Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Olson Bjelland (1858-1893?) - frå Fitjar til Bergen - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg finn denne huslyden som leiglendingsfolk på garden Stokken søndre på Fitjar i 1865:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Amundsen, Husfader, g, Leilænding, 1830 Fitje Præstegjæld

 

Kari Thorsdatter, hans Kone, g, 1836 Stordøens Præstegj

 

Ole Olsen, deres Søn, ug, 1858 Fitje Præstegjæld

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne sonen Ole Olson gifte seg i Bergen 3.1.1890 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=17&filnamn=vigd1816&gardpostnr=14673&merk=14673#ovre) med Elisabeth Andersdotter (Veberg), fødd i Hafslo 24.12.1863. Dei budde i Bergen.

 

Ole Olson skreiv seg for BJELLAND og livnærte seg som jekteskipper, men skal vera avliden alt kring 1893, utan at eg kan finna dødsfallet hans registrert i Bergen.

 

Elisabeth gifte seg att i Bergen 5.2.1898 med Endre Andreas Endresen frå Finnås.

 

Eg finn konfirmasjonen til Ole Olson på Fitjar i 1873 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=116&uid=18078&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1), og her er Stokken søndre retta til BJELLAND.

 

Og her er vigsli til foreldri på Stord 27.12.1857 - Ole frå Stokken søndre og Kari frå BJELLAND nordre (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8303&idx_id=8303&uid=ny&idx_side=-242)!

 

Eg har følgjande problem med denne huslyden, som eg vonar at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg å løysa:

 

* Er det rett å seia at Ole Olson voks opp på Bjelland? I so fall, kva gjorde foreldri hans der? Var dei gardbrukarar eller plassfolk eller kva? Eg finn ikkje Bjelland som eigen matrikkelgard under Fitjar, noko som kan tyda at Bjelland var ein husmannsplass under ein annan gard, kan henda Stokken søndre? For etter at Fitjar i 1862 vart utskilt frå Stord, låg vel Stokken søndre under Fitjar, medan GARDEN Bjelland nordre høyrde til Stord...

 

* So er det spørsmål om nokon har synspunkt på kvar Ole Olson Bjelland kan ha vorte av? Dødsfallet hans? Han og Elisabeth fekk tre born: Olga Konstance (1890), Klara Alida (1892) og Olaf (1893).

 

* Kan nokon med lokal kunnskap fortelja meg kva gard/plass på Fitjar Ole Amundson hadde opphavet sitt ifrå?

 

* Og kan nokon fortelja meg kva gard/plass på Stord Kari Thorsdotter hadde opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Roger Fossum

Hei Lars,

 

Kari Thorsdatter ble født den 27 Sep. 1836 på Bjelland på Stord. Hennes foreldre var Thor Svendsen og Margrethe Olsdatter.

http://www.arkivverk...y&idx_side=-101

 

 

Faren Thor har nok giftet seg på nytt med Sissela Olsdatter, 1865 tellingen:

http://www.digitalar...&merk=1316#ovre

 

I 1875 tellingen bor Thor på Bjelland,

http://www.digitalar...9&merk=749#ovre

 

Mvh Roger Fossum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Roger Fossum

Hei igjen,

 

Ole Olsen ble født på Bjelland Nordre på Stord den 19 Mars 1858:

http://www.arkivverk...y&idx_side=-126

 

 

Ole Amundsen ble født på Søre Stokken på Fitjar den 20 Mai 1830. Hans foreldre var Amund Amundsen og Margrethe Olsdatter:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11675&idx_id=11675&uid=ny&idx_side=-51

 

Mvh Roger Fossum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Roger for fleire spennande og nyttige innlegg om Ole Bjelland og huslyden hans! Då er i alle fall opphavet til denne huslyden "på plass"...

 

Men når det gjeld lagnaden til Ole Olson Bjelland, er me nok like langht. Eg har tidlegare freista finna ut av fleire slike skifteattestar, men so vidt eg har forstått, er dette dokument som det ikkje finst kopier av, og dei vart som regel ikkje skrivne før det var naudsynt å nytta..., til dømes ved oppattgifting...

 

So dødsfallet hans Ole Olson Bjelland er eit mysterium...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×