Gå til innhold
Arkivverket

Dødsmelding Kinn kr. 1835


Recommended Posts

Det finnes skifte etter Bendik Mortensen Kind i 1835 i Brandsøy Tinglag.

 

Eg finn derimot ikkje noko registrering av dødsfallet i kyrkjeboka.

 

Finnes det noko dødsmelding frå lensmannen i Kinn, og kva står det evt. der.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Egil,

 

Dette har eg fått svar på tidligare;

 

"Bendik Mortensen, skifte 3. november 1835, enke Rakel Larsdatter, barn Annanias, Morten, 9 år, Elisabet, 18, Helge, 15." (Yngve Nedrebø, SAB / DA)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for engasjementet Gisle, men skifte har eg for så vidt kontroll på.

 

Det er omstende kring dødsfallet og dødsdatoen som eg er på jakt etter.

 

I skifte tolkar eg det til å være ein henvisning til datoen 21. juni, men om dette er dødsdato eller noko anna klarer eg ikkje å tolke. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 18 , 1828-1836, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: EDB-register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24208/446/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127640447.jpg

 

-------------------

 

Det er difor eg håpar at dødsmeldinga frå lensmannen kan gje svar på dådsårsak om dødsdato.

 

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har dessverre ikke dødsmeldinger fra lensmennene i Sunnfjord før 1853.

 

I skifteprotokollen står det "den den 20. juni (1835) d.S. her Afdøde Forpagter" Bendix M. Kind.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Egil!

 

Eg kan dessverre ikkje hjelpe deg med det du spør om. Men det hender at dei som kom vekk på sjøen og ikkje blei gravlagde, manglar i kyrkjebøkene. I dette tilfellet blir det jo berre hypotetisk, men eg har eit døme på det frå 1882, éin av tippoldefedrane mine. Der visste ei dotterdotter at han drukna samtidig med ein son, som blei funnen, slik at dødsdatoen finst.

 

Helsing Torodd

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldingane Yngve og Torodd. Det hadde vore artig om nokon visste kva "d.S" stod for.

 

Eg ser at Karen Madsdotter Kinn omkjem ved kullseiling den 20. juni. Kan det ha ein samanheng?

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Døde og begravede 1835, side 44.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11535&idx_id=11535&uid=ny&idx_side=-113

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620550.jpg

 

 

Bendik sin eldste son Ananias Bendiksen Kinn fekk ein liknande skjebne som det som då mest truleg har skjedd med Bendik.

Ananias kom bort på havet 26. februar. Fire månadar seinare, den 26. juni, blei liket funne og han blei gravlagd den 27. juni, og dermed er han komen i kyrkjeboka.

 

Yngve: Kan det stå noko spennande i dødsmeldingane om Ananias Bendiksen Kinn?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur "d.S." kan stå for "det Samme", dvs. same år.

 

Det er jo veldig vanskeleg å lese den skanna skifteprotokollen, men så vidt eg kan sjå er det skifte etter Karen Madsdtr. samtidig. Og dersom ho drukna i kollsigling 20. juni og mannen døydde same dag, er det vel høgst sannsynleg at han drukna samtidig og ikkje blei funnen.

 

Helsing Torodd

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut som om dette kan være ein riktig tanke Torodd.

 

No var Karen Madsdotter kona på nabobruket, og ikkje kona til Bendik, men kanskje dei skulle gjere eit ærend i lag ein laurdagskveld.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, eg ser jo no at eg har blingsa ... To ulike skifte på Kinn, eg såg berre på det eine. Fort og gæli. Men som du seier, Egil, kan det likevel hende at Bendik og Karen drukna samtidig, og at han ikkje blei funnen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inntil nokon skulle finne noko betre, så får vi ha det som eit utgangspunkt at han truleg døde av drukning den 20. juni 1835.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.