommunal folketelling i Kristiania 1.12.1923

Navn Født Fødested Kj Famst Sivst Erverv Arb.giv Bosted Leil. Menighet Fil  
Bjarne Biermann Older 26.12.1889 Ø. Eker m   g Cand. jur. Schuler?? De Mekaniske Verkste Arendals gate 16 02 Sagene bunke008k
Oskar Stephanus Aass 26.12.1889 Tønsberg m   e Sanger - Skuespiller   Damstrædet 8 02 Gamle Aker bunke052k
Ragnhild Kaarbø 26.12.1889 Harstad k   ug Malerinde   Fagerborggaten 25 03 Fagerborg Bunke084k
Dagny Marie Heiberg 26.12.1889 Larvik k   g Husmor   Gabelsgate 1 01 Frogner Bunke105u
Aagot Marie Nordlie 26.12.1889 Kristiania k   ug Sykelig   Heimdals gate 23 17 Wexels Bunke139k
Severin Johansen Mellegaard 26.12.1889 Rakkestad m   !! Chaufør A/S Vikkin Kassefabr Mossegate 1 13 Sagene Bunke249k
Hedvig Ninilie Tveit 26.12.1889 Glemminge k   g Husmor   Sarpsborggate 1 09 Sagene Bunke341u
Marie Sigvarda Jespersen 26.12.1889 Bergen k   g     Uelands gate 63 29 Sagene Bunke456
Nora Louise Wiken 26.12.1889 Kristiania k   ug Bokholder   Ullevaalsveien 55 01 Gamle Aker Bunke458
Alexander Gunerius Johannessen 26.12.1889 Kristiania m   g Jernbanekontorist N. S. B. & HB Urtegaten 6 14 Wexels Bunke464k
Thorleif E. Hvosleff Horge 26.12.1889 Moss m   e Ingeniør   Eilert Sundtsgate 40 01 Uranienborg Bunke068k
Arthur William Syversen 26.12.1889 Kristiania m     Reparatør Pelerin Eriks gate 6 23 Kampen Bunke070k
Alixsander Aslaksen 26.12.1889 Kristiania m   ug Skofabrikarbeider   Bjerregaars gate 60 16 Gamle Aker Bunke024k

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

På Gravferdsetatens søkeside finner jeg en Petra Amundsen, gravlagt på Nordstrand kirkegård, men fødselsdatoen hennes er 25.12.1889:

http://www.begravdeioslo.no/maler/grav/grave_id/91124

 

Gravnr: 14.032.10.014  Nordstrand kirkegård  
Petra Amundsen
25.12.1889 - 13.11.1974
Gravlagt: 21.11.1974

 

Astrid Ødegård

24.01.1917 - 09.02.1989
Gravlagt: 16.02.1989

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye utfordrande innlegg om Petra!

 

Nei, ho er tydeleg ikkje mellom dei som du fann på DIS-Noreg si heimeside, men har du freista finna Petra Amundsen, fødd 25.12.1889?  Eg freista òpna sida, men får berre feilmelding...

 

Elles er det vel ein visse fare for at dette kan vera Petra Amundsen i 1910: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392148505

 

Ein eller annan stad må jo ogso «vår» Petra vera, og eg takkar på ny for framifrå bistand med å freista finna lagnaden hennar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Hva med denne fra beta.nb.no?

 

Min kjære hustru, vår gode mor og vår søster Petra Carlsen Lien døde idag efter et kort sykeleie, 51 1/2 år gammel. S. Høland 13-6-1941

 

Johannes, Anna og Andrea Bjørknes var vel disse:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1425&kenr=006&bnr=0033&lnr=00

 

petra.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Vielsen til Petra Larsen og Petter Hartvig Carlsen:

Nummer 7 i 1931

 

Akershus fylke, Rælingen i Fet, Klokkerbok nr. II 7 (1926-1938), Viede 1932, Side 46
Permanent bilde-ID: kb20060209030955
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060209030955
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060209030955.jpg

 

Byfogden i Oslo:

https://media.digitalarkivet.no/view/50926/298

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Augi trilla nesten ut av hovudet på meg då eg nettopp oppdaga desse fantastiske meldingane frå Sven!  Hjarteleg takk til deg for ei oppdaging som ikkje er noko anna enn GIGANTISK!

 

Petra vart oppali hjå besteforeldri Anders og Gjertrud i Bjørkeneset, og dei tre borni til Anders og Gjertrud som levde i 1941, var nettopp Johannes Bjørkenes i Sogn (1879-1947), Anna Korstad i Minnesota (1881-1978) og Andrea Bjørkenes i Sogn (1887-1945), so ingen tvil om at du endeleg har finne den so lenge sakna Petra!!

 

Men dødsannonsen reiser òg nye spørsmål:

 

** Petra er omtalt som Petra Carlsen Lien - kvar kjem Lien-namnet ifrå?

 

** Og i annonsen står det dessutan «vår kjære mor», men eg har fått opplyst at ho ikkje hadde born!  Kan det vera steborn som er meint?  Kvifor er ikkje borni namngjevne før dei tre «søskeni» frå Sogn?

 

Merkeleg!

 

Sidan Petra er utflyttar frå Hafslo, er eg no òg interessert i fleire detaljar om Petter Hartvig, foreldri hans og første kona hans...

 

Her er Hartvig i FT1910 - bygningssnikkar på Lillestrøm med kone og fem born: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036383003802

 

Og her er han i FT1900 - snikkarmeister på Østby i Fet med kone og to born: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037034002539

 

Her er første vigsli hans i Fet 12.5.1895: https://media.digitalarkivet.no/view/5511/116

 

Her er fødsli hans på Østmo i Høland 8.6.1874: https://media.digitalarkivet.no/view/6245/94

 

Her er vigsli til foreldri hans i Høland 10.6.1862: https://media.digitalarkivet.no/view/522/217

 

Og foreldri på Mo i Løken sokn, Høland i FT1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038014002822

 

Her er dei på Bakker av Mo i Høland 1875: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052042002597

 

og same stad i 1900: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037031001890

 

Fødsli til første kona Emma Karoline på Bjørndalen under Holtedal i Fet 7.3.1873: https://media.digitalarkivet.no/view/6242/85

 

Foreldri hennar på Sannerud i Fet 1875: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052045003034

 

og på Sørli under By i Fet i 1900: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037034002450

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne store «utfordringi» og vonar no at kanskje nokre fleire «gullkorn» òg kan dukka opp, som til dømes:

 

** Dødsfallet til Petter Hartvig Carlsen/Karlsen?

 

** Dødsfallet til første kona Emma Karoline?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
2415473 Hartvig  Carlsen  0806  1874  1405  1955  2105  1955    Gravminne mangler  26  006       Søndre Høland Aurskog-Høland

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=2415473

----

2415471 Petra  Carlsen  2612  1889  1306  1941  2106  1941    Gravminne mangler  26  005       Søndre Høland Aurskog-Høland

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=2415471

 

 Opplysning om dette ligger også  i # 2.

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Eg har no jobba meg igjennom det meste av huslyden til Hartvig Carlsen og første kona hans og har sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante funn av Sven er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #19 nedanfor!

 

Dei viktigaste utfordringane i denne huslyden synest no å vera:

 

** Bestemma opphavi til foreldri til Hartvig Carlsen, Casper Carlsen og Elen Marie Pedersdotter, vigde i Høland 10.6.1862: https://media.digitalarkivet.no/view/522/217

 

** Dødsfallet til første kona Emma?

 

** Definera bustadane til Hartvig Carlsen, både med første kona Emma og med andre kona Petra?

 

** Nøyaktige dødsstadar til Petra og Hartvig?

 

** Avklaring av borni til Hartvig og eventuelt Petra?

 

** Avklaring av namnet Lien nytta av Petra i dødsannonsen 1941?

 

So vil eg endå ein gong få takka for framifrå bistand for oppsporing og kartleggjing av denne huslyden, som syntes so totalt forsvunnen!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Emma Karoline, nummer 2 i 1920

 

Akershus fylke, Fet i Fet, Klokkerbok nr. I 8 (1907-1920), Døde og begravede 1920, Side 165
Permanent bilde-ID: kb20060911030032
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060911030032
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060911030032.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Andre ekteskapet for Petter Hartvig Carlsen, nummer 13

 

Akershus fylke, Fet i Fet, Klokkerbok nr. I 9 (1920-1934), Viede 1923, Side 126
Permanent bilde-ID: kb20060308050642
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060308050642
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060308050642.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Angående navnet Lien: Hartvig Carlsen overdrar skjøtet på Lien for 7000,- til Ole Olsen i 1942, så det er kanskje eiendommens navn?

lien.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Ifølge flere slektstrær på MH dør Regine Marie 9. februar 1951 i Oslo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for fleire nye interessante innlegg om denne huslyden!

 

Eg trur, Sven, at du kan ha rett med omsyn til dette namnet Lien, at det var bustaden deira i Høland.  Eg ser at Lien finst som eige bruk alt i 1910, gnr. 121, bnr. 2, tydeleg ein del av gnr. 121 Enger søndre, som har bnr. 1....

 

Elles var det interessant å slå fast at Hartvig hadde endå eit ekteskap før han gifte seg med Petra, men han må jo tydeleg ha vorte skild frå Regine Marie etter kort tid...

 

Eg finn forresten ikkje Regine Marie korkje i FT1900 eller FT1910, men eg har identifisert foreldri hennar, som eg har teke med i eit oppdatert manuskript som følgjer nedanfor, erstatning for manuskriptet i innlegg #14 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Petra Christiansdotter Bjørkenes, dotter av Martha og kolportør Christian Larsen frå Christiania, var f. 26.12.1889, voks opp hjå Anders og Gjertrud på Bjørkeneset.

Petra Larsen flytte kring 1915 til Christiania og livnærte seg der som hushaldar til ho 21.11.1931 gifte seg hjå byfogden i Oslo med enkjemannen Peter Hartvig, kjend som Hartvig Casperson Carlsen, opphavleg frå Mo i Høland.  Han var son av snikkar og jordbrukar Casper Carlsen på Bakker under Mo, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

og kona Elen Marie Pedersdotter frå Svendsrud, Evenrud

 

¤¤¤¤¤ (sjekka opphavet hennar?)

 

og f. i Høland 8.6.1874.  Hartvig gifte seg første gongen i Fet 12.5.1895 med Emma Karoline Antonsdotter frå By i Fet.  Ho var dotter av sagarbeidar og jordbrukar Anton Edvard Mikaelson på Sørli under By, opphavleg frå Vaterland i Christiania, og kona Anna Mathea, kjend som Mathea Pedersdotter frå Solia under Mork midtre i Blaker, Aurskog, og f. i Fet 7.3.1873.  Ho d. på Lillehagen i Fet 11.1.1920.  Hartvig gifte seg 8.9.1923 att i Fet med enkja Regine Marie Bernhardsdotter Pettersen, f. Gulbrandsen, opphavleg frå Strømsø, Drammen.  Ho var dotter av støyperiarbeidar Bernhard Gulbrandsen i Drammen, opphavleg frå Svenskeløkken under Jordbrekke i Skoger, og kona Kari Ingebrigtsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (f. Ål 1847 – p: Ingebret Sonderson)

 

men f. i Skoger 25.2.1873.  Ho d. i Oslo 9.2.1951, men vart skild frå Hartvig etter kort tid.  Hartvig var snikkarmeister og budde

 

¤¤¤¤¤ (bustadar? – 1900: Østby under Sanderud i Fet – 1910: Lillestrøm i Skedsmo – 1920/1931: Rælingen i Fet)

 

og sidan på Rælingen i Fet, men flytte med Petra til Lien, Enger søndre i Høland

 

¤¤¤¤¤ (sjekka bustad? – Lien synest vera gnr. 121, bnr. 2, medan gnr. 121, bnr. 1 er Enger søndre!)

 

der Petra d. 13.6.1941.  Hartvig Carlsen d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Søndre Høland!)

 

14.5.1955.  Han fekk i alt

 

¤¤¤¤¤ (talet på born? – berre frå første ekteskapet? – inkl.:

       * Arne, f. Høland 17.6.1895 – n. 1900/1910

       * Valborg, f. Lillestrøm 29.3.1900 – n. 1900/1910

       * Dagmar, f. Skedsmo 8.1.1902 – n. 1910

       * Karl, f. Lillestrøm 30.7.1905 – n. 1910

       * Petra, f. Lillestrøm 4.3.1908 – n. 1910)

 

¤¤¤¤¤ (Petra Larsen skal ifølgje slekt i Sogn ha vore barnlaus – dødsannonsen seier ho hadde born!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Av dei viktigaste utfordringane som no står att, er to av spørsmåli frå innlegg #14 løyste, og me sit att med desse fire:

 

** Bestemma opphavi til foreldri til Hartvig Carlsen, Casper Carlsen og Elen Marie Pedersdotter, vigde i Høland 10.6.1862: https://media.digitalarkivet.no/view/522/217

 

** Definera bustadane til Hartvig Carlsen, både med første kona Emma og med andre kona Petra?

 

** Nøyaktige dødsstadar til Petra og Hartvig?

 

** Avklaring av borni til Hartvig og eventuelt Petra?

 

Eg takkar på ny for kjempefin bistand med å løysa denne floki og vonar på fleire «gullkanta» opplysningar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 38 er trolig første mannen til Regine

 

Buskerud fylke, Bragernes i Bragernes, Ministerialbok nr. II 10 (1911-1922), Døde og begravede 1918, Side 400
Permanent bilde-ID: kb10040805190384
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10040805190384
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040805190384.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for dei siste innleggi som gjev oss oversyn over Regine og første mann hennar med born.

 

Det er kjekt å ha dette som bakgrunnsinformasjon, men det trekker sjølvsagt for langt for meg å gå i detalj på dei...!

 

Ein ny kjempetakk til deg, Sven, for framifrå innsats for å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vll no til jul få henta fram att denne saki som har lege i «dvale» sidan mai.  Status er framleis identisk med manuskriptutsnittet i innlegg #19 ovanfor, og spørsmåli er dei same som der er oppgvjevne...

 

Det ville vore ei kjempemessig julegåve for meg om nokon greier finna svar på nokon av desse spørsmåli, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

 

God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Dåpen til Casper Carlsen, nummer 55

 

Akershus fylke, Løken, Hemnes, Setskog i Høland, Ministerialbok nr. I 8 (1827-1845), Fødte og døpte 1837, Side 71
Permanent bilde-ID: kb20061030040507
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061030040507
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061030040507.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Dåpen til Elen Maria Pedersdatter, nummer 11

 

Akershus fylke, Løken, Hemnes, Setskog i Høland, Ministerialbok nr. I 8 (1827-1845), Fødte og døpte 1836, Side 61
Permanent bilde-ID: kb20061030040497
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061030040497
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061030040497.jpg
 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.